Br. dokumentarserie. Eventyraren Ben Fogle skal denne gongen bu med Jon Watkinson. Han er berre 31 år gamal, men har allereie forlate forretningslivet for eit liv med mykje fysisk slit og få eigedelar. Han bur i ei handlaga bambushytte på ei fjerntliggande jungeløy, gøymt på Mekongelva i Laos. Her får Ben vere med å grave grøfter, vaske seg i elva og fange froskar til middag. Han får også sjå korleis lokalsamfunnet har teke imot Jon og gjort han til ein av sin eigne. (Where The Wild Men Are: Mekong River, Laos) Sesong 3