Br. dokumentarserie. Ben Fogle møter dei 72 år gamle tvillingane Bill og Bob Stone. Dei halvville brørne bur i hjartet av det ville vesten, i ein avsides canyon i Utah. Ben får vere med dei å handtere kyr, klatre i fjell og overnatte i ei hòle. Ein av tvillingane overtalar til og med Ben til å hoppe i fallskjerm. Han får også vite meir om kvifor dei valde å ta avskil med sivilisasjonen. Ein gong var dei fallskjerminstruktørar, politiinformantar og dusørjegerar. I dag er dei økologiske bønder og lever i trua på at dei skal overleve dommedag. (Where The Wild Men Are: Utah) Sesong 3