Br. serie. Kva kan vi gjere med alt avfallet vi produserer? Karl blir med Julio, som fjernar søppel frå pumpene i eit kloakkanlegg i Mexico. Seinare møter han Richart, som har bygd ei flytande øy på tusenvis av gamle plastikkflasker. I Nord-Carolina serverer Alan dyr som har vorte drepne i trafikken, og i Los Angeles får Karl sjå resultatet av alvorleg samlemani. Han møter også Jeff, som har alt anna enn samlemani. Han bur i ein avfallskonteinar, der han har fått plass til alle eigedelane sine. Til slutt reiser Karl til Tyskland, der ei gruppe musikarar lagar sine eigne instrument av gamalt skrap. (The Moaning of Life: Waste) Sesong 2 (5:6)
Se også
Mer informasjon
Tilgjengelig fra:14. juni 2018 kl. 18:59
Tilgjengelig til:21. juni 2018 kl. 19:44
Tilgjengelig i:Norge
Aldersgrense:6+
Produksjonsår:2015
Lengde:44 minutter
Originaltittel:The Moaning Of Life ,Season 2 - Waste