Journalisten Ivar blei til artisten Ravi, som laga sitt eige pop-språk. Når han såg sine eigne tekstar på trykk, blei bokmålet berre tåkeprat. Eit vanleg fenomen, også blant våre folkevalde. Og kva seier politikarane når dei ikkje vil svare på spørsmål? Politisk kommentator Magnus Takvam har mange års trening i å tolke svada.