Br. dokumentarserie. Jordkloden er full av fargar. Tenk berre på regnbogen, havbotnen og mennesket sjølve. Men kva er fargar, korleis fungerer dei og kan dei fortelje historia om planeten vår? Doktor Helen Czerski reiser til California for å lære meir om den kvite fargen til solljoset med verdas største sol-teleskop. Ho oppdagar også korleis den djupaste blåfargen kjem frå svovelatomar djupt under jordoverflata, og kvifor raud oker er eit nøkkelteikn på liv. (In Search of Colour: Earth Colour) (1:3)