Br. naturserie. Det har gått seks månader sidan naturfotografen Charlie kjøpte seg eit stykkje regnskog i Peru. Planane hans om å verne naturen ligg i grus. Kona Phillipa kjem på besøk frå England, og dei to reiser inn i skogen for å sjå etter sjeldne artar. Charlie involverer seg etter kvart meir i liva til naboane sine. Ofte har dei valet mellom å verne skogen og å gje barna sine ei utdanning. Han får også sjå konsekvensane av illegal gullgraving, og han bestemmer seg for å bli betre kjent med Elias, mannen som bur ulovleg på jorda hans. (I Bought a Rainforest) (2:3)