Br. naturserie. Naturfotografen Charlie Hamilton James har kjøpt 400 mål regnskog i Peru, usett. Han vil fotografere dyr og kjempe for å verne meir av skogen. Men landet han har kjøpt, viser seg å vere åstad for ein kokaplantasje og illegal tømmerhogst. Der finst også nokre åkrar med øydelagde avlingar. Charlie har mykje å lære om folk og liv i regnskogen før han kan finne ut korleis han best kan hjelpe til med å verne miljøet. (I Bought a Rainforest) (1:3)