Br. naturserie. Oppdag dei underlege og vedunderlege måtane dyr av ulike artar går fram på for å finne ein make: frå ekstrem flørting mellom aper til alligatorar som syng ein av dei eldste kjærleikssongane i verda. Du kan også møte orangutangen som valde ein veldig moderne måte å finne sin utkåra. Lenge trudde vi at dyr ikkje hadde dei same kjenslene som oss, men ny vitskap sår tvil om sanninga i det. Liz Bonnin treffer menneske som har vigd liva sine til å studere forhold mellom dyr. (Animals in Love) (2:2)