Kva er det med desse dialektane her i landet? Korfor vekker dei så sterke følelsar i oss? Yasmin Syed møter Eirik Høyme Rogn, som bur i eit område i dialektkrise. For same kor mykje valdresdialekt foreldra og besteforeldra snakkar, så høyrest barna ut som om dei kjem frå Oslos beste vestkant. Held dialektane våre på å døy ut? Kva kan Eirik og dei andre gjera for å bevara dialekten? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (6:6)