Kva er det med desse dialektane her i landet? Korfor gjer dei oss så glade og stolte, og samtidig så sinte og såre? Programleiar Yasmin Syed prøver å finne ut kor spesiell tilstanden i dialektriket Noreg eigentleg er og blir dratt inn i ein dialektgalskap ho ikkje visste om. Kan det bli for mykje av det gode? Forstår me kvarandre? Norsk serie om nordmenn og dialektar. (1:6)