Br. serie. Harry har kome over sjokket etter at Rebecca sa ho var forelska i han, men no lurar han på om ikkje ambisjonane om å bli pilot må kome føre kjærleiken. Rebecca har meir enn eit skrantande forhold å tenkje på. Ho uroar seg for utsjånaden sin, spesielt fordi ho har kviser. Louisa og Jake har vore saman i nesten eitt år og ser fram til ei lang og lukkeleg framtid saman. Men eit helseproblem kan også bli ei utfordring for forholdet. Følg ei gruppe britiske vener det året dei fyller sytten. Dei har gjeve tilgjenge til alt dei gjer på telefonane sine - kvar tekstmelding, tweet, video og samtale. (Secret Lives of Teens) (4:6)