Br. serie. Verken James eller Shauna har hatt forhold til nokon enno, og dei er begge ukyssa. Dei skal ha sitt andre stemnemøte. Men har dei ei framtid saman? James ber om råd frå dei næraste venene sine, sjølv om dei ikkje har meir erfaring enn han sjølv har. Melissa har nett mista jomfrudomen til ein som dumpa ho rett etterpå. Men når ho endeleg finn ein gut som ikkje masar om sex, risikerer ho å miste han gjennom å kysse ein annan på fest. Følg ei gruppe britiske vener det året dei fyller sytten. Dei har gjeve tilgjenge til alt dei gjer på telefonane sine - kvar tekstmelding, tweet, video og samtale. (Secret Lives of Teens) (3:6)