Br. serie. Å vere tenåring har aldri vore enkelt, men sosiale medium har auka presset på ungdomar meir enn nokon gong. Følg ei gruppe britiske vener det året dei fyller 17 år. I tillegg til å la seg følgje av kamera, gjev dei oss tilgjenge til alt dei gjer på telefonane sine - kvar tekstmelding, tweet, video og samtale. Harry blir forvirra når ei jente han har møtt på Twitter, blir forelska i han. Shauna ventar på sitt første kyss, men er meir opptatt av tru enn kjærleik. Vågar ho å svare når ein gut ringer? (Secret Lives of Teens) (1:6)