Br. serie. Ungdomane har mange viktige eksamenar dei må førebu seg til. David lar seg lett distrahere. Draumen om å bli fotballspelar stel mykje tid, og han treng ein jobb. Men om han ikkje snart konsentrerer seg om skulen, kan det hende han blir kasta ut. Lydia er heilt bestemt på å flytte heimanfrå for å begynne på universitetet. Ho legg mykje press på seg sjølv, og har tidlegare vore deprimert. Når eksamen nærmar seg, kjem angstsymptoma tilbake. Harry slit med å halde oppe motivasjonen. Følg ei gruppe britiske vener det året dei fyller 17 år. Dei har gjeve tilgjenge til alt dei gjer på telefonane sine - kvar tekstmelding, tweet, video og samtale. (Secret Lives of Teens) (6:6)