Br. serie. Ryan bur avsides, så alt han ynskjer er å kunne køyre bil og ha eit sosialt liv utan å måtte vere avhengig av foreldra sine. Men ikkje lenge etter at han har fått sertifikatet, krasjar han bilen. Georgia er ein lovande idrettsutøvar, men når ho skal ta steget opp i aldersklassane, blir presset større. Når skulen også krevjer sitt, må ho velje kva ho skal satse på. Katie lukkast med det meste: Ho er sporty, populær og smart. Men kan ho ha tatt på seg for mykje? Følg ei gruppe britiske vener det året dei fyller 17 år. Dei har gjeve tilgjenge til alt dei gjer på telefonane sine - kvar tekstmelding, tweet, video og samtale. (Secret Lives of Teens) (5:6)