Br. dokumentarserie. Vi følgjer 12 nye studentar den første tida ved Leicester University. Korleis stemmer oppdateringane deira på sosiale medium med det dei verkeleg opplever? Josie har over 1000 vener på Facebook, men liker likevel ikkje å forlate venene heime for å begynne og studere. Aiden er mest opptatt av festing og damer, og skryter på WhatsApp om det etterpå. Lauren drikk ikkje alkohol og uroar seg for om ho vil finne seg til rette på universitetet. (The Secret Lives of Students) (1:4)