Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
5. Sauøya på Trøndelagskysten
Norsk dokumentarserie. - Vi lever under fattigdomsgrensa, men det er ikkje mangel på pengar som er største problemet vårt. Vanskane som vi har møtt hos styresmaktene, er verre, seier Tommy Rodahl. Saman med kona sa han farvel til bylivet og flytte til eit avfolka fiskevær langt vest i havet. No er dei to blitt fire, fortel programleiaren, Oddgeir Bruaset. Sesong 1 (5:6)
29 min
Sesong 1
2002
Sesong 1 6 episoder
-
1. Sulabakk på SunnmøreNorsk dokumentarserie. Nils Storås har levd det meste av livet oppe på småbruket Sulabakk, den einaste veglause garden som framleis er busett på Sunnmøre. Som sunnmøring er han sparsam, nøysam og oppfinnsam, og målet er å vere sjølvhjelpt. For å greie det har han laga dei merkelegaste hjelpemiddel. Nils Storås er full av påfunn og humor, og mest av alt ler han av seg sjølv. Men på botnen ligg alvoret. Programleiar: Oddgeir Bruaset. Sesong 1 (1:6)29 min
-
2. Sylen i EngerdalNorsk dokumentarserie. Skal Eva og Kjell Ryvang reise heimanfrå, lyt dei fare om Sverige. Heimen deira ligg i enden av eit seks kilometer langt vatn, som er halvt svensk, halvt norsk, og vatnet er einaste farbare vegen til og frå Sylen. Men vår og haust, når isen er utrygg, er folket i Sylen isolerte frå omverda. Like fullt var det hit inn dei ville, etter å ha fått nok av stress og jag i byen. Oddgeir Bruaset har møtt familien Ryvang, som har turisme som livsgrunnlag. Sesong 1 (2:6)29 min
-
3. Finden i SognNorsk dokumentarserie. - Her er eg brend fast, seier Lars Finden, bonde på strandgarden Finden i Finnafjorden i Sogn, dit Oddgeir Bruaset tek oss med denne gongen. Ei tid levde det seksti menneske i den vesle grenda, no er Lars Finden åleine att, saman med to mindreårige born. Her lever han av geitehald og turisme, og han greier seg bra. Men næraste grannen er ein halvtimes båttur unna. Sesong 1 (3:6)29 min
-
4. Kjeåsen i HardangerNorsk dokumentarserie. Kjeåsen ligg på ei fjellhylle, 530 stupbratte meter over Hardangerfjorden. Den gamle stien til gards var så vanskeleg å gå at halvparten av dei som prøvde seg, gjorde vendereis. Hit opp kleiv også oslojenta Bjørg Wiik. Ho ville ta seg av tanta si, den siste som levde att oppe på fjellhylla. Men etter at tanta døydde, vart Bjørg verande. Ho hadde oppdaga at Kjeåsen hadde noko som storbyen aldri kunne gje henne. Oddgeir Bruaset har møtt kvinna som framleis bur på Kjeåsen, åleine og i ein alder av 70 år. Sesong 1 (4:6)29 min
-
5. Sauøya på TrøndelagskystenNorsk dokumentarserie. - Vi lever under fattigdomsgrensa, men det er ikkje mangel på pengar som er største problemet vårt. Vanskane som vi har møtt hos styresmaktene, er verre, seier Tommy Rodahl. Saman med kona sa han farvel til bylivet og flytte til eit avfolka fiskevær langt vest i havet. No er dei to blitt fire, fortel programleiaren, Oddgeir Bruaset. Sesong 1 (5:6)29 min
-
6. Trodla-Tysdal i RyfylkeNorsk dokumentarserie. - Eg vil bruke hendene mine til noko anna enn å flytte papir, sa stavangerguten Kjell Michelsen til seg sjølv. Så vende han kontoret og bylivet ryggen, flytte til Trodla-Tysdal, skifte namn og kalla seg Kjell Tysdal, og vart sauebonde og turistvert. Kona lét seg overtale til å bli med, dei fekk to jenter, og alle finn seg vel til rettes. Oddgeir Bruaset har besøkt familien som lever på den mest avsidesliggjande garden som framleis er i drift i Rogaland. Sesong 1 (6:6)29 min