Line har barneveke og snik med seg Kasper i huset, men får dårleg samvit. Kan ho ha framande heime når barna søv like ved sida av? Det blir etter kvart vanskeleg for Line og Martin å dele hus, og Martin prøver å vinne ho tilbake før det er for seint. Søstera Maja har møtt ein mann som ho meir enn gjerne vil vise fram for familien. Han er ikkje like klar for det, og planen hennar går ikkje heilt som ho hadde håpa. Line og Martin lever det perfekte livet. Men kjærleiken er i ferd med å ta slutt, så Line bestemmer at dei skal skiljast som vener. Med: Peder Plaugborg, Maria Rossing, Katrine Greis-Rosenthal mfl.