Da. dramaserie. Emil må betre forholdet til Frederik for å få Melody heim til seg, og går med på å hjelpe dei unge kunstnarane. Handlingane deira tvingar alle på garden til å velje kva side dei vil stå på. Aksel får eit freistande jobbtilbod i utlandet, og Signe, som tenker på å stifte familie, veit ikkje heilt korleis ho skal reagere. Med: Trine Dyrholm, Carsten Bjørnlund, Lene Maria Christensen m.fl. Sesong 3 (6:9)