Når Samuel døyr i eit bilkrasj, finn mora fleire sider av sanninga i minna til dei som sto nærast. Basert på suksessromanen til Jonas Hassen Khemiri. Svensk dramaserie.
Ein ung mann døyr i bilulykke og verda til mor hans rasar saman. Då ho får greie på at det kanskje ikkje var ei ulykke likevel, blir ho besett av å få greie på sanninga: Kvifor døydde den 25-årige sonen hennar? Dette leier henne til dei to personane som stod Samuel nærast før han døydde. Hans beste ven Vandad, ein valdeleg smågangster med ei stor hemmelegheit, og Laide, ein framgangsrik forretningsadvokat. Då dei fortel sine to versjonar av sanninga, framtrer eit bilde av ein relasjon der Samuel står mellom to sterke motpolar - ein dragkamp med konsekvensar for alle innblanda. Svensk dramaserie med m.a. Pernille August. (1:3)