Copyright (C) NRK

Gamlingen.

Staden for stillheit
og samvær med andre.

Staden bortanfor.

Skilt av eit plankegjerde
frå motorvegen.

Stresset. Bråket.
Og jaget mot det moderne.

Bassenget
som den livgjevande kjelda.

Det utfordrar rørsler og blod,
set oss i bevegelse.

Det reinsar kropp og sjel
med ord og gjerningar.

Eg tenker ikkje så mykje.
Det liker eg.

Du koplar ut og ligg der og padlar.
Så vandrar vel tankane litt.

Eg veit ikkje kor tankane har vore.

-Det roar sjela.
-Eg forsvinn i vatnet og rytmen.

-Me treng det for å vakne.
-Vektlaus og lett. Rytmisk.

Eg går inn i meg sjølv,
og det blir stille og roleg.

Av og til syng eg litt høgt.

-Hallo!
-Kva er det du har for noko?

-Segway.
-Segway?

-Cash.
-"Cash is king."

-Inntil lyset. Korleis går det elles?
-Heilt flott. Eg har vore litt sløv.

Eg har ikkje vore her ofte nok.

Ei vanleg folkeleg forsamling, som
av nødvendigheit må vere demokratisk.

Fordi me er nesten utan klede, -

- og hemningslaust
stiller ut våre skavankar.

Og det er greitt.

-Har du hatt det bra?
-Ja, men eg fekk ei sjokkmelding.

-Kva er gale?
-Ein av mine beste venner fall om.

Eg blir galen av ting som skjer,
så me må ta vare på kvarandre.

Det er som ei vitamininnsprøyting
å komme hit og løyse opp spenningar.

Me deler gledene og sorgene
til kvarandre.

Pladreplass, sveittestadion,
kondisjonsarena.

Samvær som balsam for sjela.

Utfordrar rørsler og tankar.

Det reinsar kropp og sjel
med ord og gjerningar.

Fordi låtten ligg under heile tida.

Og der me blir nedjekka
av dei som seier det dei meiner.

Arvid seier du er ferdig mobba
når du går herifrå!

Ha det bra!

Eller fordi dei som held kjeft,
er kloke av røynsler og år.

Nokon lukkar døra
og blir borte. Stilt.

Som Armand, Gudvin og Charles.

Etterlèt seg spørsmål eller uro.

Kven er den neste?

Dei fleste kjem tilbake
dag etter dag.

Blir verande i det skapande felt av
menneske som ler saman og bryr seg.

Verdas sunnaste mann, Per.
Hjartet.

Han døydde laurdags morgon.
På sjukehuset.

Eg sat i badstua,
og så var det to som kjekla.

Den eine var Arbeiderpartiet,
den andre var Venstre.

Ein mann som sat der, dempa
dei ned litt, så det blei harmonisk.

Det er trongt, -

- men med rom for alle menneskelege
utgåver av lekam og sjel.

Jo mere vi er sammen ...

Her, saman i badstua,
kvinner og menn.

Me samlast for å drøfte store og små
saker. Innanfor riket og utanfor.

Og for å løyse livets
små eller store spørsmål.

-Ein gjeng med rasistar.
-Har ingenting med saka å gjere!

Det er det det svenske folket vil ha!

"Wir haben doch eine schöne,
wunderbare Leben in Gamlingen."

Måndag, tysdag, onsdag, torsdag ...
Me er lykkelege!

Heile veka lang!

-Meg og Thomas skal ikkje ha barn.
-Berre vent.

Når ein blir forelska, er det berre
ein ting i hovudet: formeire seg.

Og på varme dagar tyt ungane fram.

For å bli velsigna
med vatn i friluft. Midt i byen.

I bassenget ...

Det som bind oss saman,
er vatnet.

Livsens vatn. La seg søkkje i vatn,
røre seg i vatn og gli i vatn.

Bli rein.

Det er bibelsk. Mindre skal
ein ikkje gjere det i Stavanger.

Under den opne himmelen.

Eg var her for første gong
for 57 år sidan.

Har gått her jamt og trutt
fem gonger i veka dei siste 25 åra.

Det er eit sosialt miljø her
som held mange folk oppe.

Det er ikkje berre svømmebiten,
men det er eit unikt miljø her.

Eg var her første gong som lita.
Eg bada her då eg var barn.

Kan ikkje tenke meg at neste gong
eg kjem, så er bassenget tomt. Dødt.

Det er litt rart òg.
Eg lærte å svømme her i 57-58.

Eg får meg ikkje til å bade.
Det blir litt for trist.

Eg tenker på alle dei fine folka
som har gått her oppe.

No er det ikkje meir.

Takk for alt du gav oss,
Gamlingen, -

- og me har fått.

Eit enkelt hus.

Med ei menigheit
prestane hadde misunnt.