Copyright (C) NRK

Tysdag kveld i Aust-London.

Eg skal treffe nokre unge menn
som er glade i ulovlege hundar.

Snakkar eg med Alan?
Dette er Stephen.

Rett fram, første til venstre
og inn gjennom porten.

Det siste tiåret er 26 menneske
i Storbritannia drepne av hundar.

For 25 år sidan kom kamphundlova,
som forbyr fire typar hundar.

Den mest kjende er pitbullen.

Lova skulle motverke
dei mange hundeåtaka, -

- men problemet har aldri vore større.

Eg vil vite kvifor problemet aukar,
og om det er hundane si skuld.

Norske tekstar: Britt Høyland

Trass i at dei er ulovlege, går
likevel mange pitbullar under radaren.

I løynd møter eg nokre menn
med hundar som har angripe menneske.

Somme ønskjer å vere anonyme.

-Kva for stad er dette?
-Ein mekanikarverkstad.

Vi brukar han som samlingsstad.
Her treffest vi og røykjer marihuana.

-Har du alltid hatt kamphundar?
-Bulldogg eller mastiff.

Dei kan vere farlege.

"Reece" er frådømt retten til å ha hund
i ti år fordi hunden hans gjekk til åtak.

Reece
Det var ille.
Dei tok hunden og avliva han.

I tillegg blei eg arrestert.

Reece sat 30 månader i fengsel
for å ha ein hund som er ulovleg.

Eg fekk hunden då eg var tenåring.
Då var det populært å ha slike hundar.

Som blandingshund trudde eg ikkje ho
var ulovleg. Ho var jo ikkje rein pitbull.

Men ho vaks seg ganske stor, og ho
hadde styrken til å angripe om ho måtte.

Tre av desse hundane er lovlege,
men Coco er fullblods pitbull, og ulovleg.

John
Eitt knips frå meg,
og ho bit ballane av deg.

No blir eg nervøs,
for i stad snuste ho meg i skrittet.

Det er poenget med å ha ein slik hund.
At ho kan angripe.

-Korleis lærte du henne det?
-Med det du held i.

Hald fast.
Kom igjen.

Ver flink no. Hald fast.
Hald fast!

Kom igjen no!

Flink jente!

Eg vil ikkje ha ein hund
som ikkje er nyttig i ein tøff situasjon.

Det har hendt eit par gonger
at hunden har redda meg.

Hunden må passe til det livet ein lever.
Er ein ofte i situasjonar ...

Eg er inga fin lita berte som trippar
nedover gata med ein chihuahua i veska.

Då hadde eg nok hatt
eit litt anna inntrykk av deg.

Men kvifor har John
ein hund som er forboden?

Der eg bur i Sør-London,
finst det gater ein held seg unna.

Når folk ser dette store hundehovudet,
tenkjer dei seg om to gonger.

Det er meir til forsvar.

Han gjer jobben. Eg bryr meg ikkje om
utsjånaden, men personlegdomen.

-Men du må vere ansvarleg ...
-Det er eigaren som kontrollerer hunden.

Du kan ikkje ha ein slik og tru
at du kan bruke han som eit våpen.

Hunden er eit kjæledyr. Vel hunden
å forsvare deg, ligg ansvaret hjå han.

Men får du hunden til å angripe,
er det du som ber ansvaret.

-Ho ser jo ut som ein golden retriever.
-Nesten.

Bortsett frå den raude nasen.
Han røper deg, elskling.

Ho er det snillaste vesen du kan
tenkje deg — til du kjem på kant med meg.

Pitbullterrieren kjem opphaveleg frå USA
og blei alt opp til hundekampar.

Ein annan kamphundrase
er Staffordshire bullterrier.

Dei stammar frå hundar som blei brukte
i kamp mot kvegoksar, såkalla bullbaiting.

Der eg vaks opp i Aust-London,
var det mange som hadde slike hundar.

Stephen Manderson
Ein slik oppvekst er tøff. Ein må
prøve å halde på eit maskulint image.

Verkar ein svak, blir ein plaga.

På ein slik stad
betyr det noko heilt anna enn erting.

Spesielt etter kvart som
ein blir innblanda i ting og blir eldre.

Eg har motstridande kjensler.
Eg vil òg at hunden min skal forsvare meg.

Men likevel hissar eg
ikkje hunden opp til å bite i dekk.

Eg har ingen kommando for ...

Eg kan forstå
kvifor dei vil ha slike hundar.

Men her i landet har slike hundar
forårsaka tre dødsfall dei siste to åra.

Dagen etter viser John meg kvar ein
av pitbullane hans angreip ein person.

Med seg har han ein annan hund.

-Det var her det skjedde?
-Ja. Her pla vi halde til.

-Du budde her òg?
-Då eg var heimlaus.

-Kor lenge budde du her?
-Halvtanna år.

-Kva skjedde?
-Det var ein som budde i husvogna.

Han var ettersøkt av politiet.

Vi likte det ikkje
og hadde prøvd å få han bura inn.

Eg var inne i tunnelen og jobba på ein bil
då eg høyrde bråk, så eg sprang ut.

Og ein annan fyr som var her,
slost med to svære karar.

Hundane sprang rundt dei.

Eg høyrde roping og såg
kva som skjedde. Det var ikkje ...

-Kva for skadar var det snakk om?
-Det var berre kjøtsår. Ikkje livsfarleg.

Men ein av karane
fekk nesten øyret bite av.

Og den andre fekk armen flerra opp.

-Her ser du sida av øyret hans.
-Der er øyret hans, ja. Fy!

Det er ein forferdeleg skade.
Og eg er ikkje stolt av det.

Eg har ikkje tenkt å glorifisere det.

Men hunden gjorde det han skulle,
etter mi meining.

Han såg at eigaren kunne bli skadd,
og tenkte: "Det kjem ikkje på tale."

Kvifor skal ein hund bli straffa for det?

-Er du redd for å setje hunden i fare?
-Ved å ha ein hund som gjer jobben sin?

Folk har alltid hatt hund
for å bruke dei til jakt og slikt.

Gjetarhundar blei opphaveleg
brukte for å skremme vekk ulvar.

Difor er rottweilerar
eigentleg gjetarhundar.

Nei. Hunden er der for å gjere ein jobb.
Elles bør ein ikkje ha hund.

Bileta av øyret var temmeleg ekle.

Men eg venta meg noko endå verre.

Tre hundar med dei instinkta
og den styrken slike hundar har ...

Ein bør ikkje oppmuntre slik framferd
hos hundar som kan valde slik skade.

Då er det alltid
ein sjanse for at dei angrip, -

- eller at dei vil reagere slik
i ein gitt situasjon.

Hundar er lojale og beskyttande.
Å oppmuntre til slik framferd -

- gjer det nok meir sannsynleg
at det vil skje. Det er ikkje bra.

At hundar som han eller kompisen
har hatt ansvar for, har angripe folk, -

- har ikkje vore nokon fordel,
verken for dei eller hundane.

Dei som oppmuntrar til aggressiv framferd,
styrkjer hundane sitt dårlege rykte.

Dei fleste som eig kamphundar,
som eg, blir sette i same bås.

Eg har
ein Aylestone Old Tyme engelsk bulldogg.

Reaksjonane til folk varierer.
Det kjem an på kva dei veit om hundar.

Enkelte seier: "Lenge sidan
eg såg ein slik!" Det er få av dei.

Andre trur han er ein pitbull.
"Du må få avliva den hunden!"

Ein blir van med fordøminga.

Men enkelte rasar og eigarane deira
har eit ufortent dårleg rykte.

Det er ofte små hundar som spring bort til
han og byrjar å bjeffe og lage problem.

Han er grei!
Kom hit, Arthur!

Ein har ofte eit stereotypt syn
på kven som har statushundar.

Unge menn, med tatoveringar,
ressurssvak bakgrunn ...

Meg.

Slepp! Arthur!

Eg vil utfordre synet på
kva som er ein farleg hund. Sit!

Og undersøkje om ulovlege hundar
nødvendigvis er farlege.

Kvifor
blei eigentleg pitbullar forbodne?

I mai 1991 sjokkerte eit mykje omtalt
pitbull-åtak heile nasjonen.

Berre seks månader seinare
vedtok parlamentet kamphundlova.

Pitbullar
og tre andre rasar blei forbodne.

Dogo argentino,
fila brasileiro og japansk tosa.

Ingen av dei er vanlege i Storbritannia.

Sidan den gong er talet på hundebit som
har ført til sjukehusopphald, sjudobla.

I fjor var talet på over 7000.

Så kvifor beskyttar ikkje lova oss? Og
rammar ho enkelte hardare enn andre?

Eg snakkar med professor i sosiologi,
Simon Hallsworth.

-Simon.
-Hyggeleg. Kven er dette? Hei, Hazel.

Simon sitt spesialfelt
er urban vald, gategjengar og juss.

Simon Hallsworth, prof. i sosiologi
Då lova kom, ville ein forby ei rekkje
hundar, som schæfer, rottweiler ...

Arkitekten bak lova, Kenneth Baker, -

- sa at han ikkje ville leggje seg ut
med overklassen. Så dei slapp unna.

Slike hundar blir assosierte med
ungdomar, kommunale bustader, -

- og underklassen
får skulda for det meste.

Då er det lett å rettferdiggjere
å fange og avlive desse hundane.

Og då endar ein med
at nydelege hundar som dette blir avliva.

Simon fekk Hazel for ni år sidan,
men visste ikkje kva rase ho var.

Plutseleg blei eg vist respekt på gata.
"Kva er dette for noko?" tenkte eg.

-Av kven då?
-Digre karar stoppa for å beundre hunden.

"Kva har vi her?"
"Det er ein Staffordshire, trur eg."

"Nei. Det der er ein 'raudnase'."

Så eg googla det og fann bilete av denne
hunden i USA. Det er ein pitbullterrier.

Simon meiner kamphundlova
er utdatert og urettvis.

Eit land som er stolt av å vere ein hunde-
nasjon, er det første landet i verda -

- som lagar lover
for å utslette ein hunderase.

Ikkje pga. det dei kan kome til å gjere,
men pga. foreldra.

Dei har feil genar, og blir feilaktig
sette på som farlegare enn andre.

Til Simons hell gjorde eit lovtillegg
frå 1997 unntak for enkelte pitbullar, -

- om dei var forsikra, chippa og bar munn-
korg. Men ikkje alle har råd til det.

Eg har betalt 4000 pund for å halde liv i
ein hund som verken har bite eller knurra.

Men eg elskar hunden.

Eg får behalde hunden fordi eg
er kvit akademikar frå middelklassen.

Føler du at du fekk særbehandling
i retten pga. den du er?

Ja, heilt klart.
Hadde eg vore ein annan ...

Ungdomar på gata spør:
"Kvifor fekk du behalde hunden din?"

Forbod driv folk under jorda.
Folk med pitbullar er ikkje noko unntak.

Det gjorde desse hundane, som var
sjeldne, meir populære blant feil folk.

Og skremmer ingen.

Pitbullen,
tidlegare ein hund for arbeidarklassen, -

- blei no ein hund for dei kriminelle.

Han bekrefta det eg hadde mistanke om.
Lova gjorde rasen populær i visse krinsar.

Antakeleg i dei verste krinsane.

Ein reknar med at det finst
10 000 pitbullar i Storbritannia.

Om lag like mange som då forbodet kom.

Kvar kjem dei frå?

Reece har ikkje lov til å ha hund,
men driv likevel med ulovleg oppdrett.

Han har nett alt opp
eit kull med ni pitbullkvelpar.

Vi har avtalt ein stad å møtast.

-Kven er dette?
-Eg kallar han vesle Cano.

Hei, du!

-Han er nydeleg. Kor gammal er han?
-Tre og ei halv, snart fire veker.

Ein Staffordshire bullterrier
går for 50 pund, -

- men ein raudnasa pitbullkvelp
er verd mykje meir.

Kor mykje ville du selt vesle Cano for?

Vanskeleg å setje ein pris på han.
Rundt 250 pund, kanskje.

Kanskje treffer eg nokon som set pris på
ein fin hund, og som vil gi meg 400.

Korleis finn du kjøparar?

Eg treng berre gå i parken. Det kan skje
både her og der, når som helst.

-Kor mange kull lar du ei tispe få?
-Eg skulle gjerne sagt to.

Men det har hendt at det har blitt tre.

Han leitar etter mat.

Ei side av saka er
kva dei er i stand til å gjere.

Unge trur
at med ein pitbull vil folk frykte dei.

Har eg ein pitbull,
er eg av og til skurken.

Men ein slik hund
kan òg vere til hjelp i visse situasjonar.

Ein kan unngå slåstkampar fordi folk ser
at ein har ein kompis til å forsvare seg.

Behandlar du hunden din godt,
vil han passe på deg.

Eg elskar hundar. Dei er lojale uansett
kva som skjer. Dei støttar deg alltid.

Fryktar du, sidan dei er ulovlege,
at politiet skal ta dei og avlive dei?

Å ale dei opp kan vere ein dødsdom.

Det er ein veldig skremmande tanke.
Eg synest ikkje hundar skal avlivast.

Eigarane er ansvarlege for kjæledyra sine.
Legg skulda på eigaren, heller.

Uregistrerte oppdrettarar kan la ein
hund produsere 12 kvelpar kvar 6. månad.

Med eit kull verdt opptil 5000 pund
er det lett å forstå kvifor dei gjer det.

Det er ingen tvil om
at Reece ikkje bør ale opp pitbullar.

Han har ein dom mot seg.
Han skulle ikkje eingong hatt hund.

Han kunne alt opp mastiffar,
men dei får han mindre pengar for.

Så motivet er økonomisk.

Lova skaper etterspørsel
og held problemet skjult.

Lova, som skulle beskytte folk og hindre
at pitbullar blir alte opp, verkar ikkje.

Ho gjer
at det går føre seg utan regulering.

Det er eit enormt problem. Det finst
mange som Reece, over heile landet.

Reece er berre éin person.
Med eitt kull.

Men det kjem fleire kull,
og fleire hundar.

Dei endar ikkje alltid hjå dei
ein sel dei til. Det gjeld alle hundar.

Men her er det snakk om
ein hund som kan gjere stor skade.

Som mange farlege folk
antakeleg har lyst på.

Lova har ikkje gjort
desse hundane mindre populære.

Rasekryssing er utbreidd. Korleis
veit ein om det er snakk om ein pitbull?

I Gloucester møter eg ei kvinne
som ikkje veit kva rase ho har.

Livet til hunden avheng av svaret.

Hei! Er det du som er Louisa? Stephen.
Hyggeleg. Kven er dette, då?

Charlie.

For ein gladgut. Hei, du!
Ta det roleg.

For tre md. sidan blei Charlie tatt,
mistenkt for å vere ein pitbull.

-Beklagar.
-Vi kjenner ikkje kvarandre enno.

-Det er for tidleg med kyss.
-Roleg.

-Kva hende då han blei fanga?
-Eg hadde sele på han, og bandet rauk.

Og han blei fanga inn. Då eg ringde,
sa dei at politiet var kontakta.

Og at dei skulle hente han
og få han vurdert.

-Vurdert for å fastsetje kva rase han er?
-Ja.

Han er jo ikkje så stor.
Pitbullar har gjerne ein hals som ...

Det tenkte eg òg.

Louisa fekk Charlie for tre år sidan. Ho
hadde det tøft etter at foreldra døydde.

Louisa
Eg byrja å drikke. Hamna
i dårleg selskap. Byrja med tunge stoff.

-Kva meiner du med "tunge"?
-Kokain og heroin.

Skikkelege saker, altså.

Det brukte eg i 7—8 år.
Så fekk eg metadon på resept.

Det var då eg fekk Charlie.
Då stoppa eg tvert.

-Og du har ikkje hatt tilbakefall?
-Nei. Det er tre år sidan.

Kor stor rolle vil du seie det spelte
at du møtte denne vesle karen?

Vi hjelpte vel kvarandre.

Har det med ansvaret å gjere? Ein må
ha det bra for å kunne ta vare på andre.

Sjå på han.

Kva slags forhold har de?

Vi er bestevenner,
men han er òg på ein måte babyen min.

Er du ein farleg hund? Er du?

Du ser veldig farleg ut.

Louisa må møte i retten om eit par veker.
Men først skal Charlie vurderast.

Ho får besøk av advokaten sin
og ein ekspert på pitbullar.

-Kor gammal er Charlie?
-Snart tre år.

-Kva trudde du han var?
-Eg trudde han var ein mastiff-krysning.

-Sa dei det då du fekk han?
-Nei, eg fekk ingen informasjon.

Eg kjøpte han ikkje. Eg fekk han på gata.
Men han blei mishandla som kvelp.

Akkurat. No skal eg gjere klart til
åtferdsprøven. Så kan de ta han med ut.

Blir konklusjonen at Charlie er ein
pitbull, eig Louisa ein ulovleg hund.

Då kan han bli tatt frå henne.

Først sjekkar Ian kor aggressiv
Charlie er mot andre hundar.

-Eg trudde det var ein annan hund.
-Det gjorde han òg.

Hunden står den vegen, så han
ikkje kan få dempande signal frå hunden.

Då ser vi korleis han normalt
ville reagert. Og det var det. Flink bisk!

Då kan vi fjerne den.

For sju år sidan oppretta Ian eit avsnitt
for farlege hundar ved londonpolitiet.

Han kan alt om pitbullar.

Ian McParland
I 1976 innførte ein kanadisk brytar
som budde i Sør-London, -

- det som blir rekna for å vere
dei to første pitbullane her til lands.

-Og så, i 1977, avlshunden Al Capone.
-Skulle det seie noko om hunden, eller?

Og han starta magasinet Sporting Dog
Journal, som skreiv om hundekampar.

På same måte som
ein har referat frå fotballkampar.

Har forbodet betra situasjonen
eller gjort hundane meir ettertrakta?

Det har gjort hundane meir populære -

- blant folk som ikkje eignar seg til
å ha hund. På grunn av statusen dei gir.

Men pitbullen
er ikkje så ille som ryktet sitt.

Pitbullar er nr. 19 på lista over hundar
som er aggressive mot framande, -

- og nr. 25 på lista over hundar
som er aggressive mot familiemedlemer.

Kva hundar er meir aggressive?
Jack Russell?

Når det gjeld aggressivitet mot folk,
familie og framande, og hundar ...

Dachshund.

I Storbritannia er faktisk ikkje pitbull
rekna for å vere ein eigen rase.

Pitbullar blir identifiserte
etter ei rekkje kriterium frå 1977 -

- som seier noko om
hunden si evne til å slåst.

60 % av kriteria må oppfyllast
for å bli rekna som pitbull.

Eg blir spurd om han er innanfor
standardmåla, og må svare ærleg på det.

Det er ikkje alltid hundar frå same kull
blir klassifiserte som pitbull.

Det står om millimeter
når skjebnen til Charlie skal avgjerast.

Vi er ferdige med undersøkinga.
Først av alt må eg seie at han er herleg.

Men han blir rekna som pitbull. Så no
er det opp til Tina i retten på måndag.

Kven avgjer det på måndag?

Tina Hay, advokat
Politiet legg fram sitt krav
for tre dommarar -

- og tar opp eventuelle forhold
som uroar dei.

Når eg har lagt fram mitt forsvar og dei
har lese Ians rapport, tar dei ei avgjerd.

-Kva var politiet uroleg for?
-Først og fremst -

- om Louisa
er i stand til å handtere Charlie.

Retten avgjer om Louisa får behalde
Charlie, eller om han må avlivast.

Det kan ikkje vere til å halde ut.

At folk som ikkje har
noko som helst forhold til hunden, -

- skal avgjere
om Charlie får leve eller ...

Forhåpentlegvis går det bra.
Det håpar eg.

Trass i eit godt resultat
for både hund og eigar, -

- tilmed framifrå, kan saka hamne
i retten. Politiet kan imøtegå det.

Politiet kan kviskre dommaren i øyret:
"Det er jo ein pitbull."

"Skulle han skade nokon,
vil du vere ansvarleg for det."

Og så avgjer kanskje dommaren
at hunden skal avlivast.

Ho har halde motet oppe, men det gjekk
tydeleg inn på henne å prate om det.

Frykta for å hamne i same situasjon
som ho ein gong var i, er heilt reell.

Eg kan ikkje førestille meg korleis
det ville vere å miste hunden min -

- trass i
at han ikkje var til fare for nokon.

Louisa er på kant med lova
fordi ho redda Charlie.

Eg trur mange har gode motiv
for å ha slike hundar.

Eg skal møte John igjen.

Trass den tvilsam dressuren
er han verkeleg glad i hundar.

-Hei! Smiler du? Å, så skjønn ho er.
-Ho er flink jente.

-La oss gå ein tur med henne.
-Ja.

-Vil du leie henne? Ho lystrar fint.
-Gjerne det. Kom hit.

Hei! Kom hit.
Eg får ho visst ikkje til å gå fint.

Ser dårleg ut.

Roleg. Hei!

Kjenner det i skuldra.
Hei! Eg lèt deg overta.

John seier Precious er halvt pitbull.
I så fall kan ho vere ulovleg å eige.

-Korleis reagerer folk når dei ser hunden?
-Dei går som regel til side.

Det er ingen chihuahua, akkurat.

To år etter
at hunden hans gjekk til åtak, -

- vil han vise at han skjøner
kva fare hundane utgjer.

Eg held hunden stramt i band
og unngår problematiske situasjonar.

Ein ansvarleg eigar betyr alt.
Ein dårleg eigar får ein dårleg hund.

For to år sidan fekk John ny bustad.

-Får du ha hund her?
-Nei. Det er forbode.

-Det er ikkje tillate med dyr på området.
-Så hundane må vere hjå vener?

Alle bur hjå familiar,
så no er dei blitt familiehundar.

Bustaden, skaffa av ein organisasjon,
er den mest stabile heimen han har hatt.

-Du kjem ikkje herifrå?
-Nei, eg er fødd i Nottingham.

Barnevernet tok hand om meg,
adopterte meg bort. Så blei eg heimlaus.

-Og deretter London.
-Kvifor tok barnevernet hand om deg?

Eg veit ikkje. Eg hamna
i barnevernet si varetekt då eg var baby.

Adoptivforeldra dine
sette deg på gata du fylte 18?

Ja, far min kasta meg ut.

Eg var heimlaus eit par år,
sat i fengsel ei stund, budde på hospits.

Til eg endeleg fekk orden på livet mitt.
Det er ikkje alltid så greitt.

John går i lære
for å reparere kaffimaskiner, -

- men det kan ta tid
før han kan ha hundane hjå seg.

-Saknar du å ha hundane her?
-Veldig.

Når ein skal sove,
er det fint med ein hund attmed seg.

-Som å ha ei dame der, utan alt maset.
-Berre bjeffing.

Då eg sov på sofaen hjå folk,
hadde eg hunden hjå meg.

Ho var bestevennen min.

Folk som ikkje er redde for at folk
bankar på døra, skjøner nok ikkje ...

Vi lever ulike liv.
I dette området er innbrot daglegdags.

Om nokon snik seg bort til døra og høyrer
bjeffing, bryt dei seg ikkje inn hjå deg.

John er oppriktig glad i hundar. Eg kan
forstå at han ønskjer selskapet dei gir.

Det har nok vore veldig tøft
å ha vore så overlaten til seg sjølv.

Ein må ta høgde for at folk har ulike liv,
og har ulike hundar av ulike grunnar.

Hunden må
passe inn i det livet ein lever.

Ein spaniel er ikkje noko for han.

Folk som John
gir ikkje rasen eit godt rykte.

Men det er media
som for alvor har demonisert dei.

Uttrykket "djevelhund" blei ikkje brukt
då eg var ung. No høyrer eg det ofte.

"Dobling av kriminalitet
med djevelhundar i London."

"Eg blei biten hundre gonger
av utilreknelege djevelhundar."

"Ulovlege hundar avla fram i skjul
i London." Bilete av ein hund i bur.

Han ser ikkje aggressiv ut,
men ein ser tennene.

Dei viser jo ikkje eit bilete av ein hund
som blir klødd på magen av eit barn.

Men vi veit jo
at sensasjonsstoff sel aviser.

Merkelappar gjer ting enklare.
"Djevelhund, djevelhund, djevelhund".

Inga medkjensle.
Det er ein djevelhund, difor må han vekk.

Men media fortel ikkje alt.

19 av 26 angrep med dødeleg utgang
siste tiåret er utførte av lovlege rasar.

Eit bevis på at lova ikkje fungerer.

I 2013 skapte særleg éi sak overskrifter.
Hundane som var innblanda, var lovlege.

Jade Anderson blei truleg angripen
av hundar i heimen til ein venn.

Då politiet kom,
fann dei fleire hundar ute av kontroll.

Fire blei skotne av væpna politi,
og éin blei fanga.

Jade hadde vore på butikken etter mat
og var åleine i huset då det skjedde.

Politiet trur to av dei fem hundane
skal ha vore bullmastiffar -

- og to Staffordshire bullterrierar.

Far til Jade, Mike,
var heime då hendinga skjedde.

Ein nabo banka på døra og spurde:
"Kvar er Jade?"

Mike
Ho er ikkje her, ho er hos ein venn.

Og så sa ho: "Eg trur
det har hendt noko borte hjå dei."

Men eg såg på henne at ... Eg visste det
med ein gong. Ein kjenner det på seg.

Eg hoppa i bilen og råkøyrde bort dit.

Parkerte bilen her.
Huset var sperra av.

Det er vanskeleg å forklare.
Eg kan ikkje forklare det. Det var ...

-Det finst vel ikkje ord for slikt.
-Nei.

Politiet sa ikkje noko.
Berre: "Du må gå heim."

Og kona mi ...

-Beklagar.
-Vi tar ein pause.

Eg vil at folk skal vite at slikt skjer
med vanlege folk. Vi må leve med det.

Eg vil at noko skal skje.
At ungane til folk skal vere trygge.

At dei slepp å oppleve det vi har opplevd.

Dei små tinga er vanskelegast. Når ein
sit i bilen og ser på borna i bakspegelen.

Det manglar nokon der.
Det er dei små tinga som ...

Jade var full av liv.

Ein ser det på alle bileta ...
Vi var ein lykkeleg familie.

Mike og Shirley fekk ikkje
den oppreisninga dei håpte på.

Eigaren blei sikta for
mindre alvorlege brot på dyrevelferdslova.

Eg venta ein meir passande dom.
Det var snakk om grov dyremishandling.

Fengselsstraff hadde vore på sin plass.

Sjølv om ingenting kan rette opp det som
hende med Jade ... Ingenting kan det.

Men eg håpte det skulle bli utfallet.
Og ho slapp unna med ein vilkårsdom.

Og forbod mot å ha dyr.

Ho visste at han var aggressiv.
Ho skrytte av det på Facebook.

-Ho var nesten stolt av det?
-Stemmer.

Kva er gale med folk?

På den tida kunne ikkje
eigaren tiltalast for angrepet -

- fordi det skjedde på privat eigedom.

Familien Anderson jobba aktivt
for å få endra lova, og lukkast.

Vi gjorde det for at folk
skal få oppreisning. Det fekk ikkje vi.

Bør hundehald lovregulerast?

Alle som har hund,
bør ha ein lisens. Eg meiner ...

Du har sjølv hund, så du
har ikkje noko imot alt det måtte medføre?

Eg betaler gjerne for ein lisens.
Eg er for at det blir lovregulert.

Kva meiner du om lovene
som forbyr enkelte rasar?

Vi ønskjer ikkje eit forbod. Alle hundar
er farlege. Folk gjer dei aggressive.

Ein chihuahua er farleg. Alle typar
hundar er farlege i feil hender.

Du kan ikkje lære ein hund
til berre å bite éin bestemt person.

Han bit om du har lært han å bite.

Når ein ser folk på gata
med aggressive hundar utan band, -

- er det uunngåeleg
at noko slikt vil skje.

Då kjem fleire familiar
til å oppleve det same.

Kvar skal eg byrje?

Skaden det har påført familien deira ...

Følgjene er svært tydelege.

Dei mista eit barn.
Kva seier ein til det?

Etter det dei har vore gjennom,
skulle ein tru dei ønskte eit forbod.

Kanskje mot endå fleire rasar.
Men dei skjøner at det handlar om folk.

Folk vil alltid skaffe seg hund.
Mange vil vere usamde, men så langt, -

- særleg etter
samtalen med Mike og Shirley, -

- er eg samd i at ein bør ha lisens.

Kanskje bør det vere strengare krav
for større og farlegare hundar.

Åtte born, 26 menneske totalt, er
drepne av farlege hundar dei siste ti åra.

Det er eit høgt tal.
Og mange av tilfella kunne vore unngått.

For meg verkar det
som lova er for opptatt av pitbullar.

Mens farlege hundar
frå andre rasar går fri.

Eg vil høyre med londonpolitiets avsnitt
for farlege hundar om lova fungerer.

Pitbullar er ulovlege,
men dei fleste som døyr av hundebit, -

- blir ikkje bitne av pitbullar. Gir det
meining å fokusere på den rasen?

Paddy O'Hara
Alle hundar kan vere farlege.
Uansett kva for rase dei er.

Det avgjerande er nok
kva funksjon hunden er avla til å ha.

Pitbullar er svært sterke.
Dei slepper ikkje byttet sitt.

Dei bit, held fast og filleristar byttet.

Det fører til store skadar
på musklar, sener og så vidare.

Som krev
omfattande medisinsk behandling.

Ifølgje statistikken er offeret
mest truleg eit barn mellom 4 og 9 år.

Og det er eit sterkt argument
for førebygging.

Kjem det av uansvarlege eigarar
og mangel på dressur, eller hunden?

Eigaren speler ei svært viktig rolle.

Dei fleste hundebit kan unngåast.

Og det frustrerer meg
kvar gong eg får ei sak på bordet.

Som regel kunne enkle tiltak frå
eigaren si side ha hindra at det skjer.

Ein hundelisens
vil vere vanskeleg å kontrollere.

Men obligatorisk mikrochipping
av alle hundar blei innført i år.

Det er positivt. Alt som kan
få eigarar til å opptre ansvarleg, -

- til å ha hunden i band, til å registrere
hunden hos veterinær, er viktig.

Er djevelhundar
eit like stort problem som media seier?

Eg trur ikkje det. Ein del
av arbeidet vårt handlar om det.

Men oftast er det
hundar som ikkje er sosialiserte, -

- og som har uansvarlege eigarar
som ikkje veit kva hunden treng, -

- noko som igjen skaper åtferdsproblem.

Vi ser ikkje fleire hendingar -

- med hundar som er trente til
å bite eller vere aggressive.

Eg hadde ein god prat med Paddy.
Han hadde gode motargument.

Eg kan ikkje ha eit einsidig syn på det
berre fordi eg liker kamphundar.

Og det er eit reelt problem.

Eg håper folk
forstår Paddy slik eg gjorde.

Hovudproblemet er ikkje det biletet
media skaper av djevelhundane.

Det handlar rett og slett om velferd. At
folk ikkje tar seg av dyr på ein god måte.

Det var heilt klart det som skjedde
i saka med Jade Anderson.

Der handla det om dyrevelferd
og dyremishandling.

Lova tilslører det eigentlege problemet.

Millionar av pund blir brukte
på fange ulovlege, men trygge hundar.

Og det er opprivande for eigarane.

Eg er tilbake i Gloucester
for å treffe Louisa og advokaten hennar.

Dei skal i retten og få vite
om Charlie må avlivast eller ikkje.

Dei legg vekt på
om Charlie utgjer ein fare for folk.

Og om Louisa er ein ansvarleg person,
om ho kan kontrollere han.

Forhåpentleg går begge delar i vår favør,
men ein veit aldri i slike saker.

-Du må ha vore engsteleg?
-I går tenkte eg mykje på det.

Då eg leika med han.
Han ville aldri skade nokon.

Eg kan ikkje fatte at dette skjer, men ...

I dag fell iallfall dommen.

Lukke til!

Det har gått fem månader
sidan Charlie blei tatt.

Politiet har vitja Louisa
og levert sin rapport.

Eg og ein venn av Louisa passar Charlie
mens advokaten forsvarer han i retten.

-Kva seier ansiktsuttrykka deira?
-Godt nytt.

-Godt jobba!
-Du burde hoppe og sprette.

-Det ordna seg.
-Tusen takk.

-Så bra, Charlie!
-No kan vi gå heim og slappe av.

-Godt jobba!
-Takk.

Han vil berre leike, han.

Dei siste tre åra har politiet tatt
nesten 5000 hundar over heile landet.

Retten ønskjer ikkje
å avlive ein frisk hund med godt lynne.

Tina Hay, advokat
Men når det gjeld pitbullar,
liker dei å vere føre var.

Har ein politiet imot seg,
kan det vere vanskeleg å vinne fram.

Det er det vilkårlege ved lova
som uroar meg mest.

Burde ikkje lova fokusere på
farlege hundar og dårlege eigarar?

Arthur er kompisen min.
Det første eg gjer om morgonen, -

- er å sleppe han ut og leike med han
i hagen, gi han mat, gå tur med han.

Mange har hund pga. gleda det gir. Men
det er viktig å gi hunden det han treng.

Kom hit!

Skal du ha ein stor hund, uansett rase, må
du vere klar over kva han er i stand til.

Ein må vere forstandig. Folk
må bli flinkare til å ta seg av dyra sine.

Og hugse at dei er dyr.

Mange ser kamphundlova
som rein brannsløkking.

Ho er ei av dei ti mest mislikte lovene.

Forbodet mot pitbullar
luktar av klassefordomar.

"Eg vil ikkje leggje meg ut med
overklassen", som Mr. Baker sa.

Talet på hundebit er enno høgt. Ein løyser
ikkje problemet med å forby ein rase.

Det har ikkje løyst problemet,
og kjem ikkje til å løyse problemet.

Ein må gjere folk meir ansvarsbevisste.

Og syte for
at dei må stå til ansvar for hundane sine.

Og der meiner eg mikrochipping,
og kanskje lisens, bør kome inn i biletet.

På 25 år har ingen med makt våga,
eller brydd seg om, å utfordre lova.

Eg er ikkje samd i lova. Men
kva politikar vil tore å endre på henne?

Skulle noko skje med ein pitbull i
etterkant, må dei stå til ansvar for det.

Og det er trist. For slik stoda er no,
betyr ho ingenting.

Talet på hundebit er ikkje på veg ned.