Copyright (C) NRK

Dette er det 24. hundreåret.
Mykje har endra seg på 300 år.

Folk er ikkje lenger besette av
å skaffe seg flest mogleg ting.

Vi har gjort ende på svolt, naud
og behovet for eigedom.

-Vi er ferdige med det første utviklingssteget.
-Det handla aldri om eigedelar, men makt.

Eg har ein draum.

Gjennom historia har det som tilhøyrer alle,
altså jorda, vatnet og lufta rundt oss, -

- blitt lagt beslag på av nokre få. Folk flest
mista den rettmessige retten til ressursane.

Dei som sat på eigarskapen,
fekk makt.

No, i det 24. hundreåret, er pengar avskaffa,
og ressursane tilhøyrer alle.

Den nye æraen byrja for 300 år sidan,
i byrjinga av det 21. hundreåret.

Det heile tok til med ein idé som var
så enkel at berre nokre få forstod han.

Ideen om
uforpliktande borgarløn.

Sjå føre deg ei fredeleg og harmonisk verd
der du får betalt fordi du er til.

-Ein sinnsjuk idé!
-Eg vil prøve å forstå denne ideen.

Skulle alle borgarar i USA
fått 20 000 dollar i året?

Både rike og fattige får denne utbetalinga,
uavhengig av kva dei elles tener.

Norske tekstar:
Signe Bergvoll

Planen min er ganske enkel.

Alle over 21 år får kvar månad
overført ein sum til bankkontoen sin.

Når eg får borgarløn
og slepp å uroe meg over pengar, -

- får eg ein fridom som gjer meg
i stand til å bli tiltaksam.

Det er ein fridom
som er ukjend for folk flest.

Vi har alltid hatt i bakhovudet
at utan å jobbe får vi ikkje mat på bordet.

Middelklassen slit, men ingen
snakkar om korleis vi skal løyse dette.

Dette er ei openberr løysing.

Tyskland

Götz Werner, gründer og milliardær
Omgrepet "innovasjon" betyr rett og slett
å tenkje nytt om dei rådande tilhøva.

I byrjinga av 2000-talet var Werner, som
grunnla den største apotekkjeda i Europa, -

- ein av mange som funderte på korleis
ein kunne skilje arbeid og inntekt.

Nytenking. ikkje berre vidareføre det gamle.

Henry Ford sa: "Hadde de spurt folk
kva dei trong for å kome seg fram," -

- "hadde dei svara at dei trong
ein sterkare, raskare hest som åt mindre."

"Ingen tenkte på bilar!"

Ideen om uforpliktande borgarløn
er eigentleg eit kulturspørsmål.

Å få folk til å ha eit ope sinn
i dette kulturspørsmålet, -

- kjem til å ta tid.

Dersom borgarløn hadde blitt innført,
hadde heile verda endra seg.

Då vil ingenting lenger vere som før.

Det er ditt land

Ideen hadde ulike namn:
"Garantert årsløn", -

- "negativ inntektsskatt"
eller "uforpliktande borgarløn".

Valdez er berre 30 minutt unna.

Ein av fordelane med borgarløn -

- var at ho kunne bli innført steg for steg.
La meg gje dykk eit eksempel.

Vi må over isbreen,
og så startar nedstiginga.

Der røyrleidninga frå Prudhoe Bay endar.

Røyrleidning til Arktis

Olje i North Slope!
Dei har funne olje i Prudhoe Bay i Alaska!

Dette kan vere
det største oljefunnet i historia.

I 1969 fekk Alaska den første utbetalinga
på 900 millionar dollar frå oljeindustrien.

Fran Ulmer,
tidlegare viseguvernør i Alaska
Dei hadde funne olje
nord i delstaten, i Prudhoe Bay.

Den første utbetalinga kom som
eit sjokk på delstaten, som var ganske fattig.

Dei hadde ein fiskeindustri og litt gruvedrift
og turisme, men budsjetta var små.

Alaska sym i pengar.
Oljeindustrien vil gje fleire milliardar dollar.

No må alaskarane finne ut korleis pengane
skal brukast. Det skortar ikkje på idear.

Noko finn dei vel å bruke pengane på.

Kanskje vi kan utforske verdsrommet?

Kjøpe eit fotballag?

Vi burde spare noko
og gje noko tilbake til folket.

Ein trong skular, bibliotek,
sjukehus, vegar og bruer, -

- men sidan Prudhoe Bay-feltet
hadde avgrensa levetid, -

- visste ein at olja og pengane
ville ta slutt ein dag.

Guvernør Jay Hammond føreslo
at det skulle opprettast ein sparekonto -

- som vi kallar "Alaska Permanent Fund".

-Velkomen til Alaska. Her har du 1000 dollar.
-Det var jaggu på tide! Men kvifor?

Alle får 1000 dollar,
slik at oljeselskapa kan øydeleggje naturen.

-Eg er heime!
-Takk!

Alaska er ein eineståande stad.

For somme i det kontinentale USA
kan det kanskje verke som eit anna land.

Det er heilt spesielt å bu her.

-Hei, venen! Korleis går det, jenta mi?
-I vindauget?

Vindauget, ja.

For å få utbetalinga må du ha budd her så og
så lenge, og kan ikkje vere for lenge borte.

Det finst unntak
for studentar og folk i militæret.

Søknadsfristen er i slutten av mars.
Du må bevise at du bur i delstaten.

Gløymer du å søkje,
har toget gått for det året.

Alissa Wardwell
Eitt år gløymde Nathan å søkje.
Og det var det året då ...

Det var då guvernøren utbetalte ein bonus.
Utbetalinga var på nesten 3000 dollar.

Og han gløymde å søkje.

I september-oktober kunngjer dei -

- kor stort beløpet blir det året.

Utbytet for 2014
blir utbetalt frå den 2. oktober.

Då kjem pengane på konto eller i posten,
til dei som valde den utbetalingsmåten.

Eg skal tale i ein halvtime til
før eg offentleggjer beløpet ...

Kan eg få konvolutten, takk?

I 2014 vil kvar alaskar
få ei utbetaling på 1884 dollar!

Nathan Wardwell
Oljeselskapa utnyttar naturressursane våre,
og det er fint at Alaska får noko tilbake.

Utbetalinga er ein del av
overskotet frå investeringane.

Halvparten går inn att i fondet,
og halvparten blir fordelt på innbyggjarane.

Vi er ein familie på fire,
og alle får kvar vår utbetaling.

Etter at vi fekk ungar,
set vi pengane deira inn i eit collegefond.

Vi kallar det eit collegefond.
Eg håpar dei bruker pengane til å studere.

Det er mykje pengar
som vi elles ikkje hadde hatt.

Sparer vi, blir vi ein del av middelklassen.
Kanskje den øvre middelklassen.

Det er tøffe tider, så ungane
treng ikkje få eit betre liv enn oss.

Så lenge dei får det
like bra som oss, er det flott.

Frå Valdez, der oljerøyrleidninga endar,
blei olja frakta til det kontinentale USA.

I San Francisco i 1976
grunnla Peter Barnes -

- eit solenergiføretak
som var eigd av arbeidarane.

Peter Barnes,
gründer og miljøaktivist
Jord, vatn og luft. Desse naturressursane
skil seg frå den typen privat eigedom -

- som vi menneske skapar
ved hjelp av eigen innsats.

Han har gått inn for å rette opp i
det som er gale med kapitalismen.

Visjonen til Peter Barnes var at alle skulle
få utbyte av rikdomen vi eig i fellesskap.

Når eit individ skapar rikdom,
har det rett til å behalde den rikdomen sjølv.

Men dersom ein tener seg rik på
skaparverket, naturen og felles ressursar, -

- har alle rett til
å få ein del av den rikdomen.

Modellen frå Alaska
kan brukast over heile landet, -

- i alle dei 50 delstatane,
utan at han er basert på olje.

Vi kan basere han på andre former
for felles ressursar som tilhøyrer alle, -

- men som ein ikkje
tek betaling for, slik ein burde.

Ideen om at alle får ein sjekk i posten ...

Det verkar jo lite amerikansk.
Det er ein heilt latterleg tanke, -

- men at regjeringa skal skrive ut sjekkar
til folk, har ei lang, konservativ historie.

Å støtte ideen om uforpliktande borgarløn
har aldri vore knytt til partipolitisk ståstad.

Somme på venstresida meinte
at borgarløn kunne hjelpe arbeidarar -

- ved å frigje dei frå lønsslaveriet.

Mange fagforeiningar var imot borgarløn,
fordi eit skilje mellom inntekt og jobb -

- ville gjere ende på fagforeiningane.

Dei fleste konservative var imot, -

- for dei meinte at koplinga mellom
inntekt og arbeid var ei naturlov.

Men økonomar som Hayek og Friedman
støtta ideen om borgarløn, -

- fordi det ville minske byråkratiet
og gjere ende på velferdsstaten.

Charles Murray,
libertarianar og statsvitar
Uforpliktande borgarløn står høgt i kurs
reint intellektuelt hjå libertarianarar.

I 2006 gjekk den amerikanske
statsvitaren Charles Murray -

- igjen inn for å innføre borgarløn.

Eg skreiv "In Our Hands",
der eg tilrår borgarløn.

Ein ven av meg, som leiar tankesmia
Cato Institute, omtalte boka slik:

"Den toskete boka du skreiv."

Eg håpar ideen om borgarløn -

- blir i vinden att blant både libertarianarar
og folk på venstresida.

Når eg ser kva som har skjedd -

- med familien, arbeidsinnsatsen
og sivilsamfunnet dei siste 50 åra, -

- så er det heilt på sin plass å kritisere -

- den måten vi
fordeler pengane på i dag.

Kan innføringa av borgarløn
få uynskte følgjer? Sikkert.

Men vi lever i eit samfunn -

- der vi allereie
har store utfordringar av same typen.

Kor mykje verre kan det bli?

Den mislukka velferdsrevolusjonen

Dei første tre tiåra etter andre verdskrigen
klarte dei fleste amerikanarane seg godt, -

- fordi økonomien gjekk godt.
Folk flest klarte seg godt heile vegen.

Bernie Sanders, senator
Så byrja folk flest å få problem. Men dei
fekk framleis mesteparten av inntektene.

Kva skjedde i 1982?

Jo, Ronald Reagan var president,
og nedsildringsøkonomi blei eit omgrep!

Emmanuel Saez, økonom
I staden for "nedsildring", som
Reagan-regjeringa snakka så varmt om, -

- så har vi sett ei "oppsildring".

Emmanuel Saez blei professor i økonomi
ved Berkeley-universitetet i 2002.

I lag med Thomas Piketty
har han sett på inntekta -

- til fattige, middelklassen
og rike folk verda over.

Når økonomiske faktorar
er gunstige for dei som tener best, -

- ser ein at pengar flyttar seg
frå middelklassen og opp til dei rikaste.

Warren Buffet,
verdas tredje rikaste mann
Inntektene til dei rikaste
har femdobla seg dei siste 20 åra.

Vi blir ein nasjon av rike og fattige.
Og ekstremt rike.

"Reagan-revolusjonen" bestemte seg for
å la marknadskreftene styre fordelinga, -

- og fjerna
så mange statlege forskrifter dei kunne.

Då opplevde vi ein eksplosjon av ulikskap.

Ulikskap har i seg sjølv aldri vore noko
som amerikanarane har vore opptekne av.

Europearar ser på ulikskap som noko ille.
Men amerikanarar vil sannsynlegvis seie:

"Kva så om Bill Gates har 50 mrd. dollar?
Han har ikkje stole dei frå meg."

"Eg ynskjer han lukke til!"

Men problemet for middelklassen er at
dersom du jobbar hardt og følgjer reglane, -

- så skal du liksom kome deg opp og fram.
Du skal med tida få høgare løn.

Du skal få eit betre liv,
og ungane dine skal få det betre.

Slik er det ikkje no lenger,
sidan lønsveksten har stagnert.

Dette gjeld ikkje berre folk i stor naud, -

- men nesten alle i dette landet.

Skal dei bli verande i middelklassen,
vil dei ha behov for ei tilleggsinntekt -

- utover det dei kan tene ved å jobbe.

Gud signe Amerika, og Gud signe New York!
Eg elskar New York!

Sal Conte, taxisjåfør
New York har blitt ein by
der det finst to typar menneske.

Rike folk.
Og folk som jobbar for dei rike.

Det er uunngåeleg.
Dei sterkaste blir leiarar.

Dei beste vinn,
og resten må gjere som dei seier.

Slik fungerer økonomien.

Kvifor jobbar vi?

Vi har målsetjingar
som stammar frå opplysingstida.

Fridom har vi enno ikkje fått realisert.
Då må vi først innføre borgarløn til alle.

Likskap har vi heller ikkje klart å realisere.

Å ha tiltru til at dei andre -

- kan klare ei oppgåve like bra som meg.

Dersom ein elskar jobben sin,
vil ein vere arbeidslaus resten av livet.

Arbeid lèt seg ikkje betale.
Korleis vil de betale fru Merkel?

Trur de at ho klarer å løyse Ukraina-krisa
dersom de lovar henne ein bonus?

Arbeid kan ikkje betalast.

Dersom de vågar
å tenkje denne eventyrlege tanken, -

- og seier at jorda ikkje er flat, men rund,
vil det opne seg mange moglegheiter.

Då har de klart
å skilje arbeid frå inntekt.

Er eg fri til å seie nei?

Kva er det
som hindrar meg i å seie nei?

Jo, eg er nøydd til å ha ein jobb.

Kva om de alle hadde hatt ei borgarløn
som det var mogleg å overleve på?

Sjå på personen til høgre og venstre
og spør dykk sjølve -

- om vedkomande hadde sete der då.

Og hadde vedkomande
blitt sitjande særleg lenge?

Fridom er ikkje
å kunne gjere det ein ynskjer.

Fridom er å kunne la vere å gjere
det som er venta av deg.

Det er heile poenget.
Det er dette det handlar om.

Morn.

Morn.

Då vil nokon straks seie
at ingen lenger vil arbeide.

Då kan ein spørje dei:
"Kva ville du ha gjort?"

99,99 % av dei svarar:

"Sjølvsagt vil eg jobbe!
Eg veit jo kva det handlar om."

"Sjølvsagt ville eg ha halde fram med
å jobbe. Men ikkje dei andre."

"Dei ville ha lege på latsida. Dei ville
ha drege til skogs med hengjekøya."

Med ei borgarløn
på 1500 dollar i månaden -

- kunne fire vener gått saman
og surfa i California resten av livet.

Dette hadde dei hatt råd til.

Dei ville ha hatt ei samla inntekt
på 72 000 dollar i året.

Kva ville du ha gjort?
Kva ville du ha gjort om du vann i Lotto?

Friedrich Stickler,
austerriksk Lotto-direktør
Eg har blitt kjend med
nokre av storvinnarane, -

- og eigentleg endrar dei livsstil
i svært liten grad.

Det som skjer,
er at ein kjenner seg trygg.

Ein veit at ein er sikra for livet, -

- og kan sørgje for dei ein er glad i,
til dømes ungar og slektningar.

Ein har fått orden på livet.

Men dette fører i dei fleste tilfella ikkje til
at folk endrar livsstil totalt.

Dieter Dohr,
lottovinnar

I dag har vi suppe med
pannekakestrimlar, blanda salat, -

- okserull med potetstappe
og ferske grønsaker.

Ver så god. Lunchmeny til 11,90.

Eg rekna jo ikkje med å vinne jackpoten.
Då pustar du djupt, og tenkjer kva det betyr.

Du får 3000 euro kvar månad.
Kor raskt kan eg betale ned låna mine?

Ikkje til å tru.
Eg måtte takke Gud. Heilt utruleg.

Det som er kjekt, er å gjere
det godt saman med kollegaene, -

- og folk gratulerer deg.
Då er livet godt å leve.

Det finst folk som gjer noko -

- som dei ikkje våga tidlegare,
fordi dei ikkje hadde pengar.

Dei hadde ikkje økonomi til det.

Det har vist seg
at folk har ei enorm drivkraft.

Dei gjer noko heilt uventa.

Noko ein aldri hadde trudd
at dei var i stand til.

I mange år
har økonomar studert lottovinnarar.

Dei vitskaplege studia kan seie mykje
om kvardagslivet og vanane til folk flest.

Det viste seg at det å få utbetalt
5000 dollar i månaden resten av livet, -

- ikkje førte til dårlegare arbeidsinnsats.

Det viste seg tvert imot
at det å vere sikra ei inntekt -

- gjorde vinnarane i stand til
å følgje draumane sine og bli gründerar.

Med det systemet vi har i dag,
står vi overfor store problem -

- som borgarløna kan løyse.

Eg kan leve med at somme vel
å surfe i California på skattepengane mine.

Eg meiner likevel
at borgarløn bør innførast.

Klassekamp og andre regelbrot

La meg fortelje deg ein løyndom
som forklarer kvifor vi ikkje har borgarløn:

Eliten ser ned på vanlege folk.

Dei veit best.
Dei kan hjelpe.

Men lastebilsjåførar og fabrikkarbeidarar
vil truleg gjere mykje dumt -

- dersom ein berre gjev dei pengar.

Det ligg i menneskenaturen
å ynskje å utøve makt.

Difor har dei
ein grunnleggjande aversjon mot borgarløn.

Då kan dei ikkje lenger truge folk
med å ta arbeidsplassen frå dei.

I det 20. hundreåret blei det vestlege
demokratiet kapra av storkapitalen.

Det var ikkje lenger eit mål
å ha ansvarlege og opplyste borgarar.

Borgaren blei erstatta av forbrukaren.

Erich Fromm,
psykoanalytikar
I dag handlar demokratiet
i stor grad om manipulert samtykke.

Ikkje tvunge samtykke, men manipulert.
Og det er Madison Avenue som står bak.

Dei siste åra har ein brukt
omgrepet "tilkaringsverksemd", -

- som skildrar kva selskap gjer
i Washington og andre hovudstader.

Dei sender ein drøss med lobbyistar
som sprøytar pengar inn i valkampar.

Kva er dei ute etter?
Jo, dei vil beskytte føretaka sine, -

- slik at dei kan ta høgare prisar
og kare til seg pengar frå forbrukarane.

Walton-familien er den rikaste familien i USA.
Synest panelet at dei treng sosialhjelp?

Det viser seg at det er dei
som får mest sosialhjelp i USA.

Når ein lèt arbeidarar jobbe for svelteløn,
som Walmart gjer, -

- korleis skal då
arbeidarane på Walmart overleve?

Jo, dei får Medicaid til seg og ungane, får
matkupongar og bur i statsstøtta bustader.

Så eg spør dr. Winship:

Treng Walton-familien, som er
god for 100 mrd. dollar, sosialhjelp?

Ordet "sosialhjelp" er stigmatiserande.

Burde arbeidarane vere avhengige
av Medicaid og matkupongar?

Walmart har låge prisar, og ...

-Svar på spørsmålet.
-Kan du gjenta det?

Gjev det meining,
moralsk og økonomisk, -

- at Walton-familien er rikare
enn 40 % av amerikanarane til saman?

I 2016, to år etter denne høyringa, hadde
Walmart-arvingane like mykje pengar -

- som halvparten av
innbyggjarane i USA til saman.

Her er nokre av dei 160 millionar menneska.

Kven eig Walmart?
Vi eig Walmart!

Charles Brown,
tilsett ved Walmart
Ei løn til å leve av. Vi ber ikkje
om 30 dollar i timen, men ein brøkdel av det.

Walmart er det rikaste selskapet i verda,
men dei vil ha makt og kontroll.

Jobbar ein mindre enn 32 timar i veka,
kuttar dei i helseforsikringa.

Tiffany Beroid
Eg jobbar 40 timar,
men kva med dei som jobbar deltid?

Brått mistar dei helseforsikringa.
Kva skal det vere godt for?

Folk blir jo sjuke.
Kven blir vel ikkje sjuk?

Walter Lynn Jr.
Unge aktivistar som Tiffany
og det amerikanske folket må protestere.

Det gjeld ikkje berre varehandelen,
men den amerikanske draumen.

Folk må vakne før dei blir sparka.
Vi treng ein revolusjon.

Kva tenkjer du om at Buffet-planen din
utviklar seg til ein politisk kamp -

- og nesten ein klassekamp?
-Vi har hatt klassekamp i 20 år.

Som Warren Buffet sa,
vil klassekampen alltid finnast.

Det vil alltid vere
kjøpslåing og maktkampar -

- når den økonomiske kaka
skal fordelast.

Dette må vi vere klar over:

Klassekamp vil alltid finne stad, -

- og styresmaktene bestemmer reglane.

Det vi kan gjere, -

- er å innføre eit gebyr
på transaksjonar i verdipapirmarknaden.

Vi kan også overlate til styresmaktene
å trykkje friske pengar kvart år, -

- i staden for at bankane gjer det
utan å betale for det.

Tilkaringsverksemda
aukar i omfang for kvart år, -

- men framleis har ikkje økonomane
talfesta henne. Det er sjokkerande.

Det kan utgjere
heile 1/3 av økonomien.

Dette er pengar som blir tekne frå alle,
heilt utan grunn, -

- og det kjem av marknadsmakta og
den politiske makta som store føretak har.

Tilkaringsverksemda reduserte lønsemda.

Ein studie på 80-talet viste -

- at tilkaringsverksemd hadde redusert
totalinntekta i USA med 45 %.

Kapitalismen er eit system
der rikdom eller kapital blir brukt -

- til å produsere varer for sal.
Med andre ord: produsere ny rikdom.

Eg synest
at nasjonalformuen blir fordelt godt.

Thomas Piketty og Emmanuel Saez
slo fast at store lønsskilnader -

- var resultatet av
tilkaringsverksemda til dei rike.

Kor høg kunne borgarløna vore om vi hadde
finansiert henne med dei 45 prosentane?

Hadde ho vore på 5000 dollar i året?
10 000 i året?

Eller ville kvar innbyggjar ha fått
25 000 dollar i året, frå vogge til grav?

Slik eg ser det, hadde dei høge skatte-
satsane vi hadde før Reagan, vore bra.

Høge skattar er ikkje
til skade for økonomiske insentiv, -

- for det er ikkje det som driv dyktige folk
til å jobbe hardt.

Høge skattar er med på
å dempe grådigskap.

Når skattane er høge,
vil ikkje dei som tener best, tene på -

- å hente stadig meir ut
av resten av økonomien.

Dersom ein i dag gjer eit overslag -

- med ein sum på 1000 dollar i månaden,
så er produksjonsutbytet i USA høgt nok.

Albert Wenger, partnar i Union Square
Ventures, har studert økonomi ved Harvard -

- og har ein doktorgrad
i informasjonsteknologi frå MIT.

Albert Wenger, risikoinvestor
Dette er altså ikkje eit spørsmål
om økonomi, men om omfordeling.

Borgarløn er ei slags direkte omfordeling.

I staden for matkupongar
får folk pengane rett i handa.

Paul Ryan,
politikar (republikanar)
I fjor brukte styresmaktene over
ein billion dollar på behovsprøvde ytingar.

Kor mykje pengar er det eigentleg?

For det beløpet kunne alle fattige
amerikanarar fått ein sjekk på 22 000 dollar.

Kan økonomien skaffe til vegar dette?
Svaret er ja.

Driv staten med omfordeling i dag? Ja.
Dette handlar berre om å seie:

"Vi må innsjå at dette er
ei av dei viktigaste oppgåvene til staten."

Kven vil vere først ute?

I byrjinga av det 21. hundreåret
hadde Namibia -

- den mest urettvise fordelinga
av rikdom i verda.

I 2008 sette biskop Zephania Kameeta
i gang eit borgarløn-eksperiment -

- i landsbyen Otjivero.

Namibia er eit rikt land.
Det er noko alle veit.

I 2015 valde den nyvalde presidenten
å utnemne biskop Kameeta -

- til minister for fattigdomsførebygging
og sosialomsorg.

Zephania Kameeta,
namibisk minister
Vi må ikkje berre la nokre få,
men la alle namibiarane -

- få nyte godt av rikdomen
i dette landet.

Rudolphine Eigowas, sydame
Den første utbetalinga fekk vi under treet.
Det var ein flott dag, full av kjensler.

Folk sa: "No fell brød ned frå himmelen."

Vi samla oss under treet og bad.
Biskop Kameeta leia møtet.

Han sa: "Vi møtest her fordi vi vil
prøve ut borgarløn-ideen på dykk -"

- "og sjå om det fungerer."

"Så vil styresmaktene sjå
at det er eit bra tiltak."

Joseph Ganeb
Med dette kortet
får vi utbetalt borgarløna vår.

Vi hadde ikkje slike kort,
men då borgarløna blei innført, fekk vi dei.

Den 15. kvar månad
får eg ut pengar med dette kortet.

Éin, to, tre, fire, fem, seks, sju ...

Kortet mitt, takk.
Gud er god og fortener hyllest!

Takk skal du ha.

Då vi fekk pengane, -

- byrja vi å betale skulepengar
og sjukehusrekningane.

Før klarte ikkje folk å betale
korkje sjukehusrekninga eller skulepengar.

Dei åra folk fekk utbetalt borgarløn, -

- såg vi tydeleg korleis borgarløn
forandra livet til mange i Namibia.

Borgarløn betra levekåra til folk.

Då vi kom dit i 2007,
kvidde dei seg for å møte oss.

Dei følte seg skitne
og at dei var lite verde.

No har du sett at dei tør å stå
framfor ei forsamling og seie kva dei meiner.

Dei som påstår
at folk som får pengar, blir late ...

Det er ikkje sant!

Katrina Afrikaner, som flytta til landsbyen
etter at eksperimentet hadde byrja, -

- var ikkje kvalifisert til å få borgarløn.

Likevel gagna borgarløna henne òg,
for kjøpekrafta auka.

På eitt år steig sysselsetjinga med 25 %.

Gjennomsnittsinntekta, ikkje medrekna
borgarløna, auka med ein tredel.

Medrekna borgarløna
blei gjennomsnittsinntekta nesten dobla.

Lønene steig med 19 %, og inntekter
frå gründerverksemd firedobla seg.

Eg kjøpte ei ny symaskin.

Kjolen eg går i,
sydde eg med denne.

Dette viser at borgarløna var til stor hjelp.

Med den regjeringa vi har i dag, set eg
mi lit til at borgarløn til alle vil bli innført.

Det at den sitjande presidenten
utnemnde meg -

- til minister for fattigdomsførebygging
og sosialomsorg, seier mykje.

Det gjev håp.

Kom, la oss reise inn i framtida.
Kva vil vi få oppleve?

Epilog:
Framtida er no

Alle argumenta for og imot borgarløn -

- fekk stadig mindre å seie
i byrjinga av det 21. hundreåret.

Dette skulle kome til å bli ein like viktig æra
som den neolittiske revolusjonen.

For 10 000 år sidan
slo jegerar og samlarar seg ned.

Dei blei bønder og fann opp privat eigedom.

Paradiset der ein levde i overflod,
var dermed historie.

I det 21. hundreåret hadde menneskeslekta
utvikla så avansert teknologi -

- at dei kunne vende tilbake til paradiset.
Maskiner og robotar gjorde alt arbeidet.

To spørsmål stod att:
Kven eig ressursane, og kven eig robotane?

-IBM-maskiner gjer jobben.
-Slik at folk får tid til å tenkje.

-Det er dei best til.
-Maskiner bør jobbe.

-Folk bør tenkje.
-Maskiner bør jobbe.

-Folk ...
-... bør tenkje.

Vi har eitt stort problem
som vi ikkje veit korleis vi skal løyse.

Vi veit ikkje eingong
korleis problemet vil sjå ut.

Og det er dette: Folk kjem til å bli
erstatta med datamaskiner og robotar.

Dette vil skje i stor skala, utan samanlikning
med noko vi har sett tidlegare i historia.

Det er ikkje berre
jobbar for ufaglærte som vil forsvinne, -

- men også jobbar som krev høg utdanning,
og som datamaskiner vil kunne gjere betre.

Signala gjekk tilbake til respons-
aktivatorane og påverka transistoren.

Du får neppe fleire problem med roboten.

Kvar einaste dag,
både heime, på kontoret og i bilen, -

- gjer fleire hundre små robotar
meir for oss enn vi veit.

Science fiction har fått oss til
å tenkje på robotar på ein spesiell måte.

Marshall Brain fekk ideen om borgarløn -

- då han såg at robotar og auto-
matisering fører til at jobbar forsvinn.

Marshall Brain,
dataingeniør
Vi ser på R2-D2 som ein robot,
og C-3PO er ein menneskeliknande robot.

Det er slik vi ser føre oss
at robotar skal sjå ut.

Men vi har robotar
av mange slag rundt oss allereie.

Ein minibank er ein robot -

- som gjev oss pengar, og som gjer
at vi ikkje treng bankkasserarar.

Snart kunne kunstig intelligens
konkurrere med menneska på alle område.

Ifølgje ein studie frå Oxford i 2013 -

- kunne nesten 47 % av alle jobbar
bli automatiserte.

Dei neste 20 åra forsvann dei jobbane.

Menneska har alltid undervurdert
eksponentiell vekst, -

- og på starten av 2000-talet opplevde
IT-teknologien ein eksponentiell vekst.

For tre år sidan kom IBM med eit forslag:
Den neste utfordringa innan databehandling.

Mine damer og herrar,
dette er Watson!

"Datamaskiner kan aldri spele Jeopardy.
Ein treng kunnskap."

"Spørsmåla er innvikla.
Du må vere rask på labben."

No speler vi Jeopardy.
Du kan velje kategori.

OL, 400.

Det var tilsynelatande ikkje mogleg.
Så kunngjorde IBM at dei jobba med -

- ei datamaskin som kunne spele Jeopardy.
Og datamaskina slo dei beste deltakarane.

Og det med god margin.
Ho slo dei ned i støvlane.

-Kva er "kvist"?
-Korrekt. Du aukar leiinga. 5200 dollar.

Så kjem Brad med 1000,
og deretter Ken med 200.

Eg har 35 års erfaring med datamaskiner.

Dei første 25 åra skjedde det
svært få framsteg på dette området.

Då er vi i gang.
Korleis går venstresvingen?

Dei siste ti åra
har det skjedd ei rivande utvikling.

Berre tenk på dei sjølvkøyrande bilane.

Dei første forsøka
i regi av det amerikanske forsvaret -

- fann stad for mindre enn 10 år sidan.

Dei beste bilane greidde kanskje
nokre få kilometer før dei stoppa.

På berre ti år har vi no utvikla bilar -

- som kan køyre fleire hundretusen kilometer
på trafikkert veg utan førar.

Slike framsteg var det lenge
heilt umogleg å førestille seg.

Når trur du vi ikkje lenger
treng taxisjåførar her i New York?

Så snart programvara er klar.
Bilen er klar. Det er nok framtida.

Dei vil få det til å fungere.
Det er dei nøydde til. Det er uunngåeleg.

-Det kan snakke 80 språk. Fantastisk.
-Kva skal taxisjåførane gjere, då?

Folk i denne byen er svært fleksible.

Lastebil-, taxi- og FedEx-sjåførar,
kanskje tre millionar menneske, -

- vil vere mellom dei første
som mistar jobben.

Det er lett å sjå føre seg
at jobbar i byggjebransjen vil forsvinne.

Robot-taktekkarar, robot-murarar og slikt ...
Dette blir truleg snart ein realitet.

Dette er ikkje intellektuelt krevjande jobbar.
Der vil vi sjå mykje automatisering.

Når det er snakk om intellektuelle jobbar,
kan teknologi som "Watson" kome til nytte -

- på område som juss,
medisin og rekneskapsanalyse.

Vi vil nok sjå automatisering også der.
Prestisjefylte jobbar kan forsvinne, -

- for jobben kan gjerast
med teknologi à la "Watson".

Dei neste 50 åra vil folk
både kunne sjå og høyre heile verda.

David Sarnoff,
NBC-direktør
Små radioinstrument
vil gjere det mogleg å kommunisere -

- med kven som helst
og kvar som helst.

Aviser, tidsskrift, brev og meldingar
vil bli sende gjennom lufta lynkjapt, -

- for så å bli henta opp att i heimen.

Erik Brynjolfsson, MIT
Verktya er meir avanserte enn nokosinne,
så vi er sjølve herre over framtida.

Dette valet må
politikarane og veljarane gjere, -

- I tillegg til dei som påverkar dei.
Og mange av dei er her i Davos.

Vi må hugse at valet
til sjuande og sist er vårt.

Kan vi lage eit skilje
mellom arbeid og inntekt?

-Ja, det kan bli mogleg.
-Seier du det? Det høyrest fantastisk ut.

Dileep George,
forskar på kunstig intelligens
Ja, i den forstand at ein ikkje må jobbe
for å få ei grunninntekt.

Då jobbar du fordi du likar det,
ikkje for å kunne brødfø deg sjølv.

Ville du ha gjort andre val i livet -

- dersom du ikkje trong
bekymre deg for pengar?

Eg skulle gjerne ha blitt senator.

Ein ærleg senator.
Det skulle eg gjerne ha blitt.

Eg skulle gjerne ha hjelpt folk.
Lytta til kva problem dei har i kvardagen.

Og gjort ting betre.

Vi veit allereie at dersom ein
tek vekk pengar som insentiv, -

- dukkar altruismen fram i folk.

Hadde ein spurt folk for 20 år sidan
om det ville kome eit svært oppslagsverk -

- som var laga av frivillige,
ville ingen ha trudd på det.

Men Wikipedia har vist at folk er altruistiske.
Dei vil gje kunnskap til andre menneske.

Vil eg forsørgje eit samfunn, må eg
ikkje spørje om det finst nok pengar, -

- men om det finst nok varer.
Pengar forsørgjer ikkje noko samfunn.

Pengar er
korkje nærande eller smakar godt.

Heller ikkje med smør på.
Ja, då treng du jo faktisk smør.

Du treng varer. Spørsmålet blir:
Har vi nok varer til disposisjon?

Svaret gjev seg sjølv:
Kvifor finn vi oss i fattigdom -

- når vi produserer
meir enn nok varer?

Det er ei marknadsbasert tilnærming
å gje alle borgarløn.

Då vil alle eige den rikdomen
som reint moralsk tilhøyrer alle, -

- sjølv om lova seier noko anna.
Vi må lovfeste felles eigarskap.

Alle kunne ha teke ferie resten av livet.

Robotar gjer alt arbeidet.
Dei produserer alt og gjer alt som trengst.

Då er jo menneska
frie til å gjere som dei vil.

Kva skal eg gjere?
Korleis skal eg leve?

Vi er i det 24. hundreåret.
Materielle behov finst ikkje lenger.

Kva er då utfordringa?

Utfordringa, Mr. Offenhouse, er
å bli eit betre menneske. Utvikle seg.

Nyte livet.

Ikkje ver redd. Du treng ikkje
vente i 300 år. Framtida er her allereie.