Copyright (C) NRK

Frå gammal tid har folk i Telemark
nytta vassdraga som vegar.

For inntil 100 år sidan,
då dampbåtane byrja å gå, -

- rodde dei om sommaren
og køyrde over isen om vinteren.

Når dei kom til fossar og stryk,
måtte dei bruke hest og kjerre, -

- til dømes over Geiteryggen,
like før Skien.

På skysstasjonen Fjære gard
syner gjesteboka -

- at både Tidemand og Gude
har budd her.

Bøndene kom til byen
med smør, ost, kjøt og skinn, -

- og tok med seg slikt dei mangla
på garden, til dømes brennevin.

Ein bytur var ei hending på den tida.

I dag ligg derimot byane tett i tett
ved osen av vassdraget.

Langesund.
Brevik. Porsgrunn.

Og Skien,
som er fødebyen til Henrik Ibsen.

Det er to vassvegar i Telemark.
Den eine går frå Skien til Notodden.

Han er over seks mil
og går gjennom fire sluser.

Den andre frå Skien til Dalen er
over ti mil, går gjennom 18 sluser, -

- og lyfter båten
72 meter over havet.

Allereie kl. 5 om morgonen
dreg lastebåtane ut på ferda si.

Turistruta frå Skien til Dalen
har ikkje vore i drift dei siste åra.

Men neste sommar
vert Victoria bygd om, -

- og tek opp att ruta si
på Noregs største kanalanlegg.

Ved idylliske Skotfoss
vert båtane lyfte opp -

- gjennom dei tre slusene
i Løveid-kanalen.

Slusene er nesten 40 meter lange,
sju meter breie -

- og 2,5 meter djupe.

Det tek 15 minutt å kome gjennom dei,
og det kostar 15 kr for ein båt.

For 100 år sidan var det inga
storstilt opning med stort frammøte.

Men i går hadde store og små
møtt fram for å minnast pionerane.

Fylkesmann Tidemann Evensen tala.

Han sa at 1. mai 1861 innleidde eit
nytt kapittel i Telemarks historie.

Då vart kanalen opna av grunn-
leggjaren Hans Jørgen Christian Aall.

I dag går kanalvegen
som eit blått band -

- 105 km inn i Telemark.

Det har skjedd takka vere samspelet -

- mellom naturen,
menneska og teknikken.

Og så vart det lagt ned kransar
og bore fram helsingar.

Og til slutt var det brus og kaker
til 400 glade born.

På Skotfoss er ein syngjande barber.
Slagerkomponisten Henry Skilbred.

I dag vil han syngje
ei av rallarvisene sine til oss.

Han var en ekte rallar.
Hans navn var Glade Karl.

Og han knuget her ved Løveid kanal.

Den gang han kom hit,
var en veldig skjæring satt i gang, -

- som var 370 meter lang.

Når nå du reiser
gjennom vår kanal en sommerdag, -

- nytes turen på dekk med velbehag.

Tenk da på hver trofast rallar
og hvert et arbeidstak.

Hvert et smell, hvert et slag
og tordenbrak.

Denne hola har naturen sjølv laga.
Ho minner om ein romersk katedral.

Mikaelshola er kjend
frå langt attende i soga.

Her budde den katolske pateren
Sylvester og nokre katolikkar -

- etter at reformasjonen
var komen til Noreg i 1537.

Om natta kunne folk høyre at pater
Sylvester song latinske klagesongar -

- utover Norsjø.

No er denne fjellkyrkja i bruk
to gonger i året.

I pinsehelga møtest katolikkar
frå heile landet her.

På sundagen før sankthans samlar
speidarar seg til gudsteneste her.

Hundrevis av folk
sit i båtane sine på Norsjø -

- og lyder på preika
gjennom høgtalaren.

Her ser vi
dei gamle kyrkjeruinane i Holla.

Vi får sjå dei gamle bustadene
som høyrer til Ulefos Jernværk.

Ulefoss har to store verksemder:
Cappelen og Aall.

Ulefos Jernværk er ei av dei eldste
bedriftene i landet, etablert i 1657.

Frå gammal tid og fram til i dag har
det vorte laga omnar og kaminar her.

Slepebåten "Rusla" er 50 år i år.

Men no har båten og kanalanlegget
fått sterk konkurranse -

- når det gjeld å få tømmeret fram.

Rasjonalisering må til.

Holden gård er bygd i herregardstil,
og ligg i ein vakker park på Ulefoss.

Det er heimen til godseigar Cappelen.

Sivilingeniøren Didrik Cappelen viser
fram ei samling med gammalt porselen.

Målaren August Cappelen
høyrde til denne familien.

Over 40 av måleria hans
finn vi her i heimen hans.

Familien Cappelen driv med jakt,
og har mange jakttrofear å syne fram.

Den store verksemda Aall-Ulefos Brug
har òg sagbruk, tresliperi, -

- mekanisk verkstad
og ein spesialfabrikk for dører.

Denne dørfabrikken
lagar 80 000 dører i året.

800-900 menneske jobbar
hjå Cappelen og Aall på Ulefoss.

Ulefos Hovedgaard, som
familien Aall eig, vart bygd i 1807.

Han ligg der som eit lite slott
frå napoleonstida, i klassisk stil.

Brukseigar Aall viser
ein del av kunstkattane sine.

Her er ei samling
av Harald Kihles telemarksbilete.

Døypefatet i midten
har vorte nytta i slekta.

Det er brukseigar Niels Fredrik Aall
og kona hans, Karen, -

- som bur på Ulefos Hovedgaard no.
Her ser vi dei ei ettermiddagsstund.

Ingeniøren Nils Schiøtt frå Ulefoss
jobba lenge for kanalselskapet.

Men midt i sine beste år flytte han
til Vatnelian, og vart fjellbonde.

Her bur han framleis, snart 90 år
gammal. Her trivst han godt.

Men han held eit ope hus,
og likar å få folk på vitjing.

Eigedomen med 8000 mål skog har
han testamentert til Skiforeininga.

Desse slepebåtane er på veg
til Notodden og Tinfos papirfabrikk.

For 100 år sidan
var Notodden dekt av skog.

I dag bur det 7500 menneske
i denne driftige byen -

- som ligg mellom Tinnåa
og Heddalsvatnet.

I november 1870 kom Telemark
på folketunga verda over.

Paris var omringa og beleira.

To franske offiserar skulle frakte
post til Sør-Frankrike i ein ballong.

Men ballongen tok ein annan veg, -

- og til slutt hekta gondolen seg
fast i ein grantopp på Lifjell.

Etter å ha gått rundt i snøen i
19 timar møtte dei to tømmerkøyrarar.

Franskmennene skjøna kvar dei var, -

- då dei fekk sjå ei øskje fyrstikker
som det stod "Nitedals" på.

("Til Telemork" av Per Sivle)
Aa, kunde eg fara til Telemork
og liva ei Sumarstund!

Der gror det Ryllik paa Stove-Tak -

- og Songar paa Folkemunn.

Til Telemork, dit stend mi Traa.

Til Gauksto-Fjell
og til Vinje-Gjeld.

Til Rjukan sval
og til Morgedal.

Til Sumars so fær me sjaa!

Til Sumars so fær me sjaa!

Eg lengtar aa sjaa
der han Aasmund rann -

- som Raun av den gamle Rot.

Eg lengtar aa sjaa,
der han Jørund Skald -

- gjekk fram paa sin Gjætar-Fot.

Eg vitja vil han Dyre Vaa -

- og gjesta Troll inni Grunge-Koll -

- og Raudberg-Nut,
og so Storegut.

Til Sumars so fær me sjaa.

Til Sumars so fær me sjaa.

Å, kjære mi Sigrid,
når tidi feller dogg, -

- ei vise eg sender til deg.

Kvar einaste dagen
eg kjem deg i hug, -

- og ynskjer deg heime hjå meg.

Eg stundar så sårt til den dag -

- då alt fær eit ljosare lag.

Men aller
eg tregar det einaste slag.

Når våren kjem der
med blomar på eng, -

- då veit eg du fylgjer meg, du.

Om kjærleiken
fuglane syng der me gjeng.

Då blir det vel gama, skal tru.

Du fylgjer når gauken gjel.

Du fylgjer når lauvet fell.

Du fylgjer meg, du,
til den seinaste kveld.

Norske tekstar:
Olav Aasmundtveit