Copyright (C) NRK

Eg har aldri sett det så ille.

Det kunne bli i meste laget
av alt dette året.

Vêrrekordar forbløffa oss
gong etter gong.

Grensene vart flytta litt
i alle retningar.

Dette var eit fælt syn.

Ein lang og kald vinter
med enorme snømengder.

Grav deg ned i tide.
Men grav deg ut att!

Det er mykje snømoking, då.

Så kom sommaren med varmerekordar
og tørke i store delar av landet.

Det er heilt knusk.

Og då hausten først kom,
vart det nedbørsrekordar og flaum.

Vêret har plaga dei som treng
stabilitet og eit vêrlag å lite på.

Og kanskje fått oss andre til
å tenkje: Skjer det noko no?

Den bilen som eg var så glad i.

Eg kjenner meg nesten ikkje att!

2018 kan bli ståande
som det året -

- der vi verkeleg fekk føle
klimaendringane på kroppen.

For dei som har vêr og klima som
jobb, vart 2018 eit spanande år.

Det er fint her, altså ...
Klima er eigentleg vêrstatistikk.

Eit år med så mange rekordar
er spesielt.

Vi har hatt kulderekordar
og varmerekordar, -

- med klar overvekt
av varmerekordar.

Forklaringa kan vere å finne
heilt nord på jordkloden.

Det var ei såkalla blokkering.
Vêrmønsteret gjekk i lås.

Vi hadde eit kraftig høgtrykk
over store delar av Nord-Europa.

Og det var blokkering
frå februar til august.

Fordi oppvarminga går raskare
i Arktis, kan det bli meir av dette:

Ein fastlåst vêrsituasjon
kan vare i månadsvis.

Vi gjekk inn i 2018 med eit tjukt
lag snø over det meste av landet.

Ingen såg
kor lenge det skulle vare.

Så var det stopp.
Litt kjedeleg.

Eg har jobba i 18 år. Slike
snømengder kan eg ikkje hugse.

Litt meir brøyting hadde hjelpt.
Det kan bli tunge dagar.

Stavanger har berre éin verkeleg
bakke, opp Ullandhaug.

Her vart det skikkeleg kaos.

Det kom ein bil
i motsett køyreretning.

Eg var så gyseleg uheldig
at det kom ein traktor.

Det var rett før han køyrde i meg,
men han køyrde ut av vegen.

Vegen er islagd. Eg har ikkje
sett ein einaste strøbil enno.

Eg har strødd litt, så eg kjem ned
bakken utan å risikere noko meir.

Vi treng hjelp!

Årets første ekstremvêr
kom tidleg i januar.

Cora dundra inn mot Møre og Romsdal,
Trøndelag og Nordland -

- og skapte store problem.

Det er målt orkan oppe i høgda.

Det kjem byer
som kastar seg over oss.

I Namsos flerra vindkast taket
av hus og lagerbygningar.

På Ottersøy vart ein bil knust
av ei kran som velta.

Men det er også noko
forlokkande ved ruskevêret.

I styggevêr må vi ut
og sjå korleis det er.

I finevêr sit vi inne og kosar oss.
Når det er slik, må vi ut og sjå.

Oi, oi, oi! Sjå der!
Sjå der, då!

Tung snø i Telemark
og på Sørlandet -

- braut ned skog
over kraftlinjene.

Tusenvis av heimar og arbeids-
plassar vart straumlause i dagevis.

Eg høyrde det knaka
av tre og greiner som knakk.

Oppfinnsame løysingar måtte til
for at folk skulle få att straumen.

Vi får ikkje lagt inn linja
frå sentralen, så vi må ...

Det ligg og kortsluttar ein plass.

-Då må de gå i ulendt terreng?
-Vi må gå der linjene går.

Så det kan bli nokre utfordringar.

Det er tungt og hardt fysisk.
Veldig bra trening.

Inga umogleg oppgåve.
Vi klarer dette, altså.

-Er de redde for meir nedbør?
-Ja.

Og meir snø kom, dag og natt,
til langt ute i februar.

Vi må 50 år tilbake i tid
for å finne slike snømengder.

Elva Driva vart stoppa til
av eit ras.

Det har gått eit stort ras på andre
sida og laga ein propp i elva.

Så vatnet byggjer seg opp
veldig fort.

Det kunne bli ei farleg flodbølgje
nedover dalen når proppen losna.

Løysinga vart å lage ein kanal
for vatnet gjennom raset.

1,10 cirka.

Det er andre gongen vi mokar
hyttetaket i år. Det seier litt.

Der sat han!

Snøen braut ned taket
på mange bygningar.

Her fekk 15 storfe taket i nakken
då snøen vart for tung.

Det vart ein kamp mot tida
for å få ut dyra.

Dei fleste stod borte i eit hjørne.
Vi opna veggen og fekk dei ut.

Men ikkje alle kom frå det i live.

Gå heim til mamma!
Kom igjen, også du!

For andre firbeinte gav snøen
også høve til leik og moro.

Det er litt texas.

Grisene er litt gladare i snø
enn det bonden er.

Når straumen går,
må vi grave fram gjerda.

Då går ryktet i flokken.
"Det er ikkje straum, berre kom!"

Vi får ikkje singelen til
å sitje i isen.

Han berre sklir ut til sida.

Det er skummelt.
Ein må køyre og gå forsiktig.

Det fall mykje snø,
det vart moka, og så slutta dei.

Her er resultatet.
Ein kjem seg ikkje fram.

Det var ikkje strødd.
Det er for dårleg.

Det sit mange her med gips.

40-50 har vi fått inn
kvar dag sidan nyttår.

Alle fortel det same.

Høgt oppe over gatene
jobbar godt sikra snømokarar.

Huseigarar som ikkje ryddar taka,
kan få bøter på mange tusen.

I fjor låg vi på to ileggingar. Hittil
i år er det 30 gebyr på istappar.

No er det 127 cm.

Det er flott for skigåing.

Men det er mykje snømoking.
Det er stort sett det vi gjer.

-Er du klar for varmare tider?
-Absolutt. Vi må dra sørover.

Ingen går på ski lenger, heller.
Så snøen er berre til plunder.

I Nord-Noreg er det snømangel
som er problemet.

Eg ventar i spenning
på påskesnøen.

-Kjem han?
-Det gjer han alltid.

Salet av snøfresarar
gjekk bra - på hausten.

Fram til det slutta å snø.
Då var det bom stopp.

Alle "snøprodukt":
snøfresarar, snøskuterar ...

-Korleis skildrar de dette vêret?
-Ikkje så bra.

-Saknar du ikkje snøen?
-Nei. Saknar ikkje å moke.

Tyngre reiskap
var nødvendig sørpå.

Vegen til Ørsdalen vart blokkert
av eit snøras. 50 vart innesperra.

Vi kan ikkje gjere noko med vêret.

Også i Hunnedalen fekk hytte-
folket eit uventa langt opphald.

Vi har hatt mat og OL på TV og ...

Verre å vere fire uplanlagde dagar
saman med svigers!

Ikkje alle skjønar
kva forhold det er her oppe.

Her er det rasfarleg.
Vi får berre leve med det.

Eg er reddare for
å reise på restaurant i Oslo.

Det er så gale!

Vi reiser ikkje lenger, vi.

Kvart år døyr folk i snøskred
her i landet. Også dette året.

For mange andre var det nære på.

Sat berre bom fast.
Ikkje så mykje å gjere.

Eg kunne bevege augelokka.

Og så såg eg litt lyseblått over.
Eg prøvde å reise meg ...

Men eg var heilt låst.

Så fekk eg bevegd denne handa
og grave meg litt opp ...

Eg fekk handa opp til ansiktet og
litt forbi og fekk stukke handa ut.

Då fekk eg iallfall luft.

Eg begynte å renne ...
Traverserte kanskje 20 meter.

Då var det som å få ei dør i fjeset.
Bang, så er det mørkt.

Andreas låg i snøen
oppe i henget her.

Vi hadde ikkje noko håp om
å finne han i live.

Då eg var 10-15 m unna, såg eg han.
Tilsynelatande livlaus.

Det er sterkt å høyre det.

Det er jo ei historie
om den dagen eg vart redda.

Den dagen eg overlevde.

Ikkje den dagen eg
vart skadd eller døydde.

Eg vel å sjå på det
som den dagen eg overlevde.

No er det heilt fenomenalt.
Det er berre å komme seg ut på ski!

Det er forferdeleg vanskeleg
å smørje. Alle får kladdar no.

-Gjekk det bra?
-Første gongen i dag!

Jippi!

Her har vi Klæbo, han rykkjer.
Han dreg frå alle andre!

Ingen kan stoppe han!
Klæbo! Herleg!

12 mil, 120 km.
1050 rundar.

Rundt og rundt,
og litt opp i småbakkane.

Eg er ikkje lei vinteren,
men gler meg til våren.

Eg har andre ting å gjere
enn å gå på ski.

Vi har aldri sett snø før.

Rart å berre dra
til Las Palmas på badeferie.

Eg drog til Honningsvåg i romjula.

Det svir på gammalskinnet,
men det gir meg ein tanke om at:

Eg badar, ergo er eg til.

Her har vi han, veit du.

Det har gått fint.

Han delte seg oppi her, men når
det er så mykje snø, tek han løypa.

Men han fór ned til vegen oppi her,
så det kunne blitt litt action.

Vi har aldri gått på sånn is.
Vi plar gå i skøytehallen.

Eg synest det er kjekkare. Mykje
meir fridom. Du kan gå kor du vil.

Moldefjorden frys,
og vi får ei veldig stor flate.

Her kan du gå fleire timar
på tur om du ønskjer det.

Eg er litt gammal,
men det er greitt å gå på skøyter.

Med stavar føler ein seg nesten
som ein verdsmeister.

Eg skal klare det der,
men eg må trene litt først.

Det er éin ting å vere i ein ishall
og gå kunstløp.

Noko heilt anna å vere ute
og sjå fjella og snøen.

Det er veldig kult.

Det fungerte enno!

I februar hadde vi minus
42 gradar i Folldal i Hedmark.

Den lågaste registrerte temperaturen
i heile landet den vintersesongen.

Det var også den lågaste tempera-
turen i heile Europa i februar.

Det vart mars,
og vinteren gav seg ikkje.

Det er friskt og godt.
Ein må ha vindtette klede.

Kor mange lag har du?
Du har den, og fleece ...

Under er det ull.

Vi vil jo helst til Syden. Mykje
betre enn å vere her akkurat no.

Her ser ein kor mykje is
det har komme.

Det har vore kaldare enn normalt,
så då er det is i havet.

Det er ikkje alle vintrar
vi har det i Hvaler.

Det går heilt bra
berre ein kler seg.

Det blir varmegradar
utpå dagen, nesten.

-Men om morgonen er det kaldt?
-Ja, mange og tretti.

Men når det kryp over 20 minus,
då er det bra.

For alle som liker snø, vart påska
2018 det ein alltid drøymer om.

Det er utruleg fint vêr.
Ikkje så veldig kaldt.

Skitfint, synest eg.
Mange kosar seg i bakkane.

I påska kjem vinteren også i nord.

Det overraskar ein turist på Nord-
kapp. Han har vore vêrfast i påska.

Stengde vegar over heile Finnmark.

Det går ikkje an å køyre bil. Vegane
har vore stengde i fleire dagar.

Vi har straum, så det er bra.

Dei siste ti åra har vi ikkje hatt
ein sånn periode over så lang tid.

Bilvegen til Kamøyvær
er stengd i over ei veke.

Ein må berre flire.

Vi kan grave oss ned.
Men grav deg ut att!

Det er ikkje stengt pga. dårleg vêr.
Men pga. skredfare.

Vi kom ut av tunnelen.

Eg såg ned akkurat då,
og så bråbremsa sambuaren min.

Då hadde skredet gått,
og vi køyrde inn i skredet.

Så kom det eit skred til bak oss.
Vi stod fast mellom to skred.

Det går unna når Lars Børre ryddar
fotballbanen på Bankgata skule.

Det var på lukka område,
så det var heilt lov.

Bodø/Glimt-supporteren ville sjå
laget sitt spele mot Lillestrøm.

Men like etter kampstart
måtte han ut og brøyte banen.

Kampen er avslutta her i Bodø.

Det såg ut til
at kampen måtte avsluttast.

Traktoren til laget
vart for puslete for jobben.

Men så kom Lars Børre!

Då eg passerte den andre
traktoren, vart det full jubel.

-Det gløymer du ikkje?
-Nei.

Då våren etter planen skulle komme,
i april, var det mykje snø i landet.

Kva ville skje
når snøen ein gong smelta?

Eg fryktar storflaum.

Sjølv dei yngste meinte
det fekk vere bra no.

Det har vore kjekt,
men no er eg litt lei.

Eg er ganske lei no. Eg vil heller
hoppe på trampoline og sykle.

-Huttemegtu!
-Det er kaldt. Eg er frå Afrika.

Det er gøy, men eg
kunne gjort andre ting òg.

I Snertingdal kollapsar
eit grisefjøs så seint som i april.

Vanskeleg å beskrive det.

Tragisk. Vondt.

På Raufoss kunne menneskeliv
gått tapt same dagen.

Det kollapsa 17.05 i går. Det kunne
like godt skjedd mellom 8 og 16.

Så vi er litt "shaky", men glade.

Dei første vårteikna kjem omsider.

Frå Jæren.
1 md. seinare enn normalt.

Det er herleg når det blir
slikt vêr, og det er fint ute.

Det er ei fryd å vere bonde.

Det er ikkje gale her.

Det er ei litt meir behageleg
gjødsellukt.

Møkkalukta er litt mildare
på Jæren i år pga. ny forsking.

Eg trur ikkje du skal ta "bånnski".

Oppe i fjella ved Trollstigen
må store mengder snø fjernast -

- før turistane kan komme.

Som å køyre inn i ein betongvegg.

-Han gjekk, trommelen òg.
-Han går no, ja.

Alltid dette spørsmålet:
"Når opnar du?"

-Når opnar du?
-Det nyttar ikkje å fiske på det.

Opninga av vegen til Lysebotn og
Kjerag er ekstra utfordrande i 2018.

Næraste naboen til bommen merkar
at turistane er utolmodige.

Dei bankar på og spør
om eg kan "speake" engelsk.

Vi vil gå til Kjeragbolten.

Dei seier dei skal til Kjerag,
men eg seier det er "closed".

-Kva seier dei då?
-Dei ristar på hovudet og går.

I slutten av april losnar isen
på Namsen og skaper flaum.

Og nord for Mosjøen kunne det gått
skikkeleg gale på Nordlandsbanen.

Eit fælt syn.

I Glomma førte ein gigantisk
ispropp til at elva tok nye løp.

Straumen akselererer.
Det er nesten så det skummar.

Utover i mai fortset snøsmeltinga
og lagar problem langs elvane.

Opna klokka tre, trudde ikkje
det kom så mykje vatn ...

Ikkje alle lèt seg imponere av
vassmassane, sjølv om kjellaren flyt.

Det er ikkje store flaumen, dette.

Men det kan bli meir
om det held fram med å regne.

Det er heilt grufullt.

Det er forferdeleg.

Du får klump i halsen.

Fullt av bakteriar.

Alle møkkakjellarane i
Gudbrandsdalen samlar seg her.

Midt i mai snur det frå kulde
til full sommar i Sør-Noreg.

Dei første meldingane
om varmerekordar dukkar opp.

Over 30 gradar mange plassar.
Lista med rekordar er endelaus.

-Korleis har det vore i Bergen i dag?
-Fantastisk. Betre enn i Syden.

Det er så varmt
at det slår vel alle rekordar.

Det er litt rart
at det er så varmt i mai.

Alt i mai kan ein sjå at varmen
tærer på dei store isbreane.

No hoppar eg!

På Jostedalsbreen finn
eit turfølgje eit eksotisk basseng.

Med den plutselege varmen og
lite nedbør blir bøndene urolege.

Det ser ut som tobakk.
Heilt uttørka.

Ikkje uro utan grunn,
skulle det snart vise seg.

Ein får nesten uvenner
om ein seier at ein ønskjer regn.

Vi må be til høgare makter om
å få slutt på "dritvêret" snart.

Her er det berre så det ryr.
Det er ekstremt.

Alt i mai kjem meldingane
om skogbrannar.

På øya Ombo
truar elden hytter og hus.

Vi la oss ikkje.
Vi sat påkledde i ein stol.

Brannfolka har gjort
ein veldig innsats.

Men sånn blei det.

Men eg trur det skal gå bra no.

Det er juni, og landet
er delt på midten vêrmessig.

-Du skjelv. Frys du?
-Kald på hendene.

Det har vore veldig fint i Sør-
Noreg. Heilt til vi kom til Bodø.

Risikabelt å køyre
på sommardekk her.

Det kunn' ha vorre verre
verre vær i verret ...

Det er stakkarsleg, altså. Ja.

Det blir nok sommar.

Tenk på dei som får komme hit
frå den varmen i sør!

Får lukke opp vindauget
om natta og puste inn.

Det er betre å kle på seg
enn å ikkje kunne kle av seg.

Vi kjem til å få "all time low"
når det gjeld soltimar.

Skal vi nå tidlegare rekord, må vi
ha ti timar kvar dag ut månaden.

Det greier vi ikkje.

Vi ligg også godt an til å få
den våtaste junimånaden -

- sidan vi begynte å måle her oppe.

Kan vi ha det betre?

Det er som midt på vinteren.
Tørr, fin snø. 30 cm nysnø.

Vi som liker å stå på ski, kan
ikkje forlange meir. Heilt perfekt.

Også Trøndelag
får ein kalddusj i juni.

I natt lynte det i to timar.
Så vi vart blinde i natt.

Det kom over 80 mm til min målar.
Det hagla og spruta.

Lenger sør i landet
er stemninga annleis.

God og søt og luktar veldig godt.

Faren er at alt modnar samtidig.

Det er litt fortvilande
når vi vaknar: "Sol no igjen?"

Masse jordbær
no som vêret er så fint.

Sol kvar dag,
så vi er glade.

Det går frå vondt til verre
for bønder som ikkje kan vatne.

Tragisk at vi ikkje
får kornet til å spire eingong.

Store delar av åkrane spirer ikkje.

Desse små spirane er bygg.
Dei skulle ha vore så høge no.

Dette er ikkje frodig jord.

Berre trist, eigentleg.

Heilt knusktørt alt som er.
Røter og alt, heilt ferdig.

Det hjelper ikkje
om det kjem regn på dette no.

Vi må begynne å slakte ut dyr.

Det er fælt
når vi driv med avlsarbeid.

Det regnar nesten ikkje i sør i
juni. Slik er det utover i juli òg.

Graset er heilt brunsvidd.

Hjorten skulle beite her
om sommaren.

No har eg berre havre å gi dei.
Ikkje gras, ingenting.

Det er jo heilt knusk.

Å liggje om natta og gruble på
om du har fôr til dyra ...

Det er tungt.

Eg fekk slå åkeren hos naboen.
Men før det var det krise.

Vi ringte til Håkon og sa
at han kunne ta dette kornet.

Får han for lite, må han vel
slakte dyra. Så hardt er det.

Det har aldri vore slik før
at sauene kjem ned frå fjellet.

Det tyder på
at dei leiter etter vatn.

Vi har aldri køyrt vatn hit før,
som eg veit.

Eg har vore her sidan eg var lita.

Skal eg hente
ei bøtte med vatn til dei?

Ja, tørst, ja!

Og det same i skogen.
Ingen kan minnast ein slik tørke.

Det finst ikkje vatn i terrenget.
Bekkene er tørre, myrane ...

Vi finn ikkje vatn når vi kjem ut.

Brannhelikopteret er ofte det
einaste som kan stogge elden.

Vi må ha 1,5 km med slangar
for å komme inn til brannstaden.

Det har gått så langt ned i jorda
at vi må grave oss lenger ned.

Er det 1 m med jordsmonn,
er det 1 m å grave.

Eg vil tippe
vi har folk her i éi veke.

Hadde vi fått 40 mm nedbør i morgon
tidleg, ville vi vore ferdige.

-Korleis ser dette ut?
-Ikkje lovande.

Det blir nok manuelt arbeid.
Eit reint slit.

Midt i juli kjem eit kraftig
torevêr med lynnedslag.

Det brenn over 100 stader sam-
stundes på Sør- og Austlandet.

Eg har ikkje opplevd så mange lyn-
nedslag samtidig, og så konsentrert.

Det er vanskeleg.
Det er stiv kuling i alle retningar.

Så vi klarer ikkje å lage
ein god plan. Og han er stor.

Og det er stor høgdeforskjell.

Eg passar på at pumpa har nok
bensin, og at sluket ikkje går tett.

Det er varmt å sitje i ro, og vi
skal sløkkje brann ute i varmen, -

- så det er krevjande oppdrag.

Det er heilt forferdeleg. Det er
ein skummel periode vi er i no.

Eg tenkjer jo på om det er
ein veg til ut av skogen.

Vi har berre lov til
å vatne frå kanne.

I Noreg er det sjeldan vassmangel.
Men dette året er annleis.

Det som til vanleg er strie elvar,
tørkar heilt inn.

Sagåa er ei viktig gyteelv
for aure i Gausa.

I den kraftkrevjande industrien -

- byrjar dei å angre på den store
krafteksporten tidlegare på året.

I fjor på denne tida
fekk vi ikkje vatnet unna.

Eitt år seinare har vi låg fylling
i dei fleste magasina.

Det har snudd heilt på eitt år.

Vêret blir både villare,
våtare og tørrare.

Her stod vi i fjor i kanten
på fonna. No er kanten der.

Isbreane held fram med å smelte.

Det ser ein på fargen på det vesle
som kjem av vatn frå fjella.

Det er grønt fordi det har vore
mykje smelting i og rundt breane.

Vi må drikke veldig mykje, og det
er veldig varmt. Herleg å bade no.

Men også ein sommar
å glede seg over.

Det var herleg! Ikkje kaldt!

Forfriskande!

Det er ikkje så kaldt, då.

Sjølv om somme meinte
det blei i meste laget.

41!

Ein smule varmt, då.

Det verkar inneklemt.

-42!
-Det er supervarmt.

1160 gradar.

Korleis er det å jobbe her
når det nesten er 30 ute?

Det er tortur.

Visst blir eg varm!

Kva er dei beste tipsa
for å sitje ute?

Nei, det er no å halde ut.

Spesielt at det er så varmt
i Askim på denne tida.

Men vi som har ferie, nyt det.

For meg er det kaldt no.

-Kva er trikset for å jobbe no?
-Det er å dusje seg litt.

Drikke masse og ikkje tenkje
så mykje på at det er varmt.

Då er vi klare igjen.

Og til slutt: sommar i nord også.
Finnmark vart som Syden.

Då eg vakna, tenkte eg:
"Yeah, fint vêr!"

Så kom mamma inn og sa at vi
skulle dra på stranda, og då ...

Vi rømte frå sør fordi det var
for varmt, men det hjelpte jo ikkje!

-Korleis er temperaturen i havet?
-Litt kald.

-Men du har vore under med hovudet.
-Ja.

Eg har nettopp komme til byen,
og vêret i dag er strålande.

Ei stor natt! Vi har hatt
den første tropenatta i historia.

Vi har gjort temperaturmålingar her
sidan 1920, så det er langt tilbake.

I august kjem regnet. Men for
mange bønder er det for seint.

Eg får dagleg telefonar frå bønder
som jobbar med å samle nok fôr.

Du tenkjer på det frå du står opp,
og til du legg deg om kvelden:

Å få samla vinterfôr til dyra dine.

Raudekrossen og WWF
ser også på sommaren med uro.

No ser vi meir flaum, meir tørke.

Hetebølgje, skogbrannar,
avlingar som blir mindre.

Denne sommaren er ei påminning
om noko vi må seie tydeleg:

Verda er i ferd med å tape
kampen mot klimaendringane.

Knapt noko land i verda gjer nok.

Dei uvanleg varme somrane i framtida
vil bli endå meir uvanleg varme.

Vi synest denne vêrsituasjonen
har vore ille.

Men i framtida vil ein slik vêr-
situasjon kanskje gi 40 gradar.

Den første stormen kom brått
tidleg i august.

Det blir ein haust med andre
vêrproblem enn om sommaren.

Ei provisorisk demning i Bergen
tolte ikkje all nedbøren.

Det var uvisst kvar flaumen
ville gå, og 30 hus vart evakuerte.

Eg vakna av ein blund
og fekk høyre at vi måtte evakuere.

Anlegget til Eidsvåg båtlag
vart staden flaumen valde.

Det blir mykje rydding her.

Då vatnet i fjellet var tømt
og dalen rasert, -

- fekk dei evakuerte flytte heim
til uskadde hus.

Det er gammalt, over 100 år.
Veldig heldig at han ikkje kom her.

Etter tidenes nest våtaste august
hølja det vidare ned i september.

Eit kraftig regn rammar Sørlandet
og overraskar mange ute på vegen.

Så vart det tyngre å køyre,
og så stoppa motoren.

Og så kjende eg at vatnet kom opp.

Den bilen som eg var så glad i.

Flaumvatnet kom også inn
i kjellaren til uheldige huseigarar.

Først litt vatn på golvet,
og så steig det opp.

Det kjem vatn kvart år.
Heilt forferdeleg.

Det nye bassenget vårt.

Det var som om nokon
hadde kasta huset på sjøen.

Midt i september kom ekstremvêret
Knud stormande mot Sør-Noreg.

Det såg ille ut ei stund.
Igjen vart Agder hardast ramma.

Eg har aldri sett det
så ille som dette.

-Trur du det kan ryke?
-Ein kan aldri vite.

Det er jo meldt
endå sterkare vind.

-Kva skal de gjere no?
-Ein får berre håpe på det beste.

Då stormen var over, var skadane
likevel mindre enn frykta.

Særleg Austlandet slapp litt
billigare enn det som var varsla.

Smellet vart som vi håpa.
Men ein av trådane er skadd.

Men treet er iallfall borte.

Nokre dagar seinare er det store
mengder nedbør og sterk vind -

- på Vestlandet og i Trøndelag.

Ras tek med seg fleire vegar.

Denne bilen i Samnanger var
heldigvis folketom då raset kom.

Det kjem så mykje masse
med enorm skyvekraft.

Det tok lett med seg bilen
og mykje skog.

Sjølv i Bergen var det nok no.

Eg har budd her i over 50 år,
og det er heilt utruleg.

Leilegheitene er fulle av vatn,
og folk kan ikkje bu der.

Vegane og kjellarane ...
Ikkje til å tru.

Mange sa at vi fekk att for tørken,
at det var ein slags kvote.

I Bergen vart det rekord med dei
tre våtaste månadene nokosinne.

Det var skikkeleg vått.

Her er det vatn, her er det vatn.

Også i Ryfylke
må huseigarar flytte heimanfrå.

Det ser ikkje ut her. Korleis
skal eg bli kvitt alt dette, då?

Regnet såg likevel ut til å bli
ei redning for ein del bønder.

-Ser veldig bra ut.
-Litt hallelujastemning.

Overraskande med så bra avling
etter den tørken vi har hatt.

Positivt overraska.

Når det sluttar å regne,
begynner vi å ta opp.

Vi har teke opp ein del mellom
regnbyene, men mykje er att.

Men regnet held fram med
å sile ned.

Det blir den våtaste
septemberen nokon gong.

Midt i oktober kjem ein flaum
som overgår alt denne hausten.

I Ottadalen blir det
katastrofale tilstandar.

Det er ein stor katastrofe.
Det er stengt på alle kantar.

Så no må vi berre be om
at det ikkje skjer endå meir.

Store delar av Bismo
blir sett under vatn.

Elva kjem inn gjennom vindauga.

Eg prøver å berge bunaden.

Det er mykje ein ikkje får berga.

-Korleis tek du det?
-Sjokk.

Eit fjøs med geiter
blir teke av straumen.

Snurrar rundt
og blir liggjande midt i elva.

Geitene blir berga ut med båt.

I Fortun må folk hjelpast ut
av hus som er omringa av elva.

Eg kjenner meg nesten ikkje att.

Det er forferdeleg å sjå.
Det er ein foss her.

Masse slam.
Mykje som er øydelagt.

Håpar det går fort ned
så vi ser kor store skadane er.

Det er iallfall masse arbeid
å ta att alt dette her.

Spesielt å sjå heile dalføret
fullt av vatn.

Det er vanskeleg å anslå beløp.

Men formidable verdiar
har gått tapt.

Nei, så snille karar som eg har!

Dette er ei forbanning å sjå, altså.
Tenk på oppryddinga.

Når ein ikkje har helse til det,
heller. Dette er berre ei byrjing.

I Sauda forsvann kyrne Bambi
og Brownie då flaumen kom.

Å, fantastisk!
Då har vi funne dei!

Dei er fanga på ein holme
midt i den strie elva.

Dei må bergast med helikopter.

Dette blir spennande!

Litt bedøving og ein kort flytur,
så er dei tilbake hos matmor.

No har eg det veldig godt.
Og så er eg veldig rørt.

Og så takksam for hjelpa.
Det kunne ikkje ha enda betre.

Når vatnet dreg seg tilbake,
er det råd å sjå skadeomfanget.

Utrulege krefter.

Blautt ... Oppfôra tregolv ...

Panel og isolasjon på veggene.

Tjukke lag med slam
i heile kjellaren.

Og så skjer det no når eg
ikkje greier så mykje sjølv.

-Eg skjønar det.
-Men du får hjelp.

Det er eg veldig takksam for.
For at eg får den hjelpa eg treng.

-Kva seier du til dette?
-No regnar det bra her.

Tidlegare i sommar
var det berre finevêr.

Då voks ikkje graset.

No er det heilt krise
med for mykje vatn.

Vi manglar fleire hundre ballar
for å få nok fôr til dyra.

Her er det blautt. Ikkje råd
å tenkje på å ta opp poteter her.

Når det sluttar å regne,
kan det gå over i frost.

Då er det ingen vits i å prøve.
Då rotnar dei berre.

Gjennom sommaren har bøndene i sør
slite for å berge avlinga for tørken.

No druknar mykje av innsatsen
i det endelause haustregnet.

Det rotnar for oss.

Det er mest ikkje til å halde i.

Vi har slite oss i hel i sommar
for å halde veksten i det, -

- og så kjem regnet
og øydelegg alt.

Det luktar ikkje godt.

Etter oktober var det som om vêret
hadde gjort nok ugagn på ei stund.

Det roa seg ned over heile landet.

Det er nydeleg og forfriskande!
Veldig!

18 gradar. Utruleg.
Meir enn om sommaren.

Herleg å få litt fint vêr no.

Frå vêrstasjonar i heile landet
strøymer varmerekordane inn.

Vi er inne i ei tid
der mykje endrar seg.

Vinterstengde Trollstigen får
ei uventa gjenopning i november.

Vi fekk jo ny sommar, då.

Det kjennest ikkje som november.
Heller ikkje at det snart er advent.

Vi kan få oppleve fleire slike år
med lange periodar -

- med same vêrtypen
som varer i månadsvis.

Så då vil vi oppleve fleire
slike lange tørkeperiodar.

Samtidig blir klimaet
også våtare og villare.

Så vi får kanskje
meir av alt i framtida.

Ny vinter og eit nytt år på veg
med vêr som enno er ukjent.

Viss 2018 har lært oss noko,
så er det å vere budde på alt.

Når den første snøen kjem,
blir folk like overraska kvar gong.