Copyright (C) NRK

Dette er unike bilete
frå ein rutinejobb for to år sidan.

Oppdraget er å merkje villrein.

Men funnet av ein sjuk,
sprellande villrein skulle endre alt.

Det er det første
påviste tilfellet i Europa -

- av den dødelege, smittsame
dyresjukdommen skrantesjuke.

Styresmaktene bestemte at det mest
drastiske grepet må takast i bruk:

Å avlive alle dei rundt
2000 villreinane som lever her.

Ingen veit enno om dei klarer
å fjerne sjukdommen.

Det er ei unik oppleving
å sjå rein i fjellet.

Han høyrer meir heime der enn vi.

Det gjer noko med ein.
Ein føler seg ganske liten.

Når du ser helikoptera som
flyg rundt, veit du kva som kjem.

Det er berre forstadiet
til utryddinga.

Det blir ikkje veldig vakkert.

Det er vondt for ein jeger
å skulle gjere noko som dette.

Vi må gripe det halmstrået vi no ser.

Rett ved riksveg 52
over Hemsedalsfjellet:

Nordfjella.

Det første du ser,
er ein høg, massiv vegg.

Bak ligg høge toppar og djupe dalar
så langt auget rekk.

Området ligg midt i Sør-Noreg
og består av to soner.

Berre i den nordlegaste, sone 1,
er det over 2000 villrein.

Då dei kom hit for 10 000 år sidan,
kom menneska etter.

Men 15. mars 2016
skulle bli eit tidsskilje.

Den frykta skrantesjuka
er funnen på villrein.

Skal ein utrydde sjukdommen,
må ein utrydde den ramma bestanden.

Ein heil villreinstamme
i Nordfjella skal avlivast.

Sjukdommen smittar raskt
og vil auke i omfang.

Dette er ikkje jakt, men slakting.

Eg er så usamd i den framgangs-
måten som det går an.

Kva sa du?

-Dei er ikkje brukte?
-Nei, ikkje desse.

Desse lange her er hjelmar.
Sko, sko, sko.

Og den store eska der?

Petter Braaten må dobbelsjekke
at alt er på plass.

Dette er skytehanskar
som du skal ha inne i votten.

Han har ansvaret
når 30 statlege jegerar -

- skal utrydde villreinen
i Nordfjella i sone 1.

Eit oppdrag heilt annleis
enn alt han har gjort tidlegare.

Eg vakna kl. 3.30.

Då begynte eg å tenkje på det
som står framfor oss.

Eg prøvde å hugse på alt
som skulle vere med hit.

Det er i dag oppdraget
startar i praksis.

Eg føler verkeleg
at ansvaret tyngjer.

Det er det mest krevjande
eg har vore leiar for.

Dette blir nok primærtøyet når vi
skal ut og komme oss innpå dyra.

Vinterkamuflasje.

Skal vere vind- og vasstett.
Så får vi sjå om det duger.

Skal vi sjå ...

Her var det veldig mørkt og fint.

-Sånn!
-Alt her skal ut?

Når vi har flytta møblane, skal det
stå eit bord her til våpenpuss.

På nokre timar blir ei fjellstove
omgjord til operasjonsbase.

Vi har no ein sjanse til å utrydde,
iallfall avgrense, skrantesjuka.

Det vil eg gjerne
vere med på å bidra til.

Den statlege jakta tek til
i starten av november.

3 md. tidlegare gjer andre seg
klare til ei spesiell haustjakt.

Eg har fått det inn frå eg var lita.

Begge foreldra mine jakta.
Det har lege i slekta heile tida.

Det har vore ein tradisjon.

Når dei kom att, fortalde dei
historier som vi barna høyrde på.

Etter kvart vart vi med på jakt.

Det er sosialt og spennande,
det er matauk. Ein heil pakke.

Aldri før har Ragnhild Einemo
gjort seg klar til jakt så tidleg.

-Passe langt utan lyddempar.
-Han byggjer då ikkje så mykje.

-Du må få deg ein.
-Nei.

Eg liker smellet.

Denne hausten har dei fått større
kvotar og lengre periode med jakt.

-Kor mange skot har du med?
-Alltid 20.

Styresmaktene håpar at jegerane
skyt 1/3 av dei ca. 2000 dyra -

- før det statlege jaktlaget
utryddar resten.

Det er veldig forhasta, synest eg.

Og mange med meg
er einige i at dette går fort.

Det er drastisk
å utrydde nesten 2000 rein -

- berre fordi vi har bestemt
at det skal gjerast.

Denne blir med på jakt.
Testutstyret frå styresmaktene.

-Eg har ikkje tort å opne han.
-Du må opne forundringspakken.

Eg veit ikkje om eg vil.

Kva er dette til?

Dei har større gevir enn dette.

Dei må ta prøvar av kvart dyr.

Og det følgjer med plastutstyr
for å hindre smitte i naturen.

Utan dette hadde ikkje
sjukdommen eksistert.

Då hadde alt vore som før.

For Ragnhild er det tyngst å vite
at ho er med på å utrydde stammen.

Eg tek på meg skylappar og leikar
at dette ikkje eksisterer.

For å få den beste kjensla av det
som kan bli den siste jakta på lenge.

-Den einaste måten du kan jakte på?
-Ja.

Eg kan ikkje ha på CV-en min
at eg er med på dette.

Eg er så sterkt imot det
at eg vil ikkje ha med meg -

- at eg har vore med på det.

Berre set oss ned
på det svaberget der.

Lars Nesse er tilbake
i Nordfjella, der alt starta.

Han hugsar godt det som skjedde
for halvtanna år sidan.

Det som skulle vere
eit rutineoppdrag.

Dei kom ned her og ringa rundt.
Her eller rett bortom der.

Det var iallfall over kanten her.

Det finst bilete
frå den dagen i mars 2016.

Målet er å skyte villrein
med bedøvingspil for merking.

Men skyttaren bommar på målet.

Då er rutinen å lande
og leite etter pilene.

Der er då Nesse heilt tilfeldig
får auge på ein einsleg villrein.

Kanskje nedpå kanten her.

Hadde dyret reist
nedom den kanten, -

- hadde ikkje vi sett det
frå der helikopteret stod.

Eg hugsar best han som sa:
"Der ligg det eit dyr og sparkar."

Då begynte vi å lure på
kva i helsike dette var.

Dette er bilete av den sjuke reinen
få minutt før han døyr.

Vi såg at det skumma,
eller sleva, frå kjeften.

Ikkje skum, men slev,
frå kjeften og nedover frambeina.

Det var ingen som tenkte på
kva det eigentleg var for noko.

Så ringjer dei meg, og så
grublar vi på kva vi skal gjere.

Ut frå skildringa dei gir meg, -

- verkar det som om dyret
må ha ein hjernesjukdom.

-Tenkte du skrantesjuke?
-Nei, på ingen måte.

Prøvar vart sende til Veterinær-
instituttet og testa for sjukdommar.

Inkludert skrantesjuke.

Ein sjukdom som aldri har blitt
påvist andre stader i Europa.

Så kom svaret.

Om eg hugsar det?
Det skal vere visst.

Eg sov ikkje på mange netter.

Eg vart blåst litt av banen.

For konsekvensane
ville jo vere så enorme.

Eg visste ikkje heilt
kva vi skulle gjere.

Tja ... Eg veit ikkje om det
har gått opp for meg enno.

Sjukdommen dette dyret hadde fått,
har ein historikk som skremmer.

Han er tidlegare påvist på hjortedyr
i USA, Canada og i Sør-Korea.

Dyr etter dyr blir sjuke og døyr.

Berre i USA er sjukdommen påvist
i 25 delstatar, og talet aukar.

Denne smittsame varianten
av skrantesjuke -

- er lik den
som er påvist i Nordfjella.

Det ser brutalt ut, og er det.

Hjernen er heilt borte.

Så på slutten
veit dei ikkje kvar dei går.

Rørslene er dårleg koordinerte.
Dei klarer ikkje å ete.

Og det går ganske sakte,
så det er ein grufull død.

Skrantesjuke, på engelsk
chronic wasting disease eller CWD.

Du kan sjå at dyret skrantar.

Ein informasjonsfilm viser frykta
for kva som kan skje:

At sjukdommen spreier seg til andre
dyr via bakken eller ved kontakt.

Nærare bestemt
spytt, urin eller avføring.

Smittestoffet er
eit feilfalda protein.

Ikkje eit virus eller ein bakterie.

Det hopar seg opp
og skader hjernen.

Sjukdommen er uråd å stoppe
når han først har fått fotfeste.

Ikkje minst fordi smitten blir
liggjande i bakken i mange år -

- før han blir overført
til andre dyr.

Skrantesjuke er eit mareritt.

Det er den mest smittsame
av prionsjukdommane.

Så eg visste at eitt tilfelle
berre var starten.

Sjukdommen er i familie
med meir kjende prionsjukdommar.

Kugalskap førte til at store beset-
ningar i England og Frankrike -

- måtte destruerast.

Skrapesjuke er påvist
fleire gonger i Noreg.

Dyr måtte avlivast
for å hindre smitte.

Felles for alle sjukdommane er
at døden er einaste veg ut.

Det største skrekkscenarioet er
at sjukdommen spreier seg -

- til både villrein, hjort,
elg og rådyr i heile Noreg.

Det vil seie at vi i lang tid ikkje
vil ha friske hjorteviltbestandar.

Det vil seie at sjuke dyr
blir normalt å sjå.

Det vil seie at bestandane
går ned, at dyra lir.

Det vil seie at det å drive jakt og
ete vilt blir noko heilt anna enn no.

Dette kjem til å forandre spele-
reglane for det vi held på med.

Forandre tenkinga om norsk vilt- og
hjorteviltforvalting og naturen vår.

Når vi kjem att,
er det inn kjellardøra.

Alt de har med i dag, utanom
undertøyet, blir att i det rommet.

Idet de går ut den døra i dag,
er de skitne, i smitta område.

Det å sjå ein flokk på fleire hundre
dyr som du skal begynne å skyte, -

- berre for å drepe dei,
for å hindre smittespreiing ...

Det er ein ekstrem situasjon for
ein som er van med å drive matauk.

Då vil eg ønskje dykk lykke til.

Vi i leiinga vil stå på pinne for
at de skal lykkast.

Støtta politisk, og frå alle natur-
og jaktinteresserte i Noreg, -

- er formidabel.

Det er eit sterkt ønske om
at de skal lykkast med dette, -

- og hindre at denne
fæle sjukdommen spreier seg.

Lykke til.

Ok, då dreg vi!

Der har du flokken.

-Det ser slett ut nedi der.
-Ja, veldig slett.

Dei er på veg vestover.
Då kjem dei opp i nokre haugar.

Då roar vi oss
og ser kvar flokken trekkjer.

Så køyrer vi ned i dalen
i bakkant av nutene.

Då har vi rett vind òg.

Oppdraget er klart definert:

Alle dyra i Nordfjella i sone 1
skal utryddast innan 1. mai -

- for å hindre
at skrantesjuka spreier seg.

Han er iallfall på sakte trekk.
Vi får berre vente litt.

Normalt er det vanskeleg
å komme innpå ein flokk som denne.

Men med snøskuter klarer jegerane
alltid å ta att villreinen.

På vanleg jakt ventar vi på
at reinen trekkjer mot der vi er.

Men no oppsøkjer vi dyra
og feller dei på den måten.

Det er den største forskjellen.
Og så er det kaldt, snø, vinter.

Men det er jo rått parti fordi vi
har snøskuterar og helikopter.

Rutinen er den same kvar gong:

Å stoppe skuteren i nærleiken før
dei kjem inn på flokken til fots.

Kjem rett under deg, Thomas.

Eitt dyr, då. Det er bra.

Flott. Kjempebra.

Det er det same kven som skyt.
Vi skal berre skyte dei.

Eg hadde ein på kornet.
Den same som du skaut på.

Det var bra, det.
Strålande.

Very good!

Rein nr. 734.

Alle drepne dyr blir merkte før
dei seinare blir testa for smitte.

Kort tid etter at dyret er skote,
må dei komme innpå flokken igjen.

No kjem han mot oss.
Han dreg søraustover no.

Viss du er på Okketjørn,
kan du klare å dra dei vestover.

Tre små tjørn, rett ved
der det står Lærdal austre ...

Jævlig til fart, då!

Reinen høyrer motorduren og
beveger seg langt meir enn vanleg.

Enkelte dagar har jegerane avslutta
jakta fordi dyra ser så slitne ut.

Korleis ser du at dei er trøytte?

Då spring dei med kjeften open.

Dei reagerer ikkje like mykje
på påverknad.

Dei har kortare fluktavstand ...

Dei kan opptre som om
dei er meir vane med oss.

Men det er truleg fordi dei er slitne
og ikkje orkar å flykte meir.

Gjennom vinteren har jegerane
filma ulike delar av det som skjer.

Jakta har vore effektiv
med betre vêr og føre enn venta.

Enkelte dagar har
dei skote over 60 villrein.

Enn om det spreier seg til Hardanger-
vidda fordi vi ikkje gjer noko?

Til hjorten? Kanskje elg, rådyr?
Kanskje ut av landet?

Då har vi ikkje
dette halmstrået å gripe til.

Så sånn sett har eg tru på
at dette prosjektet er nødvendig.

Hadde eg ikkje trudd på dette,
kunne eg ikkje ha leidd jobben.

Lars og Joar.
Høyrer de Ragnhild?

Kvar er de no?

For Ragnhild er den uvanlege
haustjakta i gang i august.

Lenge før dei statlege
jegerane tek over.

Det er litt som når du
gjer deg klar til ein stor dag, -

- og så du skal først i ei gravferd.
Ei litt ekkel kjensle.

Det er den siste jakta på mange år
før fjellet blir tømt til vinteren.

Her har det gått eit stort dyr.

Vi får sjå her borte i trekket.

Vi held kontakten på radio.
Så ser vi kva som skjer.

Når det igjen blir opna
for villreinjakt, veit ingen.

Det går fort i svingane.

Eg skulle ønskt
vi hadde hatt betre tid.

Men når ein kjem opp i fjellet,
kjem ein meir inn i settinga -

- og gløymer litt meir
det styret som skjer rundt.

Eg ser dei.

Dei stoppa her nede,
og så gjekk dei over ein haug att.

Eg visste at dei var her,
men ikkje akkurat kvar.

Litt vanskeleg
når vinden er så tosken.

Men det var gøy.
Det er spennande.

I nokre intense minutt ser det ut
som ei normal villreinjakt.

Men så startar alt det unormale.

Eg må prøve å få det ut utan
at det blæs pokker i vald.

Det er uråd å få det reint.
Eg har teke på begge posane.

Eg har teke i dyret,
og så tek eg i utstyret der.

Fy faen.

Korleis skal eg få dette oppi?

Medan eg prøvde å få dette oppi
biobagen, så har vomma punktert.

Slik at alt gørret renn ut. Kjem det
borti kjøtet, kan det ikkje etast.

Om eg kunne ha velta alt ut,
så hadde det gått veldig fint.

Men no er vominnhaldet klint
på dyret og matkjøtet mitt.

Så kred til den
som har funne på dette.

Ho har sagt tydeleg frå om at
vedtaket om utrydding er forhasta.

Mellom anna
på eit folkemøte i Lærdal.

Ein sal full av jegerar vil vente
med å utrydde stammen.

Dei meiner at forskarar og styres-
makter har for lite kunnskap, -

- og at dei må finne ut om sjuk-
dommen også finst andre stader.

Kva må til for at de snur om
på saneringsplanen?

Kva må til for at de skal snu?

Det skal ganske mykje til for at vi
meiner at strategien vår er feil.

Eg blir så oppgitt.
Du blir makteslaus.

Du har ingenting du skulle sagt.

Du prøver å komme med innspel,
men dei har jo bestemt seg.

Ingen veit om sjukdommen
kan fjernast frå Nordfjella -

- ved å utrydde villreinen der.

Det har aldri blitt gjort før.

Men enkelte har god kjennskap til
kva som skjer om ein ikkje handlar.

Sjukdommen kan føre til
at flokkar går tapt.

Og kanskje heile bestandar.

Det er ingenting
som stansar sjukdommen.

Han dukkar opp i ein ny stat
annakvart eller tredjekvart år.

Slik vil det nok halde fram.

Vi kan ingenting gjere.
Det er det som er så frustrerande.

Midt i USA, i fjellstatane
Colorado og Wyoming, -

- kan ein lett sjå
ulike typar hjortedyr.

Enkelte stader dukkar dei opp
der ein minst ventar det.

Tilpassingsdyktige, omgitt av alle
som er på veg til og frå jobb.

Men det var også her alt starta,
i Fort Collins, for ca. 50 år sidan.

Det var her
forskarane først oppdaga -

- at mulhjort i nokre
av innhegningane døydde.

Og at dei først skranta i lang tid.

Dei vart avmagra,
uttørka og avkrefta.

I 1967 kalla dei det "skrantesjuke",
for dei visste ikkje kva det var.

Tidleg på 80-talet byrja dei å finne
sjuke dyr utanom innhegningane.

Utan at det vart slått alarm.

Sjukdommen vart først oppdaga
hos dyr i fangenskap, forskingsdyr.

Det var forskarane sitt problem.

Så dukka han opp hos viltlevande dyr.

Folk vart urolege, men ikkje så veldig,
for områda var svært avgrensa.

Først på 90-talet begynte dei
å teste hjortedyr meir systematisk.

Då kom omfanget
av sjukdommen betre fram.

Det kunne sjå ut som om
sjukdommen spreidde seg fort.

Men faktum var at vi leitte
etter han, og fann han.

I dag er det påvist skrantesjuke
i 25 delstatar i USA.

Eit tal som er jamt stigande.

Då vi ville setje inn tiltak,
var det for seint.

David Edmunds
har sett kva som skjer -

- når sjukdommen
får utvikle seg fritt over tid.

I åtte år har han og andre forskarar
studert kvithalehjort i Wyoming, -

- ein av statane der CWD
er mest utbreidd.

Dei fann at når sjukdommen
får stort nok omfang, -

- fører det til at talet på dyr
går ned, år etter år.

Vi fann at bestanden vart redusert
med nesten 10 % kvart år.

Skrantesjuka førte til
at færre vaksne hoer overlevde.

Dersom hoene ikkje lever lenge,
døyr når dei er rundt tre år, -

- då blir det ikkje så mange kalvar.

Over tid fører det til
ein nedgang i bestanden på 10 %.

10 % av ein bestand
kvart år er mykje.

Bur du i ein by med 30 000 menneske,
og 3000 forsvinn kvart år ...

Slik forklarer vi det for publikum.

Om 3000 personar her i Laramie,
av 30 000, forsvann kvart år, -

- då ville det blitt tynt
med folk om 5-10 år.

Slik er det med hjortedyr òg.

Nokre stader i Wyoming har 50 % av
kvithalehjorten fått påvist sjuka.

Så langt har under 1 % av villreinen
i Nordfjella fått påvist sjukdommen.

Her er noko å tenkje på:

Vi veit lite om CWD hos rein.

Vi har forska på mulhjort, kvithalehjort
og wapitihjort, og i mindre grad elg, -

- i fleire tiår.

Rein er hjortedyr,
så dei kan få skrantesjuke.

Men vi veit ikkje
om rein er meir lik wapitien.

Hos wapitien er det aldri ein føre-
komst opp mot 25-30-40-50 %.

Han ligg på rundt 5-8-10 %.

I nokre bestandar kanskje på 15 %.
Men ikkje på 50 %.

Dei lever i område der førekomsten hos
kvithalehjort og mulhjort er nesten 50 %.

Reinen kan vere meir som wapitien.

Eg kjenner ikkje reinen.
Det er så mykje vi ikkje veit.

Det er ikkje mogleg!

I løpet av vinteren skal all rein
i Nordfjella i sone 1 vere utrydda.

Ingen veit korleis sjuka kom hit,
eller kor lenge ho har vore her.

Så det er uvisst om ein kan fjerne
sjukdommen ved å fjerne dyra.

Bodskapen min til dykk er:

De har éin sjanse til
å bli kvitt sjukdommen.

Eg veit ikkje om de vil lykkast,
men for all del:

Set inn det mest drastiske tiltaket
de kan for å fjerne sjukdommen.

For får han
etablere seg i miljøet, -

- er det lite de kan gjere
for å utrydde han.

Eg trur at dersom de har 10 tilfelle
i eit lite, avgrensa område, -

- er det grunn til å frykte
at miljøet er infisert.

Då vil det dukke opp nye tilfelle
sjølv etter nedslakting.

Dersom de har oppdaga
sjukdommen tidleg i utviklinga, -

- trur eg det er mogleg
å stanse han.

Men har han vore der i 10 år
utan at de har visst det, -

- så trur eg ikkje det hjelper
å drepe dei rundt 1700 dyra -

- og la området liggje brakk lenge,
for så å gjenetablere reinen der.

For den nye flokken
vil snart bli smitta.

Først om nokre år vil ein vite
kor lurt det var å utrydde dyra.

Det som er sikkert i dag, er at
villreinen i Nordfjella endar her.

I eit stort, provisorisk telt.

Der jegerane må ta prøvar
av kvart einaste dyr.

Det er mykje som er lite
hyggeleg i dette prosjektet.

Men dette er vel det
som er mest grisete.

Det er ekkelt å behandle kanskje
friske, ville dyr på ein slik måte.

Eg trur dei fleste som jobbar her,
synest dette er ein fæl jobb.

607.

Når ein først satsar så mykje på
å bli kvitt dette smittestoffet, -

- så må vi ta prøvar av alle
for å finne smitteomfanget.

Hadde vi ikkje gjort det,
ville vi ikkje fått svar på det.

Slik eg har forstått det,
er dette avgjerande -

- for lengda på brakkleggings-
perioden i etterkant.

Framtida er uviss.

I minst fem år skal Nordfjella
sone 1 liggje brakk -

- før det kan bli aktuelt å få inn
villrein frå andre område.

Om prøvar av bakken viser spor
av smitte, kan det gå lengre tid.

Ingen kan seie sikkert når det
igjen blir villrein i området.

Sjølv om vi er usikre på
kva som kjem til å skje, -

- må vi handle drastisk
fordi følgjene er så enorme.

Så sjukdommens natur
gir oss berre to val:

Anten må vi sitje og sjå på det
og la dyr lide, bestandar gå under -

- og la menneske og andre dyr
bli eksponerte for smitten ...

Eller så må vi prøve etter
beste evne å nedkjempe han.

Eg vil kjenne det i magen
om vi har skote ut 1500 dyr, -

- og det viser seg
at det ikkje var nødvendig.

Då vil eg tenkje på denne vinteren
som ein eg gjerne ville starta om att.

Allereie midt på vinteren kan Petter
melde at den statlege jakta er over.

I slutten av februar har jegerane
skote 1385 villrein i Nordfjella.

Under den ordinære jakta
vart det skote 582 dyr.

18 villrein testa positivt
for skrantesjuke.

Det er 15 år til eg er pensjonist.

Om eg då kan sjå tilbake på
at eg var med på den jobben, -

- og at det var ei rett vurdering, -

- og vi har gjenetablert
ein villreinstamme i sone 1 ...

Då vil det vere noko av det eg
i mitt yrkesliv er mest stolt av.

Ein blir litt fattigare.

Når eg går oppi her vinterstid,
ser eg alltid rein eller reinspor.

Dei "husbukkane" bur her oppi, dei.

Det blir stille.

Dei lagar ikkje så mykje lyd,
men det blir på ein måte ...

Men ein blir kanskje vand til det.

Eg har ikkje lyst til
å bli vand til det.

Men ein er vel berre nøydd.