Copyright (C) NRK

Eg veit ikkje kvifor eg er
så fascinert av bevegelse.

Når du frys ein bevegelse som går
for fort til å få med seg med auget.

Plutseleg så skjer det på ein måte
der du kan studere alle detaljane.

Eit univers som viser noko
du ikkje hadde trudd var mogleg.

Eg ser ikkje heilt på mitt
eige arbeid som vellykka.

Eg blir liksom aldri heilt fornøgd.

I går var eg der i fire-fem timar.

Og i løpet av dei timane såg eg
kanskje tre-fire fiskar som hoppa.

Så det er ikkje
veldig mykje aktivitet her.

Når fisken hoppar, er det kanskje
0,3 sekund han faktisk er i lufta.

Å! Ja!
Kom igjen. Kom igjen.

God, yeah.

Fy faen, det var dagens.

Det er sånn at når du eigentleg
vil gi deg, så må du ikkje gi deg.

Det er då det beste bildet kjem.

Du må ikkje gi deg
før du får den "yes"-følelsen.

Det er ingen vits i å reise heim med
"Eg har nokre bilde. Det er bra nok".

Bra nok er ikkje bra nok. Dette
blei ordentleg. Sånn skal det vere.

No må eg hente Karl.

Eg flytta til Noreg
frå Nederland då eg var 16.

Eg blei med foreldra mine
då dei ville drive gard.

Eg tok bilde fordi eg ville vise
venner kor fint det var i Noreg.

Eg ville jo ha dei på besøk.

Då eg var 18, tok eg opp lån og
investerte i eit Hasselblad-kamera.

Eg bestemde meg for at dette var det
eg ville drive med. Resten av livet.

Jo høgare du siktar,
jo lenger kjem pila.

Eg prøver å stille så høge krav
til meg sjølv som mogleg.

Men då kan det bli for stort arbeids-
press. Unødvendig arbeidspress.

No er eg på veg til Nederland. Eg
er misnøgd med eit bilde av ei ørn.

Kva var det eg ikkje likte? Alt.
Det var meiningslaust.

Det var korkje fokus eller lys
eller action eller følelse.

Det er eit bilde du ser på,
men som er utan lidenskap.

Eg har fått betalt,
og Scandic er nøgd med videoen.

Men eitt klipp er eg ikkje heilt nøgd
med, som eg ser potensial i.

Viss alt klaffar,
så blir det eit vanvettig bra bilde.

Som eg sjølv kan vere stolt av.

Er vi respektfulle overfor fuglen,
skjer det ikkje noko med oss.

Men utstyret ...
Men det kan vi kjøpe på nytt.

Eg har ofte opplevd med bilde
at jo nærmare du kjem objektet, -

- jo meir imponerande blir det.

No har eg vidvinkellinse.

I staden for å vere tilskodar,
blir du sogen inn i augeblinken.

Her kjem ho.

Eg er klar.

Det hadde vore kult å filme ho
frå denne sida når ho landar.

Det er nydeleg.

Det er folk som betaler massevis
av pengar for å sjå ei slik ørn.

Eg er jo i ein
veldig heldig situasjon.

Det har gått opp for meg
no som eg har vore langt nede, -

- at det er godt å stoppe opp litt,
ikkje tenke på alt eg skal gjere.

Det som skjedde i fjor ... Eg var
nesten ferdig med Scandic-prosjektet.

Eit givande prosjekt med mange timar,
og plutseleg fall arbeidsmengda vekk.

Eg datt i eit svart hòl som viste seg
å vere djupare enn eg forventa.

Alkohol var ein enkel måte
å komme seg vekk på.

Det gjekk så langt at eg
begynte å skade meg sjølv.

Til slutt prøvde eg å ta livet mitt.

Eg trur liksom
at eg er ferdig med det.

Så kjem det berre tilbake igjen.

Eg hugsar lite. Eg trur eg blei
send på psykiatrisk med ein gong.

Eg fekk ikkje så mykje hjelp der,
iallfall ikkje stabilitet.

Men det var iallfall godt at eg
kunne vere litt for meg sjølv.

Vere litt vekk frå moglegheita
til å skade meg sjølv.

For eg har jo ikkje lyst til å døy.

Eg må ikkje fly så langt opp, -

- for jo lenger opp eg går,
jo lenger ned går eg etterpå.

Foreldra mine driv ein økologisk
gard med heimelaga isproduksjon.

Nydeleg nederlandsk pålegg.

-Så eg kan hente grana frå kor eg vil?
-Ja.

-Eg må hente motorsaga mi først.
-Kan du ikkje bruke mi?

-Er det ein Stihl?
-Nei.

-Nei, då vil eg ikkje bruke ho.
-Ho fungerer heilt fint.

Då foreldra mine bestemde seg for
å flytte hit, var eg entusiastisk.

Sjølv om plassen vår i Nederland var
veldig fin, bra jobb og mange venner.

Det var lidenskapen deira.

Vi var på ferie i Noreg i 2003,
og då blei eg entusiastisk.

Men det er jo noko anna å flytte ein
plass enn å vere på ferie ein plass.

Det første året var ikkje noko gøy.

Å flytte til eit framandt land
utan å kunne seie kva du heiter.

Eg hamna på ein kristen folkehøgskule
som ikkje var heilt ...

Det var ikkje heilt gøy.

Eg var mykje yngre
enn dei andre der.

Men eg saknar Nederland veldig.

Føler meg rotlaus, som om det er
eit uavslutta kapittel i Nederland.

Eg har jo ikkje flytta frå det huset.
Eg drog til Noreg fordi skulen byrja.

Det blir jo berre teit å seie
at eg har hatt dei utfordringane -

- på grunn av noko.
Alt er jo samansett.

Å seie at hadde eg ikkje flytta hit,
så hadde eg hatt det fint, er tull.

Eg har hatt det sånn turbulent
sidan eg var liten.

Då eg var 12 år,
fekk eg diagnosen ADD.

Konsentrasjonssvikt. No er diagnosen
ADHD med depressive periodar.

Det er ein ganske vanleg diagnose.

Men éin ting eg kan seie ...

Eg trur ikkje eg hadde blitt fotograf
om eg ikkje hadde flytta til Noreg.

Det blei eit fokus å knyte til meg
noko som eg kunne definere som mitt.

Som eg nesten kunne
definere meg med.

Når ein kunde kontaktar meg, vil eg
sjå rommet der bildet skal henge.

Det er greitt
å sjå lyset og storleiken, -

- for då kjem eg på idear
som er relevante til det rommet.

Viss eg skal snakke heilt fritt,
så hadde det vore unikt -

- å gjere 360.

Eit stort motiv 360 grader som har
alle elementa som elevane kjem med.

Ein som hoppar på sykkel,
ein som hoppar på ski, ein på hest.

Det er eit omfattande prosjekt,
men det hadde vore dritgøy å få til.

Eg kan lage ei skisse.

Det er ein vanskeleg balansegang,
for eg vil ikkje gi berre 90 prosent.

Eg blir sinnssjukt gira
når eg fotograferer, så eg slit.

Det er nesten standard
etter at eg har hatt mykje å gjere.

Når arbeidsmengda ikkje er der meir,
så går eg inn i eit svart hòl.

Plutseleg har eg ingenting å gjere.

Eg trur eg har lært såpass
av slike situasjonar, -

- at eg slepp å gå så langt ned
at eg må leggast inn.

Eg trur eg greier å fikse det sjølv.

Det å fly ein drone kan alle.
Det er ikkje noko kreativt.

Men eg må jo betale rekningane òg.

Eg merkar når eg har møte med kundar
og vi kjem til budsjett, så ...

Berre sei kva du gidd å bruke på det,
så er det greitt for meg.

Eg tar ikkje ut lønn, nei.
Eg gjer ikkje det.

Eg ser jo at eg må gjere nokre
endringar om eg skal få ein bustad.

Eg har ikkje råd til å bu ein plass.
Eg bur i bilen eller der det passar.

Men det slit på ein etter kvart.

Når det er mykje
tankekøyr og grubling, -

- er det ein bra måte
å fokusere på noko anna på.

Å ha noko så oversiktleg
som fiske å tenke på i staden for ...

Rekningar, oppdrag, kreativitet.

Det har vore masse positivt samtidig
som eg henger meg opp i det negative.

Eg merkar at det kjem, for eg
har tankar eg ikkje har kontroll på.

Eg synest det er skummelt sjølv.

Då er det berre å sette opp studio.

Når du seier til kunden at det ikkje
passar, for eg har det ikkje bra ...

Eg får ikkje til noko
når eg er langt nede.

Viss eg kan seie at eg er sjuk,
har influensa, så forstår alle det.

Dette er identitetsbygging
eller oppfrisking av identiteten -

- til Bergen Næringsråds
årskonferanse.

Vi har valt eit dikt frå
"To byer" av Dickens:

"It was the worst of times,
it was the best of times."

Då har eg laga både dataanimasjon,
partiklar, musikk og lydbilde.

Det blir ikkje bra nok.

Nei.

Fuck!

Det var dei beste dagane.
Det var dei verste dagane.

Det var ei tid med lys.

Det var ei tid med mørke.

Det var ein vår av håp.

Det var ein vinter i håpløyse.

Vi tar det eitt steg vidare.

Faen.

I ein sånn periode
er det godt å vere ein plass -

- der det er greitt
å ikkje ha det bra.

Eg føler ikkje så mykje.
Det er kanskje ein forsvarsmekanisme.

Så lenge eg ikkje føler noko, er det
heller ikkje noko som køyrer meg ned.

Eg har så mange tankar
eg ikkje fattar.

Eg veit korleis eg skal stoppe det,
men eg vil ikkje hjelpe meg sjølv.

Eller føle meg bra.
Fordi eg føler at eg fortener det.

Då blir siste utveg å fokusere
på noko heilt anna.

Det blir alkohol
eller trene meg fullstendig ut.

Få noko fysisk å gjere.
Og ikkje minst skade seg sjølv.

Eg blir så desperat etter
å finne andre fokuspunkt -

- at det blir farleg for meg sjølv.

Makrell er veldig glad i jul,
skjønner du.

Det blir jo så stygt. Eg har akkurat
sagt at eg krev av meg sjølv -

- at ting skal bli fine.

Her kan eg faktisk
sleppe det kravet litt.

Det er liksom ikkje så nøye.

Men eg har tenkt å slutte å ta bilde, -

- for eg trur ikkje
at eg får det til lenger.

At det ikkje blir bra.

Det er lenge sidan
eg har tatt eit bra bilde.

Eg har ikkje hatt inspirasjon.

Alt ligg til rette
for at eg skal ha det bra, -

- og då er det utakksamt av meg
å gå og syte ...

Men viss du er ein person
som har toppar og botnar, -

- med høg intensitet i periodar
og flatt i andre periodar ...

Snu på det og sei at sånn er du
av natur, og det er kanskje grunnen -

- til det du faktisk har klart.
Ofte er styrken vår òg svakheita.

På ein eller annan absurd måte
liker eg jo å vere nede.

Fordi det er trygt.
"Rock solid bottom."

Det er ingen som
forventar noko av meg då.

Iallfall ikkje eg sjølv.

Det er skummelt å prøve å reise seg,
for då kan eg falle.

No har eg blitt skriven ut.
Men eg er ikkje klar til å reise.

Hadde eg berre skjønt sjølv kvifor,
så hadde det vore greitt.

Eg skal berre pakke saman, så ...

Eg har berre lyst til å døy, -

- men det handlar ikkje om
å gjere det ein har lyst til.

Eg føler at eg har
mista litt kontrollen.

Eg har fått så mange
panikkanfall i det siste.

Og til slutt får du angst for angsten.

Nei, eg føler at eg ikkje duger.

Begynner å tenke kvifor,
og finn stadfesting overalt.

Eg må flytte ut av kontoret, for eg
har ikkje greidd å betale husleiga.

Eg har tatt valet med å gjere
det eg gjer og prøve å leve av det.

Til sjuande og sist er det
eg som skal fikse det sjølv.

Eg skreiv til Helge og Mette
som eg hadde hatt ein jobb for før.

Eg sa eg måtte gi opp kontoret.
Skal vi møtast, må eg komme frå Sogn.

Eg fekk til svar at eg ikkje skal
til Sogn, eg skal vere med dei.

Hallo!
Kjekt å sjå deg.

-Skal vi ta ein prat?
-Vi set oss her.

-Kjekt å sjå deg.
-Takk for sist.

De veit litt kva det går i, -

- men det eg har
i porteføljen, er distinkt.

Det er dei bilda eg står for.

Bilda på nettsida di er veldig fine.

Denne stilen er lidenskapen min,
men eg gjer andre ting òg.

Det som er annleis, er at du ikkje
kan levere slike bilde til alle.

Det er ei viktig greie
å psyke seg ned på.

For meg er det perfekt trening.

Den e-posten har
sett i gang veldig mykje.

Det har eigentleg
snudd livet opp ned.

Dei har tatt tak i det økonomiske.

Dei har snakka med psykolog
og psykiater for å få innblikk i -

- kva eg slit med
og korleis dei kan hjelpe.

Det var godt å vere med
nokon som står litt utanfor.

For min del finst det ingen mål
utanom sjølve vegen mot målet.

Eg trur verkeleg at ein kunstnar
aldri bør drivast av å oppnå noko.

Du oppnår noko fordi du driv med
noko du brenn lidenskapleg for.

En form av reflektor?

-Du kan sette han inni ...
-Ein softboks?

Noko eg skal prøve, er cinemagraph,
basert på bilde, men likevel video.

Det blir spennande korleis
batteriet reagerer på kulda.

Eg tippar det er minus ti.
Med sol hadde det vore litt enklare.

Men slikt har vi ikkje kontroll over,
så det er berre å ta det som det kjem.

Det er sjukt fint, då.

Steike.

Åndssvakt, dette her.

Så vakkert.

Det er vanskeleg å fange i bildet
kor vakkert det er.

Herregud.

Eg skal ta eit bilde av Adam,
som sit i ein vanleg positur.

Sjå opp i isen. Der, ja. Perfekt.
Prøv å sit heilt i ro. Nydeleg.

Dette blir verkeleg ...

Å, fy.

No skal vi legge til eit element i
same kvalitet som 50 megapikslar.

Berre med bevegelse i isen.

Stillbildet kjem til å bli
grunnlaget for cinemagraph.

Kan du lyse bakanfrå der
og inn her?

Det blir jo heilt knall.

Ok, då er vi der.

Det er dette bildet eg tok først,
men her ser du lite av grotta.

Men jo mindre du ser,
jo meir kontroll har eg etterpå -

- til å kombinere
dei andre eksponeringane.

For eksempel den eksponeringa eg tar
etterpå, som er lyssett i hjørnet.

Dette er originalen.

Og dette er seks
eksponeringar kombinert til eitt.

Eg går til psykiater ein gong i veka
etter at eg blei skriven ut.

Ja, det er jo
ein god del som har skjedd.

Så det går veldig bra,
og det er godt å kjenne.

Litt skummelt òg.

Hadde det ikkje vore skummelt,
hadde det vore rart.

Så du må innstille deg på ubehag.

Det blir skumlare når du er aleine
og tankane kjem, angsten og uroa.

-Og det må vi snakke meir om.
-Helge og Mette er så snille folk.

Du har fått veldig mykje.
Korleis kjennest det?

Eg hatar jo eigentleg sånt.

Men situasjonen er annleis. Eg ser
jo òg korleis eg kan gi noko tilbake.

Det tynger meg ikkje ned på same måte
som om det hadde vore foreldra mine.

Då ser eg ikkje
korleis eg kan gi noko tilbake.

Dei er jo nokre englar
som plutseleg har tatt tak i meg.

Kanskje dei tenker det same: Her kom
ein engel på kontoret: Thomas Morel.

Det tvilar eg på.

Hallo?

No kjem foreldra mine på besøk.
Vi skal lage ei ny heimeside for dei.

Hallo.

-Hallo.
-Ein kyss, kva?

-Dette er Mette.
-Hei!

-Så hyggeleg å helse på dykk.
-Ver så god.

Er det eigenprodusert honning?
Tusen takk. Så hyggeleg.

Fordi du tok Thomas
under vengene dine.

-Er vi heldige, eller?
-Eg òg.

Vi er heldige
som har fått Thomas her.

Det har vore eit kjempepluss for oss
å ha Thomas i miljøet.

Hadde eg visst det før,
hadde eg spurt før.

Eg er glad eg sende den e-posten
22. desember eller noko.

Han har resultert i ein god del.
På ein positiv måte.

Eit komplett mirakel.
Du var så sjuk, -

- og no går det så bra.
På kort tid.

Det kjennest som det er tre år sidan.
Skal vi sette oss?

No skal vi til Sogndal for å ta eit
bilde til Sogndal vidaregåande skule.

Det skal gå 360 grader rundt.

Når du står i rommet, skal det
kjennest som du står på fjellet.

Eg skal ta bildet i solnedgangen.
Det er eit vindauge på 15 minutt -

- der eg må ta alle dei 17 bilda
for å få like lysforhold.

Så her må berre alt klaffe.

-Det var nydeleg, då.
-Det kan du seie!

Eg har aldri sett Hurrungane
så sjukt klare som no. Fantastisk.

Det er eit hardt val, for det
er vindaugsflater i veggene, -

- og der er det ingen vits
i å ha noko med.

Så kva skal eg ikkje ha med?
Solnedgangen må med.

Hurrungane må med.
Varden må sjølvsagt med. Månen.

Då er vi rundt.
Så kva skal eg velje vekk?

Viss vi tar det her,
blir det enklare.

Då blir alt dette med,
så kuttar eg frå der til dit.

Så begynner eg igjen med Hurrungane.
Eg trur vi har det.

No har eg flydd to helikopter ned.

Mamma kjem seg ikkje så lett på
fjellet meir, så det er fint for ho -

- å få stå på ein plass som dette.
Det er ikkje så ofte ho gjer det.

Det er gøy.

Der, ja.
Perfekt.

Eg må berre ta ein runde med bilde.

Ikkje stå der eg tar bilde.
Følg med.

Då er vi ferdige med første set-up.
Simon, gjer du deg klar?

Der, ja.

De må le jævla høgt,
for det er så sjukt gøy.

Plaske! Plaske! Plaske!

Då kan du lyse opp dei.

Éi hand på keyboardet, og éi opp.
Og berre gaul! Perfekt.

Ja ...

Eg gleder meg enormt
til å sjå det ferdige resultatet.

Det er mange strevsame dagar,
men på dagar som dette ...

Eg har den beste jobben
i heile verda!

Finst ikkje betre.

Fy faen, eg elskar jobben min.