Copyright (C) NRK

Natt til 19. januar i Lærdal.

Det var eit inferno.

Brannvesenet kom til meg
og lurte på: "Kvar vil du ha oss?"

Eg måtte berre seie: "De får
finne dykk eit hus som brenn."

Flammehavet trua med
å rasere ei heil bygd.

Uff. Det var så fælt
at det går ikkje an å beskrive.

Freda hus og nasjonale
kulturskattar var i stor fare.

Kunne nesten tru det hadde
vore krig her. Slik såg det ut.

Katastrofe,
det er ikkje noko anna å seie.

Brannen gjorde
over 60 menneske huslause.

Totalt utbrent. Heilt ...

Det er ingenting å hente.

11 brannvesen kjempa
mot ein enorm eldstorm.

Huseigarar trassa politiet og
risikerte livet for å berge heimane.

Lærdal, januar 2014.
Bygda ved Sognefjorden -

- opplever ein uvanleg tørr vinter
med sterke kastevindar frå aust.

Innover sentrum ligg eit av
Noregs mest verdifulle trehusmiljø.

Ein nasjonal skatt
som bygdefolket er svært stolte av.

Så, like før kl. 23
natt til søndag 19. januar.

Eg sat heime i stova,
og då gjekk alarmen.

Då var vel klokka 22.54.

Sat heilt roleg og såg på tv.
Så banka det kraftig på døra.

Eg gjekk ut og opna.
Skjønte fort det var noko gale.

Eg tenkte: Den
adressa ser eg herifrå.

Eg gjekk ut på altanen.
Flammane stod høgt over hustaka.

Me hadde nett ete kvelds.

Yngste gutungen var på badet.
Fram mot hagen.

Han ser det lyse opp og skrik:
"Det brenn! Det brenn!"

Lærdal ligg inst i Sogn.

Huset som byrja å brenne,
ligg rett ved brannstasjonen.

Sløkkinga kjem raskt i gang.

Eit område med eine-
bustader med store tomter.

Alle trur brannen vil vere
uproblematisk å stogge.

Gamle Lærdalsøyri
ligg trygt om lag 600 m unna.

For å komme på brannstasjonen
passerte eg huset som stod i brann.

Eg skjønte at her
måtte me komme raskt på plass.

Me ser sjeldan
eit hus som brenn så godt -

- to minutt
etter at me har fått meldinga.

For sikkerheits skuld vert det kalla
ut mannskap frå nabokommunar.

Eg såg kva som skjedde, men oppfatta
ikkje kor farleg det kom til å bli.

Eg tenkte at no tek me
dette. Årdal var på veg.

"Når dei kjem, stoppar me det."
Det var tanken min.

Då me reiste ut,
tenkte me på å hjelpe.

Ikkje at vårt hus skulle vere i fare.

Det fatna overalt. Heilt ufatteleg,
det var eit eldregn utan like.

Me sprang med det vetle
me hadde, og sløkte etter kvart.

Trampa ned graset som brann.

Det var veldig mykje folk
som sprang med bøtter hit og dit.

Kom mykje folk
frå heile Lærdal og hjelpte til.

Slo ned glør,
sløkte grasbrannar og alt slikt.

Det var hektisk.

Men brannen spreier seg.

Vinden er sterk. Eldstormen festar
eit nådelaust grep over Lærdalsøyri.

Det vart eit enormt gneistregn.
Heile himmelen var raud av gneistar.

Glødande gjenstandar
store som tennisballar.

Det kom flaksande overalt.

Då byrja ein å lure på
kvar dette skulle ende.

Raudglødande bølgjeblekk
landa på slangane våre.

Så forsvann trykket. Du snudde
deg, og då var slangen tvers av.

Du må ut med eit slangelegg
på 25 m og leggje eit nytt.

Det tek tid før du får vatn
på den slangen igjen.

Ingenting kunne stoppe dette.

Vinden hadde hovudrolla.
Me var berre statistar.

Før det er gått ein time,
brenn seks nabohus.

36 brannmenn er på staden. Dei trur
brannen vil stogge ved idrettsbana.

Det var ei branngate,
barriere, på inntil 200 m.

Det vart vurdert av brannbefalet
på plassen - at der stoppar me han.

Men for mange er det for seint.

Heimen til Tor Anders Offerdal
tek fyr idet han forlèt området.

Det var trasig.

No var det å komme seg i sikkerheit,
vekk frå brannen. Det var å springe.

Flammehavet omringar
også huset til nabo Kjell Hiller.

Det tok fyr i huset nedanfor,
vidare i hus lenger borti her.

Til slutt kom det ein politimann
- nok ein gong - og jaga meg.

Då fann eg ut
at no reiser eg på sjukehuset.

Eg var heilt utkøyrd
både fysisk og psykisk.

Flammane når
branngata ved idrettsbana.

Håpet er at brannen no vil roe seg.

Men sjølv om alle hjelper til,
viser vinden og elden igjen -

- kven som er sjef.

Eg ser nye hus stå i fyr 150 m
frå det nærmaste som brenn.

Då byrja eg å ane uråd.
Fekk mange rare tankar i hovudet.

Følte meg makteslaus der og då.

Men me kunne jo ikkje gi oss.
Det var berre å kjempe på.

-Fy faen.
-Dette er heilt jævlig.

Elden tek seg over idrettsbana.
Ein storbrann ute av kontroll.

Brannvesenet slår full alarm.

Vinden spreier glør, som vilkårleg
legg seg på knusktørre hustak.

Makteslause prøver folk
å redde det dei eig.

Vindretninga snudde,
kom meir i retning her.

Så vart det eit inferno med gneistar.

Dei kom ikkje berre i lufta,
men gatelangs òg.

Sette fyr i hekken her ute.
Fleire gonger.

Me hadde kvar
sitt brannsløkkingsapparat.

Sprang rundt
og trakka på gneistar.

Uff. Det var så fælt
at det går ikkje an å beskrive.

Men likevel var eg kald inni meg.

Tenkte: Eg må prøve å gjere ein jobb.

Fylte tre vassbøtter, sprang med dei
heile tida. Eg har framleis ilt her.

Brannvesenet prøver å kjøle ned hus.

Men flammane
får fotfeste stadig nye stader.

Vatnet bles vekk før det trefte
huset. Me fekk det midt i trynet.

Greidde ikkje å gjere
den jobben me ville gjere.

Og me har
det beste utstyret som er å få kjøpt.

Politiet bestemmer seg for
å evakuere heile Lærdalsøyri.

Nær 700 må forlate heimen sin.

Me gjekk frå hus til hus. Prioriterte
gater og roder ut frå brannbildet.

Det var første-
prioritet: å berge liv.

Sambandet datt ned, mobil. Alle
informasjonskanalane i Lærdal -

- gjekk med i brannen.
Me var på ein måte isolerte.

Me hadde ikkje samband.
Det var rein ordonnans.

Såg, opplevde, prøvde å danne
meg heilheitsbilde, informerte.

Det mest krevjande var vel
å formidle rett det eg såg.

Opp til sjukehuset,
opp til dei evakuerte.

Som ikkje visste
om huset var brent ned.

Det var forferdeleg vanskeleg.

Etter vel tre timar
er brannen på sitt verste.

Då veit ingen sikkert
kor mange bygningar som brenn.

Trass i mannskap frå 14 kommunar
innser dei no at nasjonale verdiar -

- på gamle Lærdalsøyri
er i stor fare.

Eg trudde aldri
det skulle bli så gale.

Tanken var ikkje i hovudet mitt
før etter eit par timar.

Då gjekk det opp for meg
at heile Øyri kunne brenne opp.

På det verste trudde eg
at alt skulle brenne ned.

Eg var førebudd på mange
hardt skada, kanskje døde.

Var heilt overtydd om
at det måtte bli slik.

Brannvesenet lurte på:
"Kvar vil du ha oss?"

"De får finne dykk eit hus
som brenn." Slik var det.

Dei har vel så mange plassar.
Det er om å gjere å redde det.

Me håpar dei tek det,
men det er vel komme inn.

Brannen når eit bustadhus berre
100 m frå eit av dei freda husa.

Får desse flammane utvikle seg,
kan det bli skjebnesvangert.

Brannfolk som har jobba i timevis,
får stadig meir å gjere.

Om du verkte i armar og føter,
var gjennomvåt, kald eller varm ...

Ingen hadde tenkt å gi seg.
Det var berre å gi full gass.

Bønder kjem køyrande
med gyllevogner fulle av vatn.

Hundrevis av frivillige vil vere med
i kampen for å berge bygda si.

Fleire gøymer seg for politiet for
å kunne halde fram med sløkkinga.

Eg hadde aldri reist herifrå.
Då måtte dei ha bore meg vekk.

Eg tenkte: Eg må gjere ein jobb.
Viss eg skulle forlate huset, -

- og det brann ned, ville eg hatt
dårleg samvit resten av livet.

Me sløkte småbrannar,
dei dukka opp overalt.

Du kan ikkje reise frå det
når situasjonen er slik.

Kampen for kvart hus er
ein kamp for å stogge storbrannen.

Dette er ikkje enkelt. Det er
sekund som tel heile vegen.

Dei klarar å dempe flammane
på heimen 100 m frå det freda huset.

Men faren er ikkje over.

Ved sjukehuset vert tilsette
kalla på jobb i all hast.

Ein ser for seg
at mange vil trenge akutt hjelp.

Då vi høyrde at brannen
spreidde seg, -

- skjønte vi at dette kunne bli
eit stort problem å handtere.

Vi måtte rekne med mange skadde, ev.
pasientar med alvorlege brannskadar.

Eller skadar pga. bygnings-
delar som flaug gjennom lufta.

Sjukehuset mister telefon og nett-
dekning. Straumen går, så vatnet.

Me stod her med lommelykter
og mobiltelefonar med lys på -

- og vurderte pasientar.

Og registrerte pasientar.

Alt fungerte faktisk likevel.
Men det var utfordrande.

I sentrum må mannskapa innsjå
at elden vinn kampen om huset -

- like ved det verna området.

Vinden blæs liv i flammane -
og nok ein heim er i full fyr.

Mange frivillige har
gått ut og jobba no.

Slår ring rundt
den gamle Øyri.

Frivillig innsats har
redda mange hus.

Men det er forferdeleg
for dei som er heimlause.

Gneistane spreier seg vidare.

Det er håplaust.
Har ikkje ein sjanse.

Brannen får tak i
to verna bygningar.

Dei ser at også taket på det freda
Sunneva Eri-huset har tatt fyr.

Men det er for seint.
Huset er umogleg å berge.

Brannen er no i det verna området.

I eit siste forsøk på å redde gamle
Øyri, diskuterer dei å rive hus -

- for å lage ei ny branngate.

Me fekk på plass
gravemaskiner.

Dei stod klare til å rive
bustadhus, ev. uthus.

I tillegg til å halde grave-
maskinene klare, isa me ned husa.

Me sprøytte vatn på dei,
så det vart eit islag utanpå.

Då hindra ein
at gneistregn kom inn i huset.

Flyplassbrannbilen frå Sogndal
sprøyter brannhindrande skum -

- på 10-15 hus.

Tungtskummet på bilen hindra -

- strålesmitte
frå brannane som var der.

Så gneistregnet ikkje fekk
tenne på bygningsmaterial.

Den var kjekk å ha.

Ein gong mellom kl. 5 og 6
løyar vinden ein augneblink.

Vinden auka på att,
men han tok seg ein liten pause.

Men det gjorde ikkje me —
og greidde å stoppe det.

-Flinke gutar skal ha litt tur.
-Ja, me må ha litt flaks.

Dei evakuerte ser at flammehavet
endeleg er i ferd med å forsvinne.

Men mange er usikre på om
dei har ein stad å reise heim til.

Ventar berre på rapport om
at det har teke mitt eige hus.

-Korleis går det med huset ditt?
-Det står. Seier dei.

Eg håpar det.

Det er framleis stor fare for
at brannen blussar opp att.

Så auka vinden på att. Og gneist-
kavet ned. Det var ikkje ettersløkt.

Då sprang eg fram, fekk tak i
Ragnar Tokvam med gyllevogna.

Han køyrde fire lass oppå der.
Då roa eg meg ned.

Fyrte i omnen, laga meg
god frukost og slappa av.

Eg tenkte at no er det over.

Då senka eg skuldrene - veldig.
Du er ganske høgt oppe, altså.

Eg hamna på sjukehuset tidleg søndag
morgon. Dei målte blodtrykk og puls.

Det var ganske høgt, ja.

Ved Lærdal sjukehus vert
nær 450 undersøkt av lege.

275 av dei får behandling.

Det har vore tøft. Lang natt.
Og eg har ikkje hatt det verst.

Andre har jobba meir enn meg,
men det er tøft for det.

Heile søndag morgon prøver
vinden å blåse liv att i brannen.

Men no er det
menneska som bestemmer.

Med dagslyset kjem eit syn som er
så sørgjeleg at dei som var der, -

- aldri kan gløyme.

Det er dramatisk. Har aldri drøymt om
å skulle oppleve det som brannmann.

Eg håpar eg aldri opplever det meir.

Husa var totalt borte.
Det såg ut som ei krigssone.

Det var heilt urealistisk.
Det skulle ikkje gå an.

Katastrofe,
det er ikkje noko anna å seie.

Brannen la heile nabolag i ruinar.
Men han tok ingen liv -

- eller skadde nokon alvorleg.

Det som har ramma oss i natt,
er forferdeleg. Rett og slett fælt.

Søndag føremiddag
samlar ordføraren bygda.

Trongen
for informasjon og hjelp er stor.

I rommet bak der skal det sitje folk
og registrere behov og ønske.

Vi skal gjere alt vi kan
for å innfri alle behov og ønske.

Mange av dei evakuerte veit
at dei ikkje lenger har ein heim.

Eg har tolka nokre tv-bilde.

Det ser ut som at huset er vekke.

Me klarer ikkje
å ta dette innover oss enno.

Men du fekk med deg ut
det viktigaste - ungane.

Eg har ei på fem år og ei
på seks veker. Og sambuaren.

Me er trygge. Det er absolutt det
viktigaste. Resten kan erstattast.

Dette var heimen til seks personar.

Dette er stova.
Det var ei kjempestor stove her.

Der er middagsserviset.
Arvegodset.

Alt dei eigde, er borte for alltid.

Det er totalt utbrent. Heilt ...

Det er ingenting å hente.
Det er uverkeleg. Heilt uverkeleg.

Fæle greier, fy faen.

Det gjer vondt å sjå
brannens nådelause herjing.

Også for dei
som har sett mykje før.

Eg kjenner alle som budde her.
Det er eigentleg det verste.

Brann viser ingen nåde,
han tek alt du har.

Absolutt alt.
Han legg ikkje att noko.

Så det er jo forferdeleg.

Men ein svartsvidd vegg
viser at nokon også hadde flaks.

Målinga kokte på veggen
her borte på gamlekledningen.

Her oppe er det fullt i bobler.
Det har vore varmt der.

Ein kompis i brannvernet
sa at frå huset framom her -

- stod eldgufsen over
og slo ned att i huset bakom.

Det er vanskeleg
å seie kvifor det står.

Brannmannskapa må
ha gjort ein god jobb.

Eg tenkjer som så at det finst berre
heltar i Lærdal etter denne natta.

Likevel er heimane
til 60 menneske oskehaugar.

40 bygningar er heilt øydelagde.

Lærdalsøyri er utan straum,
telefon, mobil og Internett.

Det er så ille at statsministeren
kjem på besøk etter eitt døgn.

Me hadde forholdsvis god tid. Det
var eit av dei siste husa som brann.

-Men det var dramatisk?
-Ja, det var dramatisk her i Lærdal.

Det er eit skrekkeleg syn.
Store område er nedbrent.

Men det store spørsmålet er:
Kunne fleire hus vore redda?

Vinden har mykje av skulda for
at brannen spreidde seg så raskt.

Men kunne brannvesenet
vore betre organisert?

Først etter at elden tok seg forbi
idrettsplassen, etter over 1 t, -

- vart alle tilgjengelege brannvesen
kalla ut. Bergen brannvesen, -

- vel 2 t og 40 min unna, meiner
dei burde vore hyra inn før.

I Brann-Noreg i dag
ber vi ikkje om hjelp -

- før vi meiner
det er nødvendig.

Då er det som regel for seint.
Vi må ta lærdom av dette.

Etterpåklokskapen ... Hadde me visst
meir, hadde me trykt på raud knapp.

Men kor stor knapp skal du trykkje
på? Me var 11 brannstasjonar her.

Eg trur ikkje andre
kunne vurdert det slik då -

- at her må me ha 11 brannstasjonar.

Vart Lærdal brannvesen for små til
å styre eit så omfattande arbeid?

Å leie slike aksjonar er krevjande,
sjølv for eit brannvesen som Bergen.

Du skal ha litt erfaring med
å ha så mykje folk i sving.

Dei skal sjå på oss med eit kritisk
blikk. Er ein måte å bli betre på.

Men ein skal òg erkjenne
at det vart gjort ein god jobb her.

Ei viktig erfaring er nytten dei
hadde av flyplassbrannbilen.

Det er kanskje ein idé å ta med
seg, at ein har tungtskumutstyr.

I situasjonar med slike vindforhold,
som tiltak for å hindre spreiing.

Det er no debattar om sentrali-
sering og behov for større einingar.

I Lærdal meiner dei
dette ikkje er vegen å gå.

Nokon bør lære av dette.
Lokalkunnskap lettar arbeidet -

- i ei slik hending. Du skal vere
kjend for å vite om gyllevogner.

Kven som bur i dei ulike husa,
viss du skal gi folk arbeidsoppgåver.

Det er der styrken vår er.

I Noreg, med den geografien
og folk som bur så spreitt, -

- handlar det om samarbeid,
ikkje om sentralisering.

Vi skal vere litt tøffare
til å tore å kalle ut meir.

Som det vart gjort her. Og gjere
det tidleg, også på mindre ulykker.

Det er ei god øving.
Organiseringa kan ...

Småjusteringar kan gjerast. Men
eg har inga tru på sentralisering.

Ho er imponert over kva folk fekk
til under svært krevjande forhold.

Det er historia om ressursane som
har møtt kvarandre. I andre kriser -

- har vi sett at ressursane
ikkje har møtt kvarandre.

Paradoksalt nok: At folk nekta å
høyre på politiet, kan ha redda hus.

Slike kom brennande gjennom lufta.

Her fekk dei gudskjelov ikkje ta tak.

Ingebrigt fekk brannen heilt inn
på tunet. Han nekta å forlate huset.

Han ville drive med brannsløkking.

Ned på glørne, slik, til eg var
sikker. Så oppå med føtene.

Også Tore lét vere å høyre
på politiets evakueringsordre.

Me gøymde oss her. Politiet kom
for å sjå at det ikkje var nokon her.

Vi ville ikkje provosere,
så vi huka oss ned.

Begge meiner dei gjorde ein viktig
jobb. Det var feil å evakuere alle:

Eg kan ikkje skjønne
at det var rett vurdering.

Dei såg at me hadde
to brannsløkkingsapparat.

Og naboen med spyleslange.

Eg meiner politiet burde
sjå på kva slags karar det var -

- som kunne vere effektive å nytte.
Det viser seg ofte at sivile, -

- om me ikkje er utdanna brannfolk,
kan gjere ein jobb. Det gjorde me.

Dei utsette seg sjølv
for ein stor fare.

Konsekvensen kunne ha vore
at dei vart liggjande igjen i røyken.

Då hadde familien spurt: Kva gjorde
politiet? Kvifor berga dei han ikkje?

At det går eit hus ... Det er
eit hus. Det er liva vi tenkjer på.

Laga hòl der og fekk
inn vatn — bøtte på bøtte.

Ettertida viser at dei ulydige
gjorde ein svært viktig jobb.

Innsatsen deira avgrensa
skadane. Ikkje tvil om det.

Politiet handla heilt rett. Eg vil
ikkje seie at dei som nekta å dra, -

- gjorde feil. Dette kan
vi snakke om i ettertid.

Men utan tvil medverka
det til at ikkje meir brann.

Midt i alt det triste
er det også plass for glede.

Med hardt skadde eller døde
hadde heile situasjonen vore annleis.

Det har skjedd eit lite under her.

Dei har gjort
ein fantastisk jobb. Absolutt alle.

Også dei
som ikkje ville flytte seg.

Ein heil nasjon lærte noko. Om ver-
dien av dugnad og frivillig innsats.

Skal helse på kongen no.
Høyre kva han har å seie.

Det er fint at han vil komme
og møte dei som har gjort litt.

Det er no litt spennande.
Kan ikkje leggje skjul på det.

Inne ventar heltane i Lærdal spent.
Snart skal dei fortelje kongeparet -

- om natta dei aldri vil gløyme.

Og bonden skal lære
dronninga noko nytt.

Eg vil ønskje Dykkar Majestetar
hjarteleg velkommen til Lærdal.

Historiene kongeparet
får høyre, gjer inntrykk.

Imponerande kva dei har gjort,
dei som ikkje er organiserte -

- i sivilforsvar, brannvesen,
her på sjukehuset.

Kva gode naboar
har klart å utrette.

Det er så imponerande. Dei kjenner
kvarandre over kommunegrensene.

Samarbeider så flott
og kan verkeleg vise at det fungerer.

Kvardagsheltane gav også
dronninga kunnskap om eit nytt ord.

Ho visste ikkje kva gyllevogn var.

Eg har iallfall lært noko i dag.
Eg har lært kva gyllevogn er.

Det var ein som trudde eg sa
"gyllen". No er kanskje vogna gyllen.

Ho har hjelpt så fantastisk
med alle dei tusen liter vatn.

Ho sa: Gyllevogn var
vorten ei gyllen vogn.

-Kva synest du om det?
-Jau, det ligg no i ordet, det.

Brannen øydela verdiar
for fleire hundre millionar.

Korleis skal ein fattig kommune
klare å reise seg etter noko slikt?

Livet må gå vidare. Det er berre
materielle ting, det er vi glade for.

Det er historia du ikkje kan få att.

Alt det andre kan ein kjøpe.

Han er heil, men litt falma.

Kan ta han med
og setje han i glaset.

Kva vil skje med familiane
som må starte heilt på nytt?

Trampoline, putekasse, fuglebur ...

Han må skrive ned
alt dei eigde, for å få att pengar -

- frå forsikringsselskapet.

No har eg 26 tettskrivne
A4-sider. På begge sider, stort sett.

Har plukka ut rom for rom.
Men er sikkert berre halvvegs.

Det gjekk lett til å byrje med.

Men etter ei stund
vart eg dritlei, eigentleg.

Har fått det litt på avstand,
men ser jo konsekvensane.

Kor lang tid ting vil ta. Ein ser
alt arbeidet, alt som skal avklarast.

Ja. Det vil ta tid.

Også ordføraren si liste over
gjeremål vert lengre og lengre.

Eg må utsetje ein tannlegetime
for fjerde gong. Det fann eg ut no.

Alt som ikkje er akutt,
må leggjast til side.

Det viktigaste er den daglege
drifta, at det fungerer rundt oss.

Og at dei som er ramma, særleg dei
hardast ramma, blir følgde rett opp.

Men utfordringane er så store at
dei må ha millionhjelp frå staten -

- for å kunne komme seg vidare.

Katastrofen er så stor
at heile samfunnet vårt er råka.

Det vert veldig dyrt.
Då skal storsamfunnet stille opp.

Det har kommunalministeren lova.

Brannen tok berre eitt freda hus.
Men det var meter om å gjere -

- før fleire
nasjonalskattar gjekk tapt.

Det er kanskje dette som er
prospektet. Her er mange skattar.

Han meiner betre brannsikring av
dei unike trehusa må prioriterast -

- når storsamfunnet skal
bidra til å byggje opp att Lærdal.

Ein bør sprinkle alt viss ein skal
vere endå sikrare på å unngå brann.

Det er laga eigne planar på det.
Men etter det me har sett no, -

- håpar eg, og sikkert mange
med meg, at dette vil bli forsert.

Spora etter brannen
vert rydda vekk.

Men alt kan ikkje fjernast.

Redsla vil vere der lenge.

Me hadde ein episode på skulen.
Eldstejenta ville ikkje opne sekken.

Ho var redd
det kom røyk ut av sekken.

Det var pc-en og minnepinnane
gutungen klarte å ta tak i.

Dette er alt dei har igjen. Minne-
pinnar med bilde frå livet som var.

Her er litt gamle
bilde, litt historie.

Me var ikkje heilt klar over
at me fekk med minnepinnane.

Det gjer litt godt. Det er verdi ein
ikkje kan vurdere i kroner og øre.

Brannen tok alt.

Tek det bildet då eg forlèt huset.
Det står i full fyr, brenn i altanen.

-Det blir aldri gløymt.
-Men no vil han tenkje framover.

Får ta nye bilde når me byggjer
opp att. Det blir ikkje som det var.

På lang sikt trur eg det blir mykje
nye hus. Det blir eit flott nabolag.