Copyright (C) NRK

77 år gamle Olaug Pettersen
er ute på sin daglege tur.

Vêret er vakkert, men ei bitande
sno gjer at ho må gå fort -

- for å halde varmen. Ho går åleine
og har heller ikkje møtt nokon.

For ho er den einaste fastbuande
i fiskeværet Meløyvær i Troms.

Vi skal til Bjarkøy kommune
der Meløyvær er den nordlegaste -

- av dei busette øyane.

Kva går dagane med til
her du er åleine?

Eg står opp om morgonen
når eg vaknar.

Så lagar eg meg frukost
og koser meg med han.

Og så set eg meg ned
med strikketøyet og høyrer på radio.

Så kan det vere husarbeid, klesvask
og ting som skal ordnast og stellast.

Og eg går gjerne ein tur
om formiddagen.

-Det blir ikkje lange dagar?
-Nei, det føler eg ikkje.

Men når storstormen tek tak,
og huset ristar ...

Det er spennande. Eg set meg
ved eit vindauga og ser på det.

Eg er ikkje redd for
at noko skal bli øydelagt.

Huset toler nok ein støyt.

-Du er ikkje redd?
-Nei, det er eg ikkje.

Viss vi går tilbake, så hadde du
ein mann som var fiskar, -

- og som kunne vere borte
på fiske i månadsvis om gongen.

Du blei att åleine med ein etter
kvart stor ungeflokk, seks i talet.

Korleis var det?

Mange gonger var det leitt og trasig.

Men ein var jo ung,
og då tenkte ein ikkje ...

Han måtte vere borte for å tene
pengar for at vi skulle ha det bra.

Så då måtte eg passe ungane.

Med tida fekk mannen din
helseproblem -

- og måtte nøye seg
med dagsturar med sjarken.

Då var du mannskap om bord, sjølv om
det bles når garna skulle trekkjast.

Korleis var det å forlate ungane
på stormfulle dagar?

Eg skjøner ikkje at eg gjorde det.

Ei garnlenkje kunne
jo stå til dagen etter.

Men å forlate ungeflokken
for å berge garna ...

Det er utruleg
at eg gjekk med på det.

-Var du i fare nokon gong?
-Eit par gonger var det forferdeleg.

Redd var eg, og sint.

Og her i stova sat det små ungar.

Med åra vart mannen for sjuk til å
arbeide. For å spe på økonomien -

- tok Olaug til å vaske på eit
militært anlegg på naboøya.

Morgon og kveld i sommarhalvåret
sykla ho mellom heim og arbeidsstad.

Men med mannen
gjekk det berre nedover.

Du har opplevd mange
storstormar i ditt eige indre òg.

Ja, men eg har klart å ri dei av
på beste måte.

Det ser slik ut.
Men tøft må det ha vore.

Ja, og det er det stundvis enno.

1. februar 1994 vart du enkje.
Korleis opplevde du det?

Han var så skral -

- at det var godt
at han fekk sovne inn.

Tre-fire månader seinare
miste du den yngste sonen din.

-Det var kanskje eit verre slag?
-Ja. Det var heilt meiningslaust.

Kva skjedde?

Han var ferdig med
ingeniørhøgskolen i Narvik -

- og kom heim søndag kveld.

Måndag morgon skulle han dra
til Harstad for å hente kajakken sin.

Han gjekk bortover vegen
i sol og flott vêr.

Men om formiddagen
vart det det uvêret.

Eg vaska klede og koppar
og fekk "stoppordre".

Kvifor halde på med det
når han ikkje har kome?

Du fekk eit varsel om
at noko gale var skjedd.

Tre dagar etter at Tore la ut med
kajakken, vart han funnen død -

- på eit skjer utanfor Senja,
mange mil lenger nord.

Det var frykteleg.
Eg klarer ikkje å fortelje det.

Eg berre gret.
Nei, det var berre frykteleg.

Fire år seinare miste ho endå ein
son. Eldar omkom då sjarken hans -

- vart broten ned ei stormnatt.

Der òg fekk eg ein beskjed inni meg:

Gå på kyrkjegarden og tenn lys.
Det er noko som har vederfarest han.

Åtte dagar seinare vart Eldar funnen
på havbotnen med ein miniubåt.

Så fekk også han ei grav
i det minste.

Eg klamra meg til håpet
om at eg skulle klare det.

Eg hadde ikkje spart meg ...
Og i militæret var dei greie mot meg.

Eg har hatt støtte heile vegen.

Viss du skulle gje eit råd til andre
som måtte dele lagnad med deg ...

Korleis skal ein kome seg
gjennom slike slag?

Ein må halde motet oppe og vete
at har ein ikkje fleire levedagar, -

- så har ein ikkje det.

Den som er igjen,
må berre leve vidare.

Ein må ikkje henga med hovudet
og synast synd på seg sjølv.

Om eg går kvar dag på kyrkjegarden
eller ein gong i veka ...

Det er like godt å sitje heime og
tenkje på dei, ha kontakt med dei -

- og tru at ein
treffest ein vakker dag.

Ho miste tre og har fleire tragiske
minne herifrå enn nokon annan.

Medan dei andre flytte frå været,
vart Olaug att.

Var det desse tre gravene
som fekk deg til å bli?

Det var det. Og eg treivst
og hadde heimen min her.

Eg såg inga meining i å flytte.

Saknet hadde vore der i alle fall.

Ho er ute i både godt og dårleg vêr.

Ho ser på fjell og fjord
og alt som rører seg.

Ser og sansar og kjenner etter.

Det er godt å kome seg ut.
Frisk luft. Herleg!

Skulle ein berre sitje inne
i den stolen, blir ein stiv og støl.

No går eg til både
den eine og den andre plassen.

-Du har flotte fjell å sjå på.
-Ja, og havet.

Det er spennande å sjå når det
er dårleg vêr, og når det er sol.

Er det noko dyreliv her ute?

Det har vore rype, og oter i fjorden.

Han fór rundt
i hagen min med ungar.

Det var spennande
å sjå på dei fine dyra.

-Er ikkje rype ein fjellfugl?
-Jau, men ho er her på øya òg.

Ho pikkar gjerne mat av buskane
mine. Då kan eg ikkje gå ut, -

- men sit i vindauga
og pratar med dei. Dei er så fine.

Og over vaktar ørna. Livet
er ein kamp for store og små.

Men husa står fråflytte
og overlatne til seg sjølve.

Olaug tek turen innom eit og anna
hus. Mange som drog, ynskjer -

- at ho skal sjå til eigedomane og
varsle om noko særleg skulle stå på.

Ho er ein slags vaktmeister i været.

-Kva blir dette lokalet brukt til?
-Til dans og festar.

Gravferder. Før i tida heldt
emissærar oppbyggingsmøte her.

Når nokon skal gravleggjast,
står du i spissen for tilstellinga.

Korleis orkar du, som har opplevd
så mykje vondt og trist, -

- å gjere dette?

Det er godt at ein vinn òg.

Skulle eg berre tenkt på det
som eg har vore gjennom, -

- hadde det blitt så trist at eg
ikkje hadde orka å vere på øya.

Men kan eg verke slik som eg gjer,
og hjelpe til, -

- så er det herleg. Eg synest det.

Kvar fjortande dag dreg Olaug på
handletur til Bjarkøy eller Harstad.

Ho blir henta med drosje av ein
av dei tre-fire som bur på Krøttøya.

Einar Veimoen har flytt tilbake og
er både drosjesjåfør, postmann, -

- ekspeditør på kaia og turistvert.

Det nedlagde fortet har han gjort om
til restaurant og overnattingsstad -

- i lag med sambuaren.

Folk er
overraska over den fine plassen.

Eg får mange positive
tilbakemeldingar på det vi gjer.

Det er optimisme her.
Ein ynskjer å få til noko her ute.

-Korleis liker du å dra på bytur?
-Kjempegodt.

Det er koseleg med litt forandring,
ein og annan dagen i byen -

- og så heime.

Det er spennande å vere i byen.
Kanskje nokon kikar etter meg.

Som pensjonist kan ein reise
billigare til byen enn før i tida, -

- då ein ikkje kom seg til byen
på fleire månader.

Eit halvår seinare svingar drosja
igjen inn på tunet til Olaug.

Beate, einaste dottera, bur i
Harstad. Saman med minstejenta si -

- er ho ein flittig gjest hos mora.

Dette er bær frå Leirvåg.
Det skal bli herleg å smake på dei.

Du skal få litt
av syltetøyet frå onkel Kjell.

Var det godt?

Moltesesongen er over. Det er haust.
Vi skulle ha vore her i sommar.

-Men vi var ikkje velkomne.
-Nei, då fekk eg "isjiaskollaps".

Det var så ille at eg ikkje klarte
å gå over kjøken- og stovegolvet.

Eg sat i godstolen min.
Det var fælt når eg skulle på badet.

Eg fekk kollapsen
då eg skulle setje poteter.

Der small det berre.

Då hugsar eg ikkje meir
før eg var komen inn.

Det var forferdeleg.

Eg ringde til Beate og bad henne
kome heim og gjere noko.

Lage ei grøft. Eg hadde gladeleg
hoppa i henne, eg var heilt ferdig.

Du bad dotter di kome heim og
grave grøft. Og hoppe i grava ...

-Det var så forferdeleg.
-Og no, då?

Det begynner å kome seg.

Eg var hos kiropraktor,
og det hjelpte.

Men tenk om det small på ein tur,
og ho ikkje kom seg heim igjen?

Blir det ikkje iblant ottesame
dagar? Stygt vêr, båten innstilt ...

Eg bekymrar meg lite.

Somme ting kan gjere ein bekymra, -

- som når telefonen ikkje fungerer.

-Men no har eg mobiltelefon.
-Vi skaffa henne det.

På ein måte er
eg glad for at ho er her ...

At du har vore her ute
og ikkje rømt frå det som var fælt.

Truleg var det trøyst
å finne i det å vere her -

- og kunne stelle på kyrkjegarden.
Ikkje rømme frå det.

Om sommaren søkjer òg andre hit.
Desse to er blant dei flittigaste.

Mannen til høgre, Einar Eilertsen,
er fødd og oppvaksen på Meløyvær.

Han bur her mykje av sommaren
saman med venen Arild Skaug.

I eit anna hus held ekteparet
Lull og Hans Solberg til.

Dei bur i Harstad, men så fort dei
har høve, dreg dei ut til Meløyvær.

Desse to para deler
mykje av tida si med Olaug.

Ein dag inviterte Veimoen alle
på tur endå lenger ut i havet, -

- til dei ytste skjera som det
har budd folk på i Bjarkøy.

Så er dei framme på Steinavær. Her
har folk utruleg nok slått seg ned.

Det syner tufter og murar.
På slutten av 1800-talet -

- skal 130 menneske ha levd her, og
i fiskesesongen dobbelt så mange.

Her var det skule, fiskemottak,
fisketilverking og handel.

Men livet på båra var farefullt,
og fleire gonger gjekk det gale.

Like fullt heldt dei fast ved
dei gledene livet kunne gje.

Ute på odden der stod det
eit egnarhus. Det seiest -

- at ein gong om sommaren ordna dei
til festlokale og hadde dans der.

Då rodde kvinnfolka frå Rødsand
på Senja over heile fjorden -

- for å treffe mannfolka på fest.
Var det då det var tak i kvinnfolk?

Fråflyttinga skjedde for hundre år
sidan, og berre tuftene står igjen.

Viss vi tenkjer oss
hundre år fram i tid, -

- ser det då omtrent
slik ut på Meløyvær?

Vår generasjon og barn og barnebarn
er her om sommaren.

Dei vil ta vare på det, men kva som
skjer seinare, er ikkje godt å seie.

Eg trur faktisk
det er i ferd med å snu seg.

Folk ser verdien i den plassen.

Etter turar et den samansveisa
gjengen gjerne middag i lag, -

- snart hos den eine,
snart hos den andre.

I kveld har Olaug
invitert på betasuppe.

Eit par andre menn som besøkjer
været, er sjølvskrivne gjester.

-Var det ikkje ein flott tur?
-Utruleg.

Nesten kvar dag og kvar kveld
er dei i lag.

-Eg seier ti.
-Pass.

Kortstokken blir ofte henta fram.

Konkurranseinstinktet er nesten
like sterkt som venskapen.

-Lidenskaplege kortspelarar?
-Det er eit morosamt tidsfordriv.

Korleis artar dette samhaldet seg?

Viss vi ikkje ser kvarandre,
så ringjer vi og styrer og står i.

Eg hiv meg på sykkelen
og fer og kikar om ...

Det er framleis slik på Meløyvær
at naboane kan gå til kvarandre -

- utan å bli bedt?
-Ja.

Det er kanskje noko ibuande.

Og så er de så få
at de treng å ta vare på kvarandre.

Vi må vere gjerrige
på kvarandre, for å seie det slik.

Berre Olaug bur her året rundt.
Du er fødd og oppvaksen her, -

- er pensjonert
og kan kome tilbake viss du vil.

Og Lull er gift med ein
som kjem herfrå.

Er det ikkje på tide
å flytte tilbake for godt?

-Eg vil flytte hit.
-Vil du det?

-Så det er mannen din det står på?
-Ja.

Han elskar å syngje,
og her er det ikkje noko sangkor.

Han kan vere med i sangkoret
i Harstad fordi om han bur her.

Det går båt.

-Viss det er dårleg vêr ...
-Då kan han ta inn hos slektningar.

Ver glad til at han vil vere i
Harstad. No som det blir vinter, -

- kan eg og du svippe på besøk
til han, gå på kulturhuset ...

No må ikkje du forsvare at han ikkje
vil flytte tilbake når ho vil det.

Kvifor får du han ikkje med deg?

Han er veldig kulturell, liker å vere
med i kor og gå på konsertar.

Her skjer det veldig lite.
Men eg synest det er godt.

Det er fredsamt her, stille.
Eg har ikkje sans for bylivet.

-Det er eg ferdig med for lengst.
-Men du bur likevel i Oslo.

Det er merkeleg. Heilt merkeleg.

Kva synest de om Olaug?

Ho er kjempeheldig
som får bu på Meløyvær, -

- og at ho er så glad i Meløyvær,
sjølv om ho er innflyttar.

-Men ho elskar Meløyvær.
-Den herlegaste staden på jord.

Men dagane i lag med gode vener
er i mindretal. Ho er mest åleine.

Men ho sturer ikkje for det.
Ho må ut og sanse og oppleve, -

- anten sola strålar, eller
regnet silar og vinden tek tak.

Og alltid har ho sitt lyse
og lette sinn med på ferda.

Olaug og Mollas friarbenk ...

Er du så desperat?

Det er dei andre som har sett opp
benken for liksom å hjelpe meg.

Dei trudde ikkje eg klarte
å "fiske" på eiga hand.

Molla er ei gammal dame
på Krøttøygarden. Ho er 86-87 år.

-Som også er i beit for ein mann?
-Ja. Vi konkurrerer.

Åra begynner å bli mange etter
kvart, dei går fortare og fortare.

Eg blir berre eldre og eldre.
Det er greitt å vere åleine.

Viss eg fekk tak i ein herremann,
så blei han kanskje sjuk. Nei.

Åleine i eit fiskevær i alderdomen
... Korleis ser du på framtida?

Eg håper eg får behalde helsa -

- og vere klar i hovudet.

Stå opp og lage meg mat. Men
ein blir nok meir "tøvete" med åra.

-Kor lenge aktar du å bli verande?
-Så lenge eg har mot.