Copyright (C) NRK

Gjennom tre år skal vi
følgje sherpaene frå Nepal, -

- som har reist rundt halve jorda
for å byggje norske turstiar.

Med over 100 kg på ryggen gjer han
ein jobb nesten ingen klarer lenger.

Jobbane dei gjer, er jobbar knapt
nokon nordmenn kan eller vil ta.

Dei har kunnskapen. Og den fysiske
styrken, som kan vere endå viktigare.

Dette er ei historie om å bere
også når livet er på gyngande grunn.

Livet er ikkje alltid så lett.
Det går ikkje alltid slik ein har trudd.

Det er også ei historie om
tolmodig å leggje stein på stein -

- for å skape noko stort.

Det er bra for sherpaene.
Vi er heldige som får komme til Noreg.

Nei, vi må ikkje vere naive.
Dei kjem hit for pengane sin del.

Vi skal bli med heim til sherpaene.

Sjå kvar denne styrken kjem frå.

Sjå korleis
arbeid i Noreg påverkar livet -

- i ein liten landsby
nesten 4000 meter over havet.

Norske fjordar og fjell. Ein magnet
for folk som vil oppleve naturen.

Folk vil ikkje berre sjå, men
også gå langs dei norske stiane.

Når det blir
så mykje trafikk og slitasje, -

- så blir råsene breiare og breiare.

I meir enn ti år
har han hatt ansvaret.

Sørgd for at arbeidet er skikkeleg.
Og prosjekta blir fleire og større.

Eg arbeider, men iblant
føler eg òg at eg skaper historie.

For når eg blir gammal
og har fått barnebarn, -

- vil dei kanskje gjeste Noreg
og sjå trappene i fjella, -

- og då blir dei kanskje stolte.
Slik eg er stolt av det far min gjer.

Dette må vere
dei brattaste trappene i Noreg.

Så dette blir ståande
som ein milepåle i noregshistoria.

Det var her blant fjella
på Vestlandet det starta.

Geirr Vetti trong hjelp til å gjen-
reise ein gard på Skåri i Luster.

Det var ein gard i forfall.

Det var rotne tak, falleferdige
vegger, sprokne grunnmurar ...

Men grunnmurane stod uferdige sjølv
om han leigde hjelp frå heile Europa.

Heilt til han såg eit TV-program.

Eg såg at dei sterkaste
og seigaste folka var sherpaene.

Då begynte eg
å gjere detektivundersøkingar.

Sidan turistane kom
for 50 år sidan, -

- har sherpaer gaida og bore for dei
som skal til verdas høgaste fjell.

Og norske klatrarar hjelpte til
med å få Sonam Sherpa til Noreg.

—Hyggeleg å møte deg.
—Du jobbar hardt. Det gjer du alltid.

Sonam følgde
Stein P. Aasheim og klatrarane -

- på den første norske
Everest-ekspedisjonen i 1985.

I 1985 arbeidde eg
som kokk i leir 2.

Dei norske deltakarane fortalde
om ein sterk sherpa dei hadde med -

- på fleire ekspedisjonar. Og
snart var Sonam på veg til Skåri.

Eg meinte han trong fleire sherpaer.

For eg kunne ikkje
byggje steinhus åleine.

Derfor fekk eg tak i to andre sherpaer.

Så bygde vi opp att
og reparerte det gamle huset.

Etter at
Geirr og sherpaene vart viste -

- i "Der ingen skulle tru at
nokon kunne bu", tok mange kontakt.

Ikkje berre for å restaurere hus.
Nordmennene trong hjelp til meir.

Me opplever at uvande folk
som har gått Romsdalseggen -

- og så skal gå ned til Åndalsnes, -

- synest at dei bratte partia
er for lite tilrettelagde.

Og stor trafikk utvidar stiane,
og det blir meir slitasje på naturen.

Til pilegrimsplassen
Boudanath i Katmandu -

- kjem Sonam og Nima alltid
før og etter noregsreisene.

Vi kjem hit og ber for ei trygg reise.

Og for at vi ikkje skal
komme ut for ulykker eller anna i Noreg.

Vi kjem hit og ber
før vi reiser til Noreg.

På Gardermoen står Geirr og ventar.

Nesten ingen av sherpaene
som kjem no, har vore i Noreg før.

Eg veit alder og yrke og landsby.

Og stort sett ingenting meir.

No trur eg dei kjem.

—Namaste!
—Namaste!

Hei.
Namaste.

Er alle her?

Eg kan begynne.

Spennande.

Tusen takk!

Eg har høyrt frå folk
som har vore her før, at det er kaldt.

Men dei sa ikkje at det varkaldt.

Eg kjem frå ein stad
som ligg 3840 meter over havet.

—Likevel er det kaldare her?
—Ja.

Alle som kjem, får eit opphald
på Skåri før dei skal ut og jobbe.

Sherpaene
seier alltid: "Ja, ja, ja. Eg forstår."

Men ofte forstår dei ikkje.

De må vere ærlege
og seie: "Eg forstår ikkje. Forklar!"

Dette er utedoen.

Det viktigaste rommet på garden.

Det er her
vi produserer energi til grønsakene.

Og eg vil at dette rommet
alltid skal haldast reint.

Om nødvendig må vi
vaske det eit par gonger om dagen.

—Så all maten vi et, hamnar her?
—Ja.

Her produserer vi energi.
Seinare et vi det som grønsaker.

—Vi resirkulerer det.
—Det er svært viktig å halde det reint.

Og viktig at vi bruker det.
For å produsere energi.

Ok.
Takk skal de ha.

Det er mykje steinarbeid her.
Hovudsakleg gjort av sherpaer.

På Skåri får dei ein mjuk start
på eit halvt år med hardt arbeid.

Det minner meg om landsbyen min.

Den ligg i Himalaya.
Og det er mykje likt.

Husa er litt annleis,
men omgivnadene liknar.

Med enkle reiskapar skal dei no
ut og jobbe høgt og lågt i Noreg.

På stien mot Nesaksla og Romsdals-
eggen har dei eit stort prosjekt.

Dette er første arbeidsdag.

Vi har gått gjennom
heile stien som skal takast.

Problemet med denne jobben
er tilgangen på stein.

Vi treng all slags stein.

Når vi lagar trinn,
må vi bruke småstein òg.

For at dei skal liggje i ro.

For å stabilisere dei.
Vi treng all slags stein.

Ein, to, tre!

Forsiktig!

—Det er ein stor stein.
—Klarer vi det?

Dette er ein stor stein. Men bruker vi
rett teknikk, treng vi ikkje mykje kraft.

Somme gonger må vi bruke kraft,
somme gonger teknikk.

Vi bruker jernspett, sleggje og slikt.
For å løfte, må vi bruke muskelkraft.

150—200 sekker.

Vi tek dei opp med helikopter.
Eit stykke nedanfor toppen.

Det vil ta år å fullføre
det sherpaene har begynt på.

Fleire millionar kroner
er samla inn til dette.

Det begynner å bli kostbart,
men det er verdt det.

Sherpaene er
på ulike prosjekt rundt i landet.

Også i Geiranger, som står på
UNESCOs liste over verdsarven.

Det er veldig bratt.
Og berre fjell under.

Så det er vanskeleg
å byggje gode trapper.

Å flytte store steinar
kan vere mødesamt arbeid.

Og av og til vanskeleg
å forstå korleis dei får til.

Ja. Derfor blir eg
imponert over det dei har klart.

For det må vere
noko som går lettare enn den.

Det er lite maskinelt arbeid.

Det legg vi vekt på ved arbeid
i verneområde og verdsarvområde:

Minst mogleg bruk av
maskinelle inngrep. Altså handarbeid.

Veldig få tek på seg
slike oppdrag i dag.

Den kunnskapen fanst i gammal tid.

Det var slik dei bygde
råsene til sommarbeite for kyrne.

No er det veldig få som gjer slikt
handarbeid og er kulturarvberarar.

I Noreg har vi tryggingsreglar
for alle arbeidsplassar.

Det vil blant anna seie
at vi må bruke hjelm somme stader.

Det kjem folk frå styres-
maktene og sjekkar dette.

Arbeidskontrakten og timelista dykkar.

Vi godtek ikkje ulykker.
Vi vil ikkje ha ulykker.

Tryggleik står alltid fremst.
De må aldri ta nokon sjansar.

Dei må kursast
i alt frå norsk kultur -

- til norske reglar for tryggleik
og arbeidsmiljølova.

Og ...

Det er eigentleg det. Men dei er
allereie kursa av erfarne sherpaer.

Dei har fått ei innføring.

På vegen til Preikestolen skal
sherpaene ha 12 000 arbeidstimar.

Jobbane vi tek, er
jobbar som ingen nordmenn greier.

Og vi er aldri
i konkurranse med andre.

Dei jobbane vi tek,
vil ingen andre ha.

Og dei har kunnskapen -

- og den fysiske styrken, som kanskje
er endå viktigare å trekkje fram.

Ja.
Det går bra.

Dette er jobben vår.

—God morgon.
—God morgon. Namaste.

Dagane startar tidleg.
Klokka seks er frukosten i gang.

Har de skrive opp smør på handlelista?

Det trengst ei solid matpakke for
å jobbe til langt på ettermiddagen.

Velkommen tilbake!
Velkommen tilbake! Kjekt å sjå dykk!

Hyggeleg å sjå deg igjen!

Ein gjeng sherpaer
er tilbake i Åndalsnes.

Dei dreg rundt på ulike prosjekt
og prøver å halde fristane.

Kom an. Hopp!

Du er for tjukk.

Det blir mykje kjøring.
Stort sett seks dagar i veka.

Fem—seks månader i strekk.

Så eg trur eg vil hamne
på 70 000—80 000 km i år.

Og det er mildt sagt veldig mykje.

Det er like mykje
som taxiane køyrer på eit år.

Men sånn er det.
Eg må på byggjemøte, -

- treffe sherpaene og
diskutere prosjekt, så eg må farte.

Vi er i rute,
både i framdrift og økonomisk.

Sherpaene set preg
på mange slike turstiar.

Over hundre prosjekt
er det blitt rundt om i landet.

—Velkommen!
—Takk, takk.

At stiane blir endra,
kan også opplevast litt sårt.

Det var artig å gå her og klyve.

Det var litt spenning oppover her.

Det er no godt.
Eg kosar meg i trappene.

Det eg er opptatt av, er -

- at ein ikkje legg trapper
der det ikkje er nødvendig.

Men mange stader var det nødvendig.
Det er kjempefint.

Og så er det bra at kvaliteten på
jobben til sherpaene er uklanderleg.

Ein fin dag.

I utgangspunktet synest eg
det er eit flott tiltak. Flotte stiar.

Det er bra for turismen
å få lettare tilkomst i bakkane her.

For det er ikkje for folk flest.
Kanskje det er greitt for nordmenn.

Men eg ser stadig
når det kjem turistar utanfrå, -

- at turar og fjell blir selt
annleis enn dei reelt opplever det.

—Er det mykje chili i maten?
—Ikkje mykje.

—Vil du ha kjøt?
—Nei.

Takk for maten!

—La oss berre sove.
—Alle er slitne etter ein lang dag.

Ja, ein kan seie mykje om sherpaer,
men sosiale er dei ikkje om kvelden.

Dei går stort sett til sengs
rett etter middagen.

Men det er også forståeleg,
med den harde jobben dei gjer.

Vi ber for at det skal gå bra,
for at det ikkje skal skje ulykker.

Til velsigning for alle.

Langt frå fjella i Noreg
er bønnene stort sett dei same.

Heime hos Sonam styrer kona.

På veggen er bilete av sonen Nima,
som er blitt heidra på norsk TV.

Dei fem månadene mennene er borte,
er det kvinnene som styrer alt heime.

Det tek ein time å gå til marknaden.

Det er mest kvinnene som disponerer
pengane som dei tener i Noreg.

Når vi er i Noreg, gjer vi arbeidet.

Ho blir igjen og tek seg av huset og
foreldra, og ho deltek i lokalsamfunnet.

Så det er ho som avgjer kor mykje
som skal gjerast i lokalsamfunnet.

Eg ber om at alle skal
ha det bra og ha ein god jobb.

Eg blir letta når vi snakkar i telefonen.

Eg er glad han er i Noreg og jobbar
og ikkje dreg på farlege ekspedisjonar.

Ho snakkar av erfaring. Mannen har
vore på fire Everest-ekspedisjonar.

Våren 2014 skulle han på den femte.

Men tilbod om jobb i Noreg
hindra det. Ein venn drog i staden.

Tidenes verste ulykke på Everest.
12 døde sherpaer, fleire er sakna.

Dette var turen han skulle på.

Kameraten som reiste,
var blant 16 sherpaer som omkom -

- i den verste ulykka på Everest
nokosinne.

Ein god venn døydde.
Eg er i djup sorg.

Før likte eg det. Men ikkje
no lenger. No vil eg redde livet.

Vi redda eitt liv,
men eitt gjekk tapt.

Det er ein tragedie.
Dei blir veldig hardt ramma.

—Går det bra? Er du litt betre?
—Betre for kvar dag.

—Ein knekt fot gir nye utfordringar.
—Sonam er byggjeleiar i min stad.

Han reiser rundt og ser
der eg ikkje kjem til. Elles ser eg.

Sonam må balansere
mellom meir ansvar i Noreg -

- og press frå landsbyfolket
som vil til Noreg.

Det kan vere vanskeleg. Folk masar.
Om dei ikkje får noko, blir dei sinte.

Vi treng gode folk.
Heiderlege folk med mykje erfaring.

Ikkje alle har erfaring,
men alle treng pengar.

Presset er stort. Sonam dreg rundt
for å sikre framdrift på prosjekta.

Sonam ber òg på ei sorg som gjer
det vanskeleg å halde fram i Noreg.

Det er vanskeleg å få til her.

Til slutt blir det
for mykje for han.

Rundt 4000 moh. i Himalaya
bur mange av sherpaene.

Eit folk som for over 300 år sidan
emigrerte frå Tibet.

Mange slo seg ned
i Khumbudalen i Nepal.

I landsbyen Kunde er mykje
i endring. Men mykje er òg som før.

Skit frå jakoksen er hovudbrenselet.

Og barn lærer tidleg å hjelpe til.

Dei eldste i landsbyen
vitnar om det gamle livet i Kunde.

Eg skal gå og hente heim dyra.

Ein snøleopard
er observert i området.

Då hastar det å få inn levebrødet.

Dyra bur i første etasje i huset.

Ja, det har skjedd store endringar.

Framfor alt har folk fått
betre levestandard enn før.

Det kjem av inntekta i Noreg.

Pengane frå Noreg har gjort
at levestandarden vår har stige.

På Sonam Norwegian Lodge
& Restaurant kjem noko heilt nytt.

Her skal landsbyens
første innedo komme.

Vi har lært mykje i Noreg -

- om korleis ein byggjer rom
og held bygningane varme.

Vi har sett det
hos Geirr og andre stader.

Her har dei fleste utedo.
Men vi skal ha toalett inne.

Då blir det enklare
for utlendingar å gå på do om natta.

For det er kaldt om natta.

Det blir også dusj inne.

I fjor tente eg pengar
til å byggje nytt hus.

Pengane eg tener i år, set eg i banken -

- for å gi dotter mi ei god utdanning.

Å få mannen heim
betyr alt for dei som har venta.

Eg veit ikkje korleis
vi skulle klart oss utan han.

Dokteren ser at folk i Kunde
har det betre enn i andre landsbyar.

Han ønskjer at fleire skal sleppe
å risikere livet på høge toppar.

Det er på tide at sherpaene finn
andre former for arbeid, om mogleg.

Eg meiner i alle fall
at dei jobbane som dei får i Noreg, -

- lovar svært bra for framtida.

Ein stor tragedie
har ramma Sonams familie.

Seremonien er
til minne om son hans.

Litlebror til Nima døydde i vinter
i ei motorsykkelulykke i Katmandu.

Sonam spør seg om det hadde vore
betre å leve det gamle landsbylivet.

Det er mykje som er vanskeleg.

Eg er i stor sorg og veldig uroleg.

Men det gjer meg godt
å jobbe og reise rundt i Noreg.

Det var ei svært vanskeleg tid.

Familien var svært lei seg
fordi vi var langt heimanfrå.

Dei ville at vi skulle vere saman.

Etter tradisjonen ber familien om at
sonen skal få det godt i neste liv.

Det er svært tungt.

Eg kan ikkje gløyme.
Eg ber han med meg i hjartet.

Å gi av det ein har, er
ein viktig del av seremonien.

Og den tanken gav motivasjon
til å jobbe vidare i Noreg.

Ein slik sjanse får vi
berre éin gong i livet.

Så vi heldt fram med
det vi gjorde, som vanleg.

Det var ikkje viktig for oss, men
for alle i landsbyen, at vi gjorde det.

På Skåri vil Geirr leggje til rette
for at sherpaene skal trivast.

Her byggjer vi på eit gompa, -

- eit buddhistisk klosteranlegg,
som skal omfatte tre bygningar.

For å forstå dei må ein
forstå heile mennesket.

Buddhismen er så viktig for dei,
for alt dei tenkjer, gjer og et, -

- at ein får betre menneske
ved å leggje til rette for det.

Kanskje vi skal bruke
ei steinhelle, slik som dette?

Ikkje så tjukk.
Den kan vi leggje over.

Nye prosjekt kjem i gang. Her er det
stien opp mot Dalsnibba i Geiranger.

Det skal ikkje vere pent, men naturleg.

Det skal ikkje sjå tillaga ut,
men som om det alltid har vore slik.

Så vi prøver å gjere som dei seier.

På Åndalsnes nærmar det seg
slutten på prosjektet.

Ein lang sesong er snart over.

Dei har gjort ganske mykje,
men framleis står det litt att.

Folk har vore nøgde,
så det har vore ein strålande sesong.

No gjeld det å avslutte med stil og
gjere mest mogleg som vi har lovd.

Då treng du ikkje norsk.

No skal dei få lønn for strevet.

Dette er kontoen din.
Den har du resten av livet.

Dei har tent 200 000 i år
på litt under fem månader.

Det tilsvarer ni års arbeid i Nepal.

Pengane er til familien min.
Alt saman går til familien min.

Det er mykje eg ikkje hadde
venta i livet, som eg har sett her.

—Kva då?
—Det er mange ting.

Folk her i Noreg ...

Eg blei overraska over ...
Eg har vore på ei fjellhytte i Fjærland.

Der hadde dei alt.

Ein kunne ete, drikke
og kjøpe ting på den hytta.

Men når folk hadde ete,
la dei igjen pengar i ei kasse.

Det ville aldri gått i Nepal.

Folk er heiderlege.

(bønn)

No har eg
teke på meg sherpahatten min.

Og eit sjal som er
litt spesielt, for det betyr ...

Det betyr eigentleg "god reise".

Det er eigentleg eit symbol
når ein ønskjer ein venn god reise.

Dette er
den siste dagen og natta på Skåri.

Og eg vil takke
for den strålande jobben de har gjort.

For meg, for Noreg
og for alle prosjekta her.

De har gjort framifrå arbeid.
Og de har eit svært godt rykte.

Når de gjer godt arbeid,
blir det fleire oppdrag neste år.

Så til neste år treng vi
kanskje 30 sherpaer. Det kan hende.

Finst det så mange i Kunde?

Eller må vi gå til nabolandsbyen?

Skål for alle sherpaene i år!

Takk skal de ha!

Takk.
Tusen takk.

Eg ser det gjer inntrykk på dei
å få så mykje pengar på kort tid.

Eg kan ikkje seie anna
enn at det gleder meg.

Endå gladare blir eg
når eg ser kva dei bruker det på.

Geirr bestemmer seg
for å bli med til Himalaya.

Første stopp er
Tenzing-Hillary flyplass, 2850 moh.

På flyplassen, oppkalla etter
dei første på toppen av Everest, -

- er alt tillaga for turistar
blant verdas høgaste fjell.

Det er veldig spennande.
Vi går tilbake fleire hundreår.

No begynner det verkelege livet.

Det er veldig pent.

—Kvar kjem du frå?
—Noreg.

Unge gutar står klare og ventar.

Å bere bagasje for turistar er
ein del av oppveksten for sherpaene.

Hest med tibetansk sal.

Geirr synest
det gjer godt å komme hit.

Ja, eg synest det er viktig å sjå
på kulturen deira. Og utviklinga.

For kvart år er det
ei viss utvikling i landet.

Det skjer mykje her,
og eg treffer mange greie folk.

Eg liker å vere her.

Herfrå må alt fraktast til fots.

—Kva gjer dei, Sonam?
—Dei reparerer stien.

På stiane opp til landsbyen er det
slitasje på grunn av all trafikken.

De skulle hatt to spett.

Eg har lært mykje
om kultur, egoisme og sånt.

Dei er gjennomgåande gode menneske
med ei heilt anna livsinnstilling, -

- der dei underordnar seg felles-
skapet, som vi såg døme på her.

Dei hjelpte til straks.
Dei stiller alltid opp.

Det gir god karma
å reparere vegen. Det blir finare.

Han gjer ein god jobb.

Det tek fleire dagar
å komme til landsbyen.

Tusen takk.

Og når dei går oppover,
er det på stiar bygde av stein.

For sherpaene er det viktig
å gå rundt dei heilage steinane.

Sherpaene lærer turistane å gå rundt
med klokka, for å få oppfylt ønske, -

- for at vandringa skal bli vellykka,
for at dei skal lykkast i livet.

Før klokka sju om morgonen
er dei unge berarane klare.

Kor gamle er dei
når dei begynner å bere slik?

Det kjem an på familien.

Dersom familien
er fattig og har problem, -

- begynner dei tidleg, når dei er
10—12 år. Men dei fleste er 15.

Det er ikkje så tungt, er det vel?

Vandringa går gjennom eit vakkert
landskap som ofte minner om Noreg.

No begynner vi
på trappa mot himmelen.

Vi får sjå om vi overlever i år òg.

Det er ein av verdas
hardaste bakkar for normale folk.

Du kan spørje kven du vil.

Denne er knallhard.

På grunn av akklimatiseringa bruker
vi fire dagar. Sherpaene bruker éin.

Det seier litt om
dei fysiologiske føresetnadene deira.

På 3480 m høgd
ligg Namche Bazar.

Her har turistane to overnattingar
før kroppen er klar til å gå vidare.

Samtidig er folk i Kunde i gang
med å førebu seg på gjestinga.

I landsbyen vil dei vise noko.
Og no ventar dei.

—Nima, blir det kjekt å komme heim?
—Ja.

Under det heilage Khumbi Yul Lha
ligg heimplassen til Sonam og Nima.

Her går mykje av praten om korleis
stiane er her samanlikna med Noreg.

På Gaustatoppen er stien breiare.
Over fire meter somme stader.

Veldig vakkert.

—Namaste.
—Takk. Namaste.

Namaste.

No er eg lykkeleg.

Det er fantastisk!

Eg har ikkje ord.

Heilt uførebudd.

Skal vi gå denne vegen?

Bestemor mi.
Mor til Sonam.

Så hyggeleg.
Imponerande!

Heile landsbyen vil takke Geirr -

- og dei i Noreg som liker arbeidet vårt,
trappene vi har bygd i fjellet.

Vi har ikkje ord
for å takke Noreg. Og særleg Geirr.

Så heile landsbyen gleder seg.
Alle som bur her, er veldig glade -

- for at vi fekk reise
til det fjerne Noreg.

Det er så fin stemning, så ...
Eg har ikkje ord for dette.

Det var ei stor overrasking. Takk.
Å komme til Kunde er å komme heim.

Eg er mållaus. Og svært takksam,
fordi dei set slik pris på det.

Eg treng tid
for å finne dei rette orda.

Eg er stolt av lokalsamfunnet mitt. Folk
er svært vennleg og samarbeidsvillige.

Og eg er stolt av Himalaya.

Desse omgivnadene.
Det er som å bu i eit paradis.

Mi erfaring ... mitt råd til dykk er
å halde på dei gamle tradisjonane.

Hugs at det er den største fordelen
sherpaene har. Det kan de tene på.

Det gjer dykk sterke.
Så hald tradisjonane levande.

Sherpakulturen er for viktig.
Tenk på kulturen dykkar som unik.

På grunn av sterkt press frå turistar
og påverknad utanfrå er dei ...

Akkurat som nordmenn har
mista nesten heile kulturen sin, -

- er sherpaene på veg mot det same.

Det skaka og skaka og skaka.
Eg sa fram buddhistiske bønner.

Brått stansa det litt,
og alle sprang ut av huset.

Våren 2015 kom det største
jordskjelvet på over 80 år i Nepal.

Over 8000 menneske døydde.

Mange av sherpaene som
skulle til Noreg, var i Katmandu då.

Få dagar seinare
kom eit nytt stort skjelv.

Denne gongen var episenteret
ikkje langt frå Everest og Kunde.

Ein som var på veg
mot verdas høgaste fjell då, -

- var Lhakpa Tshering Sherpa.

Han hadde vore med på å byggje sti
i Geiranger. Han omkom i skjelvet.

Det er huset til Mingma Nuru.

Det er huset til Sonam Dorji.

Det er huset til Ang Nuru.

Alt raste saman.

Etter det første og det andre jord-
skjelvet var 90 % av husa samanraste.

10 % av husa
var skadde og hadde sprekker.

Det var vanskeleg
for folk å greie seg.

Folk budde i telt.
Det var svært vanskeleg.

Sonam og mange som skulle til Noreg,
vart igjen i landsbyen for å hjelpe.

Men rundt halvparten kom til Noreg
for å tene pengar til gjenreisinga.

Eg har mor og syster mi der.

Veslesyster mi,
kona og son min er der.

(buddhistisk bønn)

Eg takkar onkel Sonam og Geirr
som har gitt oss dette.

Ein sjanse til å jobbe i Noreg.
Vi skal jobbe endå hardare i år.

Slik at dei kan
gi fleire frå Kunde arbeid i framtida.

Utover våren og sommaren kom fleire
sherpaer til Noreg for å jobbe.

Arbeidet gir tankar
om kva dei kan få til heime.

Når vi kjem tilbake, skal vi
prøve å byggje det fint opp igjen.

Og lage ei fin turisthytte,
så folk kan komme og få te og kaffi.

Kjempegreier!
Veldig bra arbeid!

Godt arbeid, ja.

Hausten 2015 er nokre
av sherpaene i Hjørundfjorden -

- for å opne stien
mot turmålet Saksa.

Her var fine trappetrinn.

Flotte trapper.
Så kjem vi gamle også opp.

Gamle folk kjem til toppen.
Det er dykkar forteneste.

Veldig godt!

Det har gått fantastisk
med prosjekta våre.

Det vi har utvikla av stiar,
har fått andre land interesserte.

No er det komme spørsmål frå
mange europeiske land. Det er nytt.

Det begynte å skje i sommar og haust.

—Lykke til!
—Takk.

Banda til Noreg gjer landsbyen deira
langt betre stilt enn andre i Nepal.

Denne hausten har Sonam og dei andre
bygd opp mykje som skjelvet øydela.

I Kunde er alle veldig glade.

Men pengar er kanskje ikkje
det viktigaste dei har med tilbake.

Det eg har lært og opplevd
i Noreg, er det viktigaste.

Pengane er ikkje så viktige for meg.

Pengar kjem og går. Det
eg har lært i Noreg, er viktigast.

Det vil eg ha med meg heile livet.
Når eg får barn, vil eg fortelje dei -

- at eg har vore i Noreg
og laga stiar i fjella og bygd hus.

Det er det viktigaste.