Bergensbanen minutt for minutt Legg til favoritt
Norsk dokumentar. Opplev heile togturen frå Bergen til Oslo frå orkesterplass, på dagen hundre år etter banen vart opna. Ikkje eit minutt går vi glipp av, programmet varer like lenge som heile togturen tar, altså sju timar og seksten minutt akkurat denne gongen. Slik har du aldri sett Bergensbanen, med mindre du er lokomotivførar. Fire kamera er med på toget, og i tillegg blir kvart eit svart hol i form av ein tunnel, utnytta til å ta fram arkivskattar frå Bergensbanen. Undervegs opplever du "Bergenstoget plyndret i natt", radiointervju med rallaren Martin Gjerde, som sjølv var med og bygde banen for meir enn hundre år sidan, og mykje anna frå denne vidgjetne togstrekninga over høgfjellet.
- Tilgjengelig til:
- Alltid tilgjengelig
- Tilgjengelig i:
- Verden
- Første gang sendt:
- NRK2 · Fredag 27. november 2009 kl. 19:55
- Siste gang sendt:
- NRK TV · Onsdag 25. juni 2014 kl. 15:00
- Produksjonsår:
- 2009
- Aldersgrense:
- Tillatt for alle
- Varighet:
- 7 timer, 16 minutter
- Medvirkende: Steinar Skår
- Medvirkende: Oddvar Dalen
- Medvirkende: Bengt Stenerud
- Medvirkende: Kai Rudshagen
- Medvirkende: Kjell Hamre