Amerikansk drama frå 1927.
"The Jazz Singer" er den første lydfilmen som vart laga. Vi møter Jakie Rabinowitz, son av ein jødisk prest, som ønskjer å syngje jazz. Faren er sterkt imot det, og sonen snur ryggen til familien og tek namnet Jack Robin. Det er først på dødsleiet til faren at far og son finn tilbake til kvarandre.
Med Al Jolson, May McAvoy, Warner Oland, Eugenie Besserer og Otto Lederer.
Regi: Alan Crosland.