No. dokumentarfilm. Framtida gir oss førarlause bilar og fjernstyrt kirurgi. Teknologien krev presisjon og navigasjon på millimeteren. FN oppmodar alle nasjonar til å vere med og jakte på den eksakte posisjonen. Arbeidet skal syte for ein trygg teknologi, betre navigasjon i redningsarbeid, og ein større presisjon i målingar om klimautvikling. Jakta tek oss med til Svalbard, Sør-Afrika og heilt til det ytre verdsrommet.