Sp. dokumentar. Ni av ti ting du har i heimen er produsert i utlandet og frakta hit med skip. Frakteindustrien er ein nøkkelspelar i verdsøkonomien, men er ein industri som få ser noko til. Skipa deira har eigne hamner med høge gjerder, ute av syne for allmenta. Kven styrer denne enorme pengemaskina? Kor stor innverknad har industrien på verdspolitikken, miljøet og for ikkje å snakke om liva til sju milliardar menneske? (Freightended, The Real Price of Shipping)