Svensk dokumentar. Borneos regnskog er snart borte, og omsynslause og korrupte politikarar med globale forbindelsar har late det skje. Etter å ha flykta frå Borneo har aktivisten Mutang Urud budd 20 år i eksil i Canada. Han får vite at nokon skal bygge store dammar i heimlandet. Det kan setje heimbyen hans under vatn og øydeleggje den siste resten av regnskogen. Mutang Urud må reise heim, sjølv om det kan setje både han sjølv og andre i fare. (The Borneo Case)