Da./no. dokumentar. Ei ørkenbille inspirerer eit prosjekt som har som mål å forsyne nokre av dei tørraste områda i verda med vatn, mat, energi og arbeid. Zoologen og ingeniøren Bill Watts og kollegaene i The Sahara Forest Project vil utvikle teknologi som gjer det mogeleg å frakte saltvatn inn i ørkenen og omdanne det til ferskvatn og energi til drivhus. Utviklingsarbeidet er krevjande, og i tillegg støyter dei på kulturelle og byråkratiske utfordringar. Har Bill og teamet det som skal til for å få realisert drøymen om ein grøn ørken? (Green Deserts - There Will Be Water)
Se også
Mer informasjon
Tilgjengelig fra:9. oktober 2016 kl. 20:00
Tilgjengelig til:31. august 2019 kl. 23:59
Tilgjengelig i:Norge
Aldersgrense:A
Lengde:59 minutter
Originaltittel:Green Deserts - There Will Be Water