Br. dokumentar. I 2010 starta opprullinga av ei av Storbritannias største overgrepssaker. Ei gruppe menn lokka til seg svært unge jenter, også mindreårige, og misbrukte dei seksuelt. Dei blei blant anna gjengvaldtekne og selde vidare til andre sex-gjengar. Eit kamerateam fekk følgje etterforskinga gjennom tre år. Den omfattande etterforskinga, kalla Operation Chalice, avdekte over 100 offer og rundt 200 mistenkte gjerningsmenn. Korleis kunne dette gå føre seg i eit moderne Storbritannia? (Hunt for Britain's Sex Gangs)