Am. dokumentar. Løynde agendaer og virtuell krigføring truger industrien og økonomien i heile verda. I 2010 blir dataormen Stuxnet oppdaga. Dette er ei vondsinna programvare designa for å spionere og skade industrielle system. Ormen skal vere designa av USA og Israel for å sabotere det iranske atomprogrammet. Men kva skjer når ormen spreier seg vidare? (Zero Days)