Kan. dokumentar. Spionen og leigemordaren Sylvia Rafael var den israelske etterretningstenesta Mossads fremste kvinnelege agent. Men ein fatal feil i 1973 vart slutten på karrieren hennar. Saman med kollegaene sine drap ho den uskuldige Ahmed Bouchikhi i den mykje omtala Lillehammer-saka. Dei trudde Bouchikhi sto bak massakren på israelske OL-deltakarar i München året før. Sylvia vart dømt til livstid, men fekk dommen redusert til 15 månader fengsel. Seinare gifte ho seg med advokaten sin, Annæus Schjødt. (Sylvia: Tracing Blood)