Lagmannsrettssaka i Trondheim var den lengste i norsk rettshistorie. Tiltalen den mest omfattande: 25 drap. "Våpenet" skulle vere curacit - eit ukjent drapsvåpen for politiet. Det fanst ingen tekniske prov. I programmet ser ein på dilemmaet vitna stod i. På den eine sida: Mistanken om drap. På den andre: Redsle for å knuse ein uskuldig.