For aller første og sikkert siste gong vart det arrangert ein stor konsert på eit aluminiumsverk. Hydro rydda ein av produksjonshallane sine i Høyanger for å skape ei historisk konsertoppleving. Aluminium og anodar vart bytta ut med publikum påført hjelmar og artistar på ei scene av aluminiumsblokker. For 100 år sidan gjekk Høyanger frå å vere ei veglaus grend ved Sognefjorden, med nokre få hus, til å bli ein travel og viktig industristad i Norge. På scena under denne konserten står artistar som Thea Hjelmeland, Eva & The Heartmaker, Odd-Erik Lothe, Karl Seglem og Line Dybedal. Programleiar er Finn Tokvam.