Tone Damli, Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad og Olav Stedje har musikken og heimfylket til felles. Felles har dei også draumen om å få spele musikken sin med eit stort symfoniorkester. Saman med fire andre artistar og band fekk dei i november spele med Kringkastingsorkesteret, då dei gjesta for å feire Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum.