Noreg er mellom dei fremste skipsfartsnasjonane i verda og har vore det lenge. Korleis kunne eit lite land som Noreg bli ei stormakt på havet, og kva har det gjort med oss?
Mange tusen norske sjøfolk og passasjerar har mista livet på havet i fredstid. Det er ikkje alltid me får veta korleis det gjekk til. Me skal møta Stein Gabrielsen. Ein mann som mista alle kollegaene sine i ein storm i Atlanterhavet i 1973. Berre ein kom tilbake.