Noreg er mellom dei fremste skipsfartsnasjonane i verda og har vore det lenge. Korleis kunne eit lite land som Noreg bli ei stormakt på havet, og kva har det gjort med oss?
Norsk dokumentarserie. (4:4)
Få næringar har hatt meir å seie for utviklinga av det norske samfunnet enn skipsfarten. Men kva har skipsfarten gjort med oss? Og kva har samfunnet gjort med skipsfarten? Arne Hjeltnes leitar vidare etter forklaringar på korleis Noreg vart ei stormakt på havet.