Mange synst at mørketida kan vere tung og trist, men for filmfotograf Tor Sivertstøl er denne tida fasinerande. Han har i mange år vore fotograf på serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og han har opp gjennom åra vorte glad i den mørkaste tida her i Norge. Det er akkurat på denne tida av året ein ser lyset som best. Fotografen tek deg med på ei reise frå Vestlandet til Vesterålen på jakt etter lyset. Og på reisa møter han andre personar som også har eit spesielt forhold til mørketida.