Severin er ein moderne einebuar på eit veglaust nes på Sunnmøre. Den store lidenskapen hans er hjortejakt, men det finst mange måtar å jakte på. Ein av dei er å lokke til seg hjortebukkane ved å prøve å etterlikne dei. Dette er så sterke saker at det å skyte hjorten ikkje blir viktig, seier Severin. (10:12)