I 1990 omkom fem menneske i ei tragisk flyulykke på Værøy i Lofoten. Etter det vart den vérutsette flyplassen stengd. Vel ti år seinare kjøpte Remi Johansen, ein ung mann frå Værøy, flyplassen og gjorde han om til heim. Seinare har kjærasten hans også flytta inn, og no bur familien i terminalbygningen, samstundes med at dama driv sjokoladefabrikk i botnen av flytårnet. Sesong 8 (1:7)
29 min
Sesong 8
2009
Sesong 8 7 episoder
-
1. VærøyI 1990 omkom fem menneske i ei tragisk flyulykke på Værøy i Lofoten. Etter det vart den vérutsette flyplassen stengd. Vel ti år seinare kjøpte Remi Johansen, ein ung mann frå Værøy, flyplassen og gjorde han om til heim. Seinare har kjærasten hans også flytta inn, og no bur familien i terminalbygningen, samstundes med at dama driv sjokoladefabrikk i botnen av flytårnet. Sesong 8 (1:7)29 min
-
2. AldalI førti år har ekteparet Margot og Per Bjørvik levd på den veglause garden Aldal i fjella nord for Bolstadøyri i Hordaland. Livsgrunnlaget har vore ein flokk sauer og ein suvenirfabrikk som Per har starta. Varene blir frakta med taubane, medan dei sjølve tek seg fram på ein firehjuling etter ein humpete stig. No er Margot pleietrengjande, men Per står på og steller henne, for i Aldal aktar dei å bli. Sesong 8 (2:7)28 min
-
3. SvinøynaOla Braanaas er rik, men han er ikkje som rikingar flest. Han bur åleine i ei ombygd husmannsstove på ein holme i havet, Svinøyna i Gulen. Han har brukt 35 milllionar kroner på å berge ein gammal handelsstad frå forfall, og han reknar ikkje med å få dei tilbake. Det er betre å bruke pengane på kultur, på noko som varer, enn å rote dei vekk på børsen, seier Braanaas. Sesong 8 (3:7)29 min
-
4. HasfjordElse Juliussen frå den mest folketomme havgrenda Hasfjord i Finnmark er ei fargesprakande kvinne og ein miskunn samaritan.29 min
-
5. MøsstrondDei lever på ein av dei høgstliggjande gardane i landet, og dei bur tre mil frå næraste bilveg. Anne Gro var høggravid då ho saman med Åsmund for meir enn tjue år sidan flytte til Argehovd på Møsstrond, slektsgarden hans. Der har ekteparet Løvås levd av sauehald og turisme, og der har dei fostra to døtrer, som i alle skuleår måtte bu på internat. Verken foreldra eller jentene er lei seg for at dei valde Argehovd. Sesong 8 (5:7)28 min
-
6. HvalerTore Amarius har levd eit turbulent liv, med rus, vald og oppløyste forhold som nokre av ingrediensane. Då han vart buddhist, tok livet ei ny vending. No lever han saman med kone og son som dei einaste fastbuande på Nordre Sandøy på Hvaler, og der har han og Lene prøvd å få ungdom med ein vanskeleg bakgrunn på rett kjøl att. Men sommaren for tre år sidan hende noko dramatisk som igjen skulle gjere livet til Tore Amarius vanskeleg. Sesong 8 (6:7)29 min
-
7. RomsdalenMarit Kvam og Arnfinn Lislien møttest på ein landbruksskule. Dei skulle bli bønder. Men i staden for å finne seg ein stor og lettdriven gard valde dei eit brattlendt og steinete småbruk på den veglause sida øvst i Romsdalen. I bakkane i Brulia er ljåen og riva framleis viktige reiskapar. Dessutan haustar dei ei seter, medan dei har krøtera på ei anna. Dei gjer det for å halde tradisjonane levande og kulturlandskapet i hevd. Sesong 8 (7:7)28 min