Utan dei ville verda stått stille. Dei har mange jern i elden, er fantasifulle og ukonvensjonelle. Dei stormar fram - og skapar framtid for folk og samfunn. Norsk dokumentarserie.
Norsk dokumentarserie. Torgeir Straand frå Bø i Telemark er framgangsrik forretningsmann, oppfinnar, bonde, spelemann, - og uredd gründer. Hausten 2012 hadde han to selskap og elleve tilsette. Eit år seinare er han involvert i elleve selskap med 50 tilsette. Det er undervassteknologi for oljebransjen som er Torgeir sitt spesialfelt, men han er og oppteken av reiseliv og kulturopplevingar. Og han meiner det er mogleg å dra erfaringar frå bondekulturen med seg når kompliserte teknologiske løysingar skal pønskast ut for oljebransjen. Telemark skal på teknologikartet, det er Torgeir sin draum! (5:6)