Utan dei ville verda stått stille. Dei har mange jern i elden, er fantasifulle og ukonvensjonelle. Dei stormar fram - og skapar framtid for folk og samfunn. Norsk dokumentarserie.
Norsk dokumentarserie. Ronja Gujord frå Kristiansund tok i ein alder av 21 år over sirkus Zorba etter far sin. Med det fekk ho ansvaret for tretti sesongtilsette og eit sirkus som kvar sommar turnerer 10 000 kilometer med bilar, folk og dyr - land og strand rundt - og gjennomfører over 150 forestillingar. Sirkusbransjen slit i motbakke, men Ronja gjev ikkje slepp på draumen sin. Det er ein hard kamp... (3:6)