Utan dei ville verda stått stille. Dei har mange jern i elden, er fantasifulle og ukonvensjonelle. Dei stormar fram - og skapar framtid for folk og samfunn. Norsk dokumentarserie.
Norsk dokumentarserie. Ei hyllest til skaparkrafta, seier NRK-reporteren Dag Indrebø. Han har reist landet rundt og møtt folk som set mykje på spel for å fylgje sine draumar. I det første programmet møter vi Stine Åsland. Ho hoppa av skulen, kjøpte bensinstasjon og hadde 17 tilsette i ein alder av 21. Drifta av stasjonen gjekk så måteleg - bortsett frå eit forrykande vaffelsalg. Då vart ideen fødd. Stine ville skape verdas største vaffelselskap. (1:6)